Regjeringa kjempar i eit nytt brev til Brussel for at gamle norske vasskraftverk framleis skal kallast berekraftige.
På botnen av brevet stod signaturen til energiminister Terje Aasland og klima- og miljøminister Andreas Bjelland-Eriksen – men også signaturen til finansminister Jens Stoltenberg.
Miljørørsla reagerer kraftig. Dei meiner regjeringa vatnar ut EUs miljøreglar for å verne eigne kraftinteresser.
Generalsekretær i Sabima, Einar Wilhelmsen, tolkar Stoltenberg-signaturen som eit forsøk på å utnytte auraen og autoriteten til den tidlegare generalsekretæren i Nato.
– Vi er djupt bekymra for at Finansdepartementet med Jens Stoltenberg, med den høge statusen sin og store tillitskapital, stiller seg bak dette.
– Eit slikt brev blir lagt merke til i Brussel, og blir her brukt til å svekke EU-kommisjonens arbeid for berekraftig bruk av Europas vatn, seier Wilhelmsen.
Fryktar «svartelisting» av vasskraft
Striden står om EUs taksonomi – det nye systemet som avgjer kva investeringar som er grøne nok for Europa.
Dei som får det grøne stempelet, sikrar seg billigare lån og pengar frå investorar.
Regjeringa fryktar at store delar av norsk vasskraft kan miste dette stempelet. I brevet argumenterer dei for at EUs finansreglar må harmoniserast med dei unntaka og ordningane som Noreg praktiserer.
Naturvernforbundets leiar, Truls Gulowsen, meiner Stoltenberg-brevet i praksis prøver å grønvaske gamle miljøsynder:
– I Noreg har vi mange gamle vasskraftverk som hakkar opp fisk, manglar vandringsmoglegheiter og lèt etter seg heilt tørrlagde elvestrekningar. Det held ikkje mål å rekne at alle desse skal innfri berekraftsforventningane til vasskraft, seier Gulowsen.
Generalsekretær i Sabima, Einar Wilhelmsen, meiner regjeringa kynisk utnyttar den store tillitskapitalen til Jens Stoltenberg i Brussel for å vatne ut europeiske miljøkrav.
Foto: Philip Jason Omollo / NRKOmkamp om Førdefjorden
Samtidig som taksonomien blir diskutert, skal EU revidere det sentrale Vassdirektivet. Dette skjer i samband med overgangen til kritiske råvarer (Critical Raw Materials Act).
Her tek den norske regjeringa til orde for at krav til reinleik ikkje sett kategorisk stopp for nye industriprosjekt.
Forslaget treff midt i den bitre striden om gruveavfall i Førdefjorden. Her ønskjer regjeringa større nasjonalt handlingsrom for å sleppe unna dei strengaste miljøkrava.
– Den norske regjeringa har lagt seg på ei ekstremt problematisk linje. At dei vil verne norsk industri og kraftsektor er éin ting, men her går dei aktivt inn for å undergrave sjølve intensjonen i det europeiske miljøregelverket, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet.
Regjeringa avviser miljøsvekking
Statssekretær Marte Haabeth Grindaker (Ap) i Energidepartementet avviser at dei prøver å «vatne ut» EUs miljøkrav.
Ho viser til at regjeringa gjer akkurat det dei skal gjere: kjempe for norske interesser.
– Det gir svært lite meining at norsk vasskraft kan risikere å ikkje få like vilkår som andre energiteknologiar når dei bidrar med akkurat det energisystemet treng, nemleg utsleppsfri og stabil energi.
Ho legg til:
– Arbeidarpartiregjeringa er på jobb for norske interesser, noko anna skulle berre mangle.
Statssekretær i Energidepartementet, Marte Haabeth Grindaker (Ap), avviser at regjeringa prøver å vatne ut krava, og meiner det er heilt rett å kjempe for rammevilkåra til norsk vasskraft i Brussel.
Foto: EnergidepartementetStatssekretæren forklarer at målet er at EUs nye finansreglar skal samsvare med unntaka som allereie ligg i Vassdirektivet.
Ho meiner det vil vere «direkte urimeleg om EUs regelverk stikk kjeppar i hjula for norsk fornybarbransje».
– Når EU-regelverk kan påverke Noreg, er det rett og naturleg at Noreg har kontakt med EU om dette, og vi opplever at norske innspel om vasskraft blir ønskte velkomne i EU, seier Grindaker.
Det er venta at EU-kommisjonen vil vedta dei endelege, oppdaterte reglane i løpet av hausten.
Publisert 04.07.2026, kl. 18.05













English (US)