Super Bowls pauseshow: – Ein maktdemonstrasjon

8 hours ago 3



– Det verkar som ein heilt herleg maktdemonstrasjon, seier Adelina Ibishi.

Ho er programleiar i NRK P3, og fan av Bad Bunny.

Mann smiler mot kamera

Benito Antonio Martinez Ocasio (Bad Bunny) er ein artist frå Puerto Rico.

Foto: Jordan Strauss/Invision/AP / NRK

I haust blei det annonsert at artisten frå Puerto Rico skal leie årets pauseshow under Super Bowl.

Han var den mest strøymde artisten i fjor.

  • Adelina Ibishi

    Adelina Ibishi

– Ein langfinger til politikarane, rett og slett.

Årets pauseartist Bad Bunny er sterk motstandar av Trump, og har ikkje halde igjen på å kritisere presidenten.

Sist Bad Bunny uttalte seg om Trump var då han vant Grammy for beste album.

I tillegg er han sterk motstandar av ICE, og har valt å ikkje spele nokon konsertar i USA i frykt for at ICE vil møte opp.

Ikkje alle diggar valet

– Det er eit forferdeleg val. Det einaste dette gjer, er å spreie hat.

Dette sa president Donald Trump då han blei spurd kva han tenkte om at artisten Bad Bunny blei vald ut til å leie pauseshowet.

Mann ser vekk fra kamera

Trump seier han ikkje veit kem Bad Bunny er.

Foto: AP

– Eg er imot han, sa han, før han også hevda at han aldri hadde høyrt om artisten før.

Mange i Maga-bevegelsen liker heller ikkje at Bunny syng på spansk.

Hør litt av Bad Bunny:

Super Bowl er den årlege finalekampen i den amerikanske fotballigaen NFL, og er ei stor hending ikkje berre i USA, men også verda rundt.

Også utruleg mange ser pauseshowa under Super Bowl, i fjor sette rapparen Kendrick Lamar sjåarrekord med 133.5 millionar sjåarar.

Skal du sjå Super Bowl?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Booker amerikansk band

Stemninga blei ikkje betre då det amerikanske bandet Green Day blei booka

Dei har mellom anna endra teksten i låten sin «American Idiot».

Green Day

Green Day har lenge vore uttalt om at dei ikkje liker Trump.

Foto: Ap

Linja «I’m not a part of a redneck agenda» blei bytt ut med «I’m not a part of the Maga agenda».

– Det verkar som Green Day blei booka fordi amerikanarar meinte nokre av dei som skal opptre må synge på amerikansk, seier Adelina Ibishi.

– Dei snakkar engelsk, men hatar også Trump. Det verkar som enda ein langfinger, eigentleg.

Lagar mot-show

No har Maga-bevegelsen valt å komme med eit protestarrangement som svar på valet av Bad Bunny.

«The All-American Halftime Show» blir arrangert av stiftinga til den avdøde Charlie Kirk, Turning point USA, som nå blir leia av hans kone, Erika Kirk.

Protestarrangementet skal gå samtidig som Super Bowl-pauseshowet, og vil berre ha Trump-positive artistar, blant anna artisten Kid Rock.

Trum, Kid Rock og Musk på brytekamp i Madison Square Garden

Artisten Kid Rock saman med Trumpg og Elon Musk.

Foto: AFP

– Det er bra PR for Turning point USA, seier sjølvutnemnd USA-ekspert, Gjermund Stenberg Eriksen.

  • En voksen mann sitter i en kontoromgivelse, iført en grå genser. Bakgrunnen viser skap og stoler. Belysningen er dempet, og det er utydelige figurer i bakgrunnen. Mannen ser på kameraet med en alvorlig uttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gjermund Stenberg Eriksen

Han meiner valet av Bad Bunny openberr er politisk.

– Det er viktig for NFL å ivareta dei forskjellige kulturane på banen, derfor vel dei Bad Bunny.

– Prøver å utvide sporten

Ikkje alle er sikre på at det er politisk.

– NFL har lenge prøvd å spreie amerikansk fotball til fleire land.

Mattis Holt er sportsjournalist i VG. Han trur det kan ligge ein meir nøytral grunn til å velje Bad Bunny som pauseartist.

– Dei speler mellom anna kampar i Mexico og Brasil, og neste år skal dei spele i Australia for første gong, seier Holt. Dei prøver å spreie sporten.

  • Mattis Holt

    Mattis A. Holt

    • Journalist i VG med spisskompetanse på amerikansk sport

Derfor trur han valet av Bunny kan ha samanheng med at han er ein verdskjend artist som syng på eit anna språk, og ikkje politisk.

– Men ein kan ikkje utelukke at det er politisk, sjølvsagt.

Vil utplassere ICE

Temperaturen rundt krangelen auka også endå meir da tryggingsminister i USA, Kristi Noem, varsla at ho vurderer å utplassere ICE-agentar på stadion.

Ifølge Noem skal agentane pågripe personar som ikkje er «lovlydige amerikanarar som elskar landet vårt».

Publisert 08.02.2026, kl. 21.35 Oppdatert 08.02.2026, kl. 22.03

Read Entire Article