– Eg synest summen høyrest veldig høg ut. Så høg at det er lett å reagere på, seier Bjarne Lervang, som er sportsleg leiar i Vikhammer Håndballklubb, til NRK
Noregs Handballforbund gjekk tidleg ut og varsla eit underskot på 10–12 millionar kroner for å arrangere den innleiande runden i årets EM i handball på Fornebu i Bærum.
– Ein har brei støtte i handball-Noreg til å gjennomføre meisterskap. Men eg har vanskeleg for å tru at grasrota støtter den type ressursbruk som ein gjer her, held han fram.
Breiddeklubbane i handball-Noreg har tidlegare reagert på NRK sine avsløringar om handballtoppane sin pengebruk under handballtinget i 2025 og då dei leigde eigen VIP-losje under meisterliga-sluttspelet i 2023.
– Som klubbleiar i ein breiddeklubb har eg forståing for at handballforbundet vel å arrangere store meisterskap i Noreg, innleiar styreleiar Pål Ask i Kragerø IF håndball.
Han påpeikar at slike arrangement har stor verdi for idretten, både sportsleg og som inspirasjon for barn, unge og frivillige.
– Det å vise fram topphandball på norsk jord for eit stort publikum er viktig. Samtidig er det ingen tvil om at et underskot på 10–12 millionar er veldig mykje pengar, også i eit forbund med solid økonomi. Det er openbert at dette ikkje er ein modell ein kan leve med over tid, seier Ask til NRK.
Meiner pengane brukast feil
I samband med det pågåande europameisterskapet, skal underskotet dekkast av eigenkapitalen til forbundet som er på rundt 100 millionar kroner.
REAGERER: Bjarne Lervang i Vikhammer HK er kritisk til at forbundet tappar eigenkapitalen for å dekke underskotet til EM.
Foto: Jarle Fredagsvik / NRK– For oss som jobbar for å gi barn og unge eit godt tilbod – vi ser jo korleis desse pengane kanskje i større grad kunne vore brukt til å etablere fleire hallar, bidra til meir trenarutvikling, spelarutvikling og rekruttering, utdjupar Lervang.
– Det handlar jo om at økonomien for å delta i aktivitet, den byrjar å bli stor, legg han til.
Handballforbundet har leigd arenaene på Fornebu frå midten av desember til langt ut i januar i samband med meisterskapet.
Inne i den store arenaen har dei bygde opp ein midlertidig hall for seks dagar med EM-kampar. I tillegg vart arenaen nytta til NM i romjula.
HALL I HALLEN: Handballarenaane under EM på Fornebu er bygd opp inne i den eksisterande arenaen
Foto: Stian Haraldsen / NRKTrass i at forbundet selde over 45 000 billettar, rundt 85 prosent av totalen – så har ikkje det vore nok til å dekkje kostnadane.
Ombygginga har aleine ein kostnad på rundt 10 millionar kroner.
Det var VG som først varsla om det store underskotet eit EM på heimebane vil påføre forbundet. Generalsekretær Erik Langerud i NHF uttalte då;
– NHF har heldigvis ein god eigenkapital som gjer det mogeleg å ta denne risikoen. Den er godt forankra i heile Håndball-Noreg.
Uheldig signal frå forbundet
Det var spesielt dette utsegna som fekk Lervang i Vikhammer til å reagere.
– Når ein varslar eit underskot på 10–12 millionar kroner, og samtidig seier at vi lett kan dekke inn det gjennom bruk av eigenkapital, då tenker eg det er lov til å seie ifrå.
PUBLIKUM: Kong Harald gjesta EM i handball under Noreg sin opningskamp mot Ukraina.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBHan reagerer spesielt på at forbundet gjev uttrykk for at dette har brei støtte i heile handballmiljøet i Noreg.
– Det er uheldig at generalsekretæren signaliserer at handballforbundet har så god økonomi at det er uproblematisk å bruke av eigenkapital for å dekke eit underskot, seier Lervang.
Eigenkapitalen er bygd opp over tid og er mellom annan basert på lisensinntekta som kjem frå grasrota. Ifølgje forbundet sitt eige rekneskap overskreid overskotet frå lisensordningane 30 millionar kroner berre i 2024.
– Det er store overføringar frå klubbene til særforbunda som i hovudsak skjer gjennom avgifter knytt til aktivitet, lisensar og administrasjon. Det forpliktar. Særforbunda er til for klubbene – ikkje omvendt, påpeiker Ask i Kragerø IF Håndball.
– Veldig stor sum
Både i Danmark og Sverige blir meisterskapen arrangert i alt etablerte handballhallar. Ask påpeiker at det er ein utfordring som er vanskelegare å løyse i Noreg:
– Ein del av kostnadsspørsmålet handlar om arenaer. Noreg manglar i dag eigna arenaer for store hallidrettar som kan gjennomføre meisterskap utan svært kostbar rigging. Når ein er avhengig av løysingar som Unity Arena, får det direkte konsekvensar for økonomien, seier Ask.
Han får støtte frå Lervang.
– Det handlar om korleis ein kan forsvare det som tilsynelatande er ein veldig stor ressursbruk ved å rigge ein hall midlertidig, for relativt få kampar, til det som kan synest ut som ein veldig stor sum.
PUBLIKUM: Eit stor tal fans frå Færøyane skapte stemning på Fornebu, men det er ikkje nok til å unngå underskot for arrangøren.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTBI fjor arrangerte forbundet eit heilt VM på Fornebu. I tillegg arrangerte ein VM for kvinner i 2023, men då med kampar i Stavanger og Trondheim.
Lervang seier han har tro på at handballpresident Randi Gustad og det nye forbundsstyret vil tenke meir berekraft og sikre økonomisk forsvarlege rammer for framtidige meisterskap:
– Ein bør sjå litt på ressursbruken, og heller vurdere å bruke eksisterande anlegg, påpeiker Vikhammer-leiaren.
Går ikkje ut over barn og unge
Generalsekretær Erik Langerud i Noregs Handballforbund avviser at eit EM på heimebane går ut over satsinga på barn og unge.
AVVISER: Generalsekretær i Noregs Handballforbund Erik Langerud.
Foto: Frode Søreide / NRK– Vi gjere begge delar, så det er ikkje nokon motsetning i det. Det er ikkje slik at eit meisterskap går på kostnad av breiddesatsinga, seier han til NRK.
Han understrekar at under VM i Noreg i fjor fekk forbundet eit overskot på rundt 3 millionar kroner.
– Det er alltid ulike syn på korleis vi skal disponere midlane våre. Og så er det veldig mykje positivt ved eit meisterskap som du ikkje kan lese i eit rekneark. Det aukar rekrutteringa, det aukar frivilligheita og det aukar merksemda rundt handballen.
Noreg skal også arrangere EM for kvinner i 2028 saman med Sverige og Danmark.
Tre år seinare er Noreg igjen vertskap for VM for herrane.
– Vi kan ikkje halde fram med å gå med store underskot i meisterskap. Det er ikkje berekraftig over tid og vi ønskjer ikkje å bruke eigenkapitalen, men vi har gått inn i det med opne auge om at det kan bli ein utgang på det.
– Men ville det ikkje vore ei betre løysning å bruke eksisterande arena enn å bygge om på Fornebu?
– Viss du ser bort frå ombygginga, så er det klart det hadde vore billigare, men så er spørsmålet korleis dei andre faktorane slår ut?
Han peikar på at 95 prosent av inntektene i eit meisterskap kjem av billettsalet. Å arrangere i nabokommunen til hovudstaden har slått positivt ut.
– Det er klart det er mogeleg å få til andre stader også, men det er ein av dei vurderinga vi må gjere.
Alt i vår må det norske forbundet ta stilling til om dei skal søke på meisterskap i perioden frå 2034 til 2037.
Spelarane forstår frustrasjonen
For dei norske landslagsspelarane betyr det mykje å spele på heimebane. Men Noregs kaptein, Vetle Eck Aga, vedgår at økonomien er utfordrande.
VANSKELEG: Vetle Eck Aga skulle gjerne sett at fleire nasjonar kasta seg på for å arrangere meisterskap.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Eg veit at forbundet har vore ganske tydeleg på at det er ein konsekvens dei tar. Breidda er det viktigaste produktet vi har. Det er jo unge barn som skal få lov til å halde på med det dei syns er gøy.
– Så skjønnar eg at når foreldre føler at det blir dyrare og dyrare for barn å drive med idrett, så er det ein vanskeleg diskusjon.
32-åringen med godt over 70 kampar for Noreg forstår at det blir reaksjonar.
– Eg kan ikkje nok om kvifor ein har valt det ein gjer. Men ja, i utgangspunktet er det klart at ein heller skal bruke dei flotte arenaene vi har i landet. Det er jo kanskje ein meir fordelaktig bruk av ressursane.
Publisert 01.02.2026, kl. 09.30















English (US)