Kjøp av eteleg mengde mat- og drikkevarer frå daglegvarebutikkar auka mellom 2018 og 2023, viser heilt nye tal frå Statistikk sentralbyrå.
Auken gjeld for nær alle matvaregrupper.
– Tala for 2023 viser mellom anna at me kjøper meir kvitt kjøt og mindre raudt kjøt enn tidlegare, seier Trond Ekornrud, seniorrådgivar ved seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk i SSB.
Matvaregruppene «Fisk, sjømat, produkt av fisk og sjømat» og «Olje, smør, margarin», hadde begge ein liten nedgang. Dette var elles dei to matvaregruppene som hadde størst auke i pris mellom 2015 og 2023.
– Nordmenn kjøpte over dobbelt så mykje sukkerfri brus
Den største mat- og drikkevaregruppa i 2023 var «Drikkevarer utan alkohol» med 166 liter per person.
Nordmenn kjøpte mellom anna i gjennomsnitt vel 112 liter sukra og søte drikkevarer utan alkohol frå daglegvarebutikkar i 2023. Dette er ein auke på 29 liter per person frå 2018.
– Nordmenn kjøpte over dobbelt så mykje sukkerfri brus som sukra brus i 2023. Utviklinga i perioden 2018 til 2023 viser at det blir stadig meir vanleg å drikka sukkerfri brus framføre sukra brus, seier Ekornrud.
I tillegg er det ein stor auke i kjøp av ulike energidrikkar.
Drikkevarer utan alkohol var den største matvaregruppa i 2023.
Foto: Selene Fjellvang Lie / NRKDen nest største matvaregruppa som nordmenn kjøpte i daglegvarebutikkar i 2023 var «Mjølk, mjølkeprodukt og egg.
Vi kjøpte også meir brød og meir frukt.
– Resultata for 2023 viser også at karbohydrat og feitt var dei to energigivande næringsstoffa den kjøpte maten inneheldt mest av. Dette er som forventa og er relativt stabilt gjennom heile perioden 2018 til 2023, seier Ekornrud.
Kosthaldsråda i fjor sa at ein bør eta lite raudt kjøtt og eta med glede, ifølge Helsedirektoratet.
Ein rapport frå Helsedirektoratet like før jul i fjor viser at kosthaldet vårt er langt unna det som er anbefalt.
Vi et blant anna mindre fisk og sjømat enn tidlegare, og meir metta feitt.
Publisert 05.05.2025, kl. 08.42 Oppdatert 05.05.2025, kl. 08.47