Svirrar rundt superparet: Giftar dei seg no?

1 day ago 4



Rykta svirrar rundt superparet Taylor Swift og Travis Kelce, som forlova seg for snart eitt år sidan.

Amerikanske medium har lenge spekulert i eit bryllaup, og no skal rykta ha det til at dei to giftar seg denne helga.

Paret har sjølve ikkje bekrefta noko, men New York Times og CNN fortel at dei har fått stadfesting på bryllaupet frå kjelder som står paret nært.

Leigd Madison Square Garden

Det er ikkje kva som helst lokale dei skal ha valt for den store dagen.

Ifølge New York Times skal det nemleg skje i New York si storstue – Madison Square Garden. Der har Swift opptredd åtte gonger.

US singer Taylor Swift performs onstage during the Z100's iHeartRadio Jingle Ball 2019 at Madison Square Garden in New York on December 13, 2019. (Photo by Angela Weiss / AFP)

Her har Taylor Swift konsert i Madison Square Garden 2019.

Foto: ANGELA WEISS

New York Times siterer ei kjelde i underhaldningsbransjen og har skrive at Swift og Kelce hadde ei generalprøve torsdag med 100 gjester i arenaen – og så det store arrangementet fredag med rundt 1000 gjester.

Nyheitsbyrået AP har funne ut at det ikkje er planlagt andre offentlege arrangement i Madison Square Garden på dette tidspunktet.

Likevel har New York City gitt løyve til lasting av sceneutstyr i denne perioden – og det er søkt om å få sette opp eit telt utanfor arenaen.

Her er bileta som visstnok skal vise at det blir rigga til bryllaup.

  • Arbeidere på stiger monterer røde gardiner i vinduene ved Madison Square Garden. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Arbeidarar på stigar monterer raude gardiner i vindauga ved Madison Square Garden.

    Foto: Christian Monterrosa / Reuters / NTB
  • Plakater av Taylor Swift og Wayne Gretzky utenfor inngangen til Madison Square Garden i New York. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Plakatar av Taylor Swift utanfor inngangen til Madison Square Garden i New York.

    Foto: Evan Agostini / AP / NTB
  • Hvitt telt oppstilt i en gate i New York ved Madison Square Garden. Gul taxi og vakt er synlige. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Inngangen er dekka til med telt.

    Foto: Evan Agostini / AP / NTB

Meiner at ryktet kan vere sett ut

New York-ordførar Zohran Mamdani spøkte nyleg om saka på ein pressekonferanse. Han sa han ønsker dei eit herleg bryllaup og at han ikkje er invitert.

– Det hadde vore feil å ikkje nemne at vi denne helga er i New York, der vi følger eit arrangement ved Madison Square Garden, seier ein talsperson for New York-politiet.

Journalistar i CNN har snakka med sikkerheitsvakter og politi som seier at dei ikkje har høyrt noko om bryllaup i Madison Square Garden denne helga.

Nokon meiner at dette ryktet er sett ut med vilje for å halde folk unna den staden bryllaupet faktisk skal skje – og peikar på nokre av Taylor Swift sine eigedommar og meiner at det er der bryllaupet skal vere.

En mann og en dame som smiler med konfetti bak

Foto: AP

Hamnar midt i fotballkaos

Dersom vigslinga faktisk finn stad, kan tusenvis av nordmenn hamne midt i kjendisbryllaupet.

New York blir allereie fylt opp av norske fotballsupporterar som søndag skal sjå Noreg møte Brasil på MetLife Stadium.

Då Noreg sist spelte i New York-området, mot Senegal, inntok supporterane Times Square for ein rotur, berre få minutts gonge frå Madison Square Garden.

Midt blant neonlysa og nysgjerrige tilskodarar på Times Square, samla norske supportarar seg og lét heiaropet «RO!» runge gjennom New York sin mest kjente plass.

Publisert 03.07.2026, kl. 13.52 Oppdatert 03.07.2026, kl. 14.25

Read Entire Article