Synd for sosial­motta­karar som får redu­sert sin stønad

9 hours ago 1



Dei fleste har vel fått med seg bråket om fergepris og sletting av studiegjeld.

Alf Holmelid synes det er synt at regjeringen kutter i sosialstønad for de som får barnetrygd, og mener også dette er et løftebrudd. Foto: Kristin Ellefsen / Fædrelandsvennen

Arbeiderpartiet har i valkampen argumentert for gratis ferge og gjeldslette. Det er ordningar som er forhandla fram av Senterpartiet, men i forslaget til statsbudsjett er dei kraftig reduserte. Vi har høyrt mindre om ei tilsvarande sak om kutt i sosialstønad. Etter lang kamp fekk SV gjennomslag for at barnetrygd skal komme i tillegg til sosialstønad. Denne ordninga har AP reklamert for på sine nettsider både før og etter valet, men dei har foreslått å fjerne den i statsbudsjettet.

Å auke barnetrygda har vore ei viktig sak for SV, og vi fekk gjennomslag i budsjettforhandlingar med Arbeiderpartiet. Men det var ei gruppe som ikkje fekk glede av denne auken, og det var dei som får sosialstønad. Ordninga var nemleg slik at barnetrygda blei trekt i frå sosialstønaden. Alle med barn fekk glede av auke i barnetrygda - bortsett i frå dei som trengde det mest.

SV tok opp kampen mot denne ordninga og vant fram i mange kommunar. Til sist fekk vi Arbeiderpartiet med på å avvikle den for heile landet, og partiet har skrytt av dette vedtaket i valkampen. Inntil i går stod denne omtalen på nettsidene til partiet: «Arbeiderpartiet … meiner at barnetrygda ikkje skal telje med ved utrekning av sosialhjelp.» Men på tross av denne lovnaden om at barnetrygda skal komme i tillegg til sosialhjelpa, så foreslår dei det motsette i statsbudsjettet.

Dette er først og fremst synd for sosialmottakarar som får redusert sin stønad. Men det viser også lite respekt for veljarane som trur på det som Arbeiderpartiet skriv på sine nettsider. Og det viser liten respekt for SV som no må bruke tid på omkamp om ei sak som Arbeidarpartiet sjølv har reklamert for. Det er ikkje slike interne omkampar venstresida bør bruke valsigeren på.

Read Entire Article