Noreg var revansjelystne etter OL-stafetten, men det vart for langt opp til dei argaste konkurrentane Frankrike og Sverige under kvinnestafetten i skiskyting i finske Kontiolahti.
Dei følgde kvarandre tett gjennom dei første etappane, men Knotten fekk for mange bom på Noregs tredje etappe.
– Det var veldig svakt å få ein strafferunde og bruke seks ekstraskot på sin etappe, sa Ola Lunde.
Sverige og Hanna Øberg stakk frå i tet og bak følgde Frankrike med Océane Michelon. Det vart også sluttresultatet.
Maren Hjelmeseth Kirkeeide gjekk ut i fjerdeposisjon med klatra forbi Tsjekkia og opp på pallen.
Frankrike vann den totale stafettcupen samanlagt framfor Sverige og Noreg.
Ingrid Landmark Tandrevold fekk sjansen på 2. etappe og det var venta stor spenning rundt henna ståandeserie.
Tandrevold hadde ein treffprosent på 48,5 på stå i stafett før dagens løp.
Ho trengde berre eit ekstraskot og gjekk ut i tet med dei to rivalane hakk i hel.
– Eg var bekymra for at hun gikk hardt i front, men viste seg å kanskje vere riktig taktikk, sa trenar Siegfried Mazet til TV 2 etter skytinga.
– Det var skikkeleg gøy å gå eit godt skirenn, eg torde å vere offensiv og angripe, sa Tandrevold etter løpet.
Noreg stilte med Marthe Kråkstad Johansen, Ingrid Landmark Tandrevold, Karoline Knotten og Maren Hjelmeset Kirkeeide på siste etappe.









English (US)