Tusenvis av brukarar har meldt at dei har problem med ulike Microsoft-teneste over heile verda.
Ifølge Downdetector er det problem med blant anna Office 365, Minecraft, X-Box Live, Google og Amazon.
I Noreg førte problema også til vanskar med å logge seg på blant anna SAS, Helsenorge og Nav, melder NTB.
Microsoft seier at problema skuldast det dei kallar ei utilsikta endring i skytenesta Azure, og at dei jobbar for å få løyst problema.
Problem med BankID og Vipps
I Noreg har brukarar av BankID hatt problem med å logge seg på frå klokka 17 onsdag.
Om lag ein halvtime seinare fungerte tenesta igjen for dei fleste. Folk blei oppfordra til å prøve å logge inn på nytt dersom dei ikkje lukkast på første forsøk.
Fleire hadde problem med å logge seg på med BankID onsdag.
Foto: Skjermdump / NRKProblema med BankID gjorde det også til tekniske problem med innlogginga på Vipps. Det gjekk fint å vipse pengar, men ein kunne ikkje bruke tenesta til å logge seg på andre nettstader.
Også nettsidene til Vipps var nede ei stund.
Følger med
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) seier dei følger med på situasjonen onsdag kveld. Det er sårbart når store mengder digital informasjon er konsentrert på få store leverandørar, seier pressevakt Marit Hverven til NTB.
– Dersom desse store leverandørane får problem, rammar det ofte svart mange verksemder og tenester samtidig i mange land.
Ho rår dei som er ramma om å lytte til leverandørane, og sette inn eventuelle tilrådde tiltak dei kjem med.
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Foto: Julie Helene Günther / NRKDigitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) seier til NTB at problema onsdag viser kor avhengige vi har blitt av tenester på internett, og kor viktig digital sikkerheit og beredskap er.
– Problema med innlogging via blant anna ID-porten med BankID skuldast globale problem med Microsoft Azure. Men det rammar oss alle, seier ho.
Publisert 29.10.2025, kl. 20.30 Oppdatert 29.10.2025, kl. 20.54






















English (US) ·