Svært sjeldan fugl dukka opp om bord i lastebåt: – Observert to gongar i Noreg

2 weeks ago 24



Anne-Maren Govasli var straks ferdig på jobb, då ho fekk seg ei overrasking sist fredag.

– Vi lasta stein i båten og då vi var ferdig, såg vi den skapningen på kaia der. Då fann vi ut at det var den fuglen, seier ho til NRK.

Den sjeldne fuglen med sine karakteristiske trekk hadde forvilla seg om bord i ein lastebåt som kom til Velfjord i Brønnøysund, frå Elnesvågen i Møre og Romsdal, for å hente kalk.

– Det er jo ein heilt flott og fantastisk fugl. Den fjørdrakta, det var jo nesten så eg skulle kalle det magisk. Stilig og rein i fjæra. Skikkeleg glansspel, vil eg kalle det.

Men fuglen var verken redd eller pågåande. Han berre sat der for seg sjølv, og letta heller ikkje.

Mista kompanjongen

Det var ein stor og kraftig ful, fortel Govasli.

Fleire på dekk begynte å synest synd i han, sidan det ikkje var mat om bord til fuglen. Derfor fekk han kome på land i Velfjorden.

– Det verka som han var litt overvelda. Han visste ikkje kor kompanjongen var, dei er jo flokkdyr, dei der.

Ho har fått mange reaksjonar frå vener som har sett videoen:

– Det er jo veldig mange som synest det var veldig kult og flott, då.

Govasli håpar at fuglen har det bra no når dei ikkje veit kor den har tatt vegen.

– Ja, det håpar eg. Eg har sagt det til dei neste som kjem på jobb at vi må berre følge litt med.

– Var kanskje litt klein

Fordi mannskapet var usikre på om fuglen var frisk eller ikkje, blei Steve Saltermark BirdLife Noreg Sør-Helgeland, kontakta.

– Men før vi fekk gjort noko har fuglen ordna dette sjølv.

Albatrossen hadde tatt vengene fatt. At han i det heile tatt er å sjå i området er svært uvanleg.

– Etter det vi kjenner til er han berre observert to gongar tidlegare i Noreg, og aldri i Nord-Noreg før. Hans område er Sør-Atlanteren.

Dei tidlegare observasjonane er utanfor Frøya i Trøndelag i 1995 og utanfor Kristiansund i 2007.

Steve Saltermark i BirdLife Norge, Sør-Helgeland lokallag

Steve Saltermark er leiar i lokallaget for Birdlife på Sør-Helgeland.

Foto: Privat foto

Fantastisk flygeevne

Saltermark er ikkje uroa for albatrossen si framtid. Fuglen har nemleg fantastisk flygeevne.

– Så lenge han finn seg mat kan han klare å rote seg tilbake til sine område etter kvart.

Albatrossar kan nemleg halde seg i lufta i fleire månader utan å flakse med vingane.

For å klare dette bruker albatrossen ein teknikk kalla DS-flyging.

Ved å svinge seg mellom område med rask og langsam vind utnyttar de vinden maksimalt.

Ein albatross kan nå hastigheiter på 130 km/t.

Det finst ingen fasit på kvifor albatrossen berre sat der utan å lette på vingane. Men Saltermark har sine hypotesar.

– Det er jo slik i dyreverda som i menneskeverda. At ein blir sliten. Så kanskje han har vore kurin på eit vis.

– Kva er det?

– Sånn småklein. Småsjuk, ikkje heilt i form.

Gulnesealbatrossen hekkar i Sør-Atlanteren, primært på Tristan da Cunha-øyene og Gough Island.

Har registrert funnet

Saltermark meiner det er lite til ingen tvil om kva fugl dei har vore vitne til. Det gule feltet på heile oversida av nebbet, er eit ganske tydeleg kjenneteikn.

– Det er normalt at ein opplever slike unormale ting, men det er gjerne veldig langt mellom. Og så viser det jo litt korleis naturen vår er.

Registreringa er no lagt inn i lista over artsobservasjonar.

Publisert 14.04.2025, kl. 11.01

Read Entire Article