Droneangrepa er ifølge Ukraina det største angrepet i krigen til no.
– I dag var eit av dei største angrepa på Kyiv. Dei siste nettene har det vore massive angrep i staden for våpenkvile.
Det skriv Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj på Telegram.
Eksplosjon frå ein drone i sentrum av Kyiv.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTBMinst ein person blei drepen, og fleire menneske er skadde etter angrepet.
Det russiske angrepet skal ha gjort store skadar på byane sin infrastruktur.
Øydelagt infrastruktur
I hamnebyen Odesa har angrepet ført til brannar og store øydeleggingar på infrastruktur.
– Russarane angreip ein fødeklinikk, ein akuttmedisinsk klinikk og bustadar, skriv guvernør i Odesa Oleh Kiper på Telegram.
Ifølge Kiper blei ein person drepen og fleire såra under eit angrep på bustadar i sentrum av byen.
I Kyiv står fleire bygningar i brann etter droneangrepa.
Foto: Thomas Peter / Reuters / NTBI Kyiv skal bustadar, kontorbygningar og industribygg i seks bydelar vere øydelagt.
Også her skal fleire vere skadde, men det er foreløpig ikkje melde nokon dødsfall.
Ifølge Zelenskyj skal Russland ha brukt totalt 315 dronar mot Ukraina.
Det gjer droneangrepet til eit av dei største i krigen.
Kyiv og Odesa opplevde russiske droneangrep natt til tysdag.
Etterlyser handling frå USA og Europa
Ukrainske myndigheiter har venta russiske angrep.
Det etter å ha gjennomført eit stort angrep mot russiske militærfly på fleire flyplassar i Russland, i starten av juni.
No håpar Zelenskyj at verda legg ytterlegare press på Russland for å komme nærmare ein fredsavtale.
Eit barn og ei kvinne søker dekning i ein metrostasjon under droneangrepet i Kyiv.
Foto: Zoya Shu / AP / NTB– Det er viktig at responsen på dette og liknande russiske angrep ikkje er tausheit frå verda, men konkrete handlingar. Det er behov for hardt press for fred.
Det skriv presidenten på Telegram tysdag morgon.
Presidenten etterlyser handling frå USA og Europa i arbeidet for fred.
Ingen våpenkvile
Den siste tida har det vore fleire rundar med fredsforhandlingar for å få slutt på krigen.
Men til no har det ikkje blitt einigheit om ein fredsavtale.
Tyskland sin forbundskanslar, Friedrich Merz, besøkte førre veke USA sin president Donald Trump.
Merz meiner at Trump er ein nøkkelperson i arbeidet med å få ein slutt på krigen.
Forbundskanslaren bad presidenten om å legge press på Russland.
Trump skildrar krigen som ein krangel mellom to barn.
– Av og til er det betre å berre la dei kjempe ei stund, og deretter dra dei frå kvarandre, sa Trump.
Nye samtaler mellom Russland og Ukraina trass angrepet i helga
- Kva har skjedd?
Sundag kom det fleire meldingar om droneangrep ulike stader i Russland. Ifølgje ein talsperson for den ukrainske tryggingstenesta SBU skal over 40 russiske militærfly ha blitt treft.
Eitt av angrepa retta seg mot ei militæreinheit i Sibir, det fyrste kjende ukrainske droneangrepet så langt aust, over 4000 kilometer frå den ukrainske grensa.
Også Murmansk, om lag 220 kilometer frå Kirkenes og nesten 2000 kilometer frå Ukraina, skal ha blitt råka, ifølgje den lokale guvernøren.
- Får angrepet følgjer for samtalene?
Delegasjonar frå Ukraina ogRussland er på plass i Tyrkia, der er det venta at dei skal ha dei planlagde samtalene om våpenkvile og fangeutveksling i Tyrkia.
Dette blir andre gong sidan den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 at partane møtest for forhandlingar.
Russland krev at Ukraina skal vere nøytralt, ikkje bli med i Nato, og berre ha eit avgrensa forsvar. Samstundes krev Russland full kontroll over dei fire austlege regionane – også dei delane dei ikkje har okkupert.
Ukraina på si side krev at desse regionane ikkje skal bli anerkjende som russiske.
- Kva kan bli utfallet av forhandlingane?
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har sagt at han ønskjer direkte samtalar med Putin, og meiner det må eit direkte møte til for å kome vidare.
Mange håpar at landa kan bli samde om ei våpenkvile og ein plan for fangeutveksling.
Nokon dagar seinare blei det gjennomført fredsforhandlingar mellom Russland og Ukraina i Tyrkia.
Samtalane resulterte ikkje i ei våpenkvile.
Partane blei einige om endå ein runde med utveksling av krigsfangar, rundt 1000 i talet på begge sider. I tillegg vil dei begge overlevere 6000 falne soldatar til kvarandre.
Interessert i meir utanriksstoff?
Høyr podkasten vår her:
Publisert 10.06.2025, kl. 11.13 Oppdatert 10.06.2025, kl. 11.23