I jula 2024 fekk Hustad fengsel stor merksemd då ein fange, som sat på høgsikkerheitsavdeling, klarte å rømme frå fengselet på julaftan.
I eit dokument NRK fekk innsyn i kom det fram at fengselet hadde låg bemanning kvelden fangen rømte.
Det skjedde også ei anna hending den natta som gjorde at dei hadde behov for ekstra folk: Ein innsett måtte på legevakta. Den personen er «Roger».
Han vil ikkje stå fram med sitt ekte namn, men NRK kjenner identiteten til mannen. Han meiner det konstant var låg bemanning, og opplevde det som krevjande.
Roger meiner bemanningssituasjonen er farleg.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKSikkerheita til tilsette
Roger har sona ein dom for svindel og fekk 75 dagar i fengsel.
Han seier at dei tilsette prøver så godt dei kan, men stussar over at det – ifølge han – av og til har vore tre stykk på jobb som har ansvar for 60 innsette.
– Dei har ikkje folk. Dei har ikkje kapasitet. Og då går det ut over nokon, og det er dei som sit inne.
NRK har snakka med ein annan tidlegare innsett. Han sat inne samtidig som Roger, på grunn av fleire lovbrot i trafikken og for omsynslaus åtferd mot ein annan person.
Han støttar oppunder det Roger fortel, og dei hevdar begge at det var flest unge kvinner som jobba der, som ikkje hadde utdanning.
Hustad fengsel har berre mannlege innsette.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKDei seier at dei fleste tilsette var fine folk, men set spørsmålsteikn ved sikkerheita dersom ei alvorleg hending skulle ha skjedd.
– Viss folk hadde slått seg heilt vrange der oppe, og ville, så har dei ikkje bemanning til å greie å stå imot. Det avgrensar kva ein greier å stå imot når det er mange vaksne mannfolk, og så har du veldig mykje yngre damer der, seier den andre innsette.
– Eg synest det er heilt sjukt. Det er farleg, seier Roger.
Hustad fengsel meiner at bemanningssituasjonen ikkje er farleg. Les svaret lenger nede.
Roger seier dei fleste tilsette var fine folk.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKDei peikar også på at stort sett ingen opplevde at dei hadde noko meiningsfylt å fylle dagane med.
– Det var nærast på nivå med at ein dag går du og kostar grusen til det eine hjørnet. Det blir så jævla dumt, seier den tidlegare innsette.
Lyste ut tolv stillingar før rømminga skjedde
22 dagar før ein fange rømte frå fengselet i desember, lyste dei ut ei stilling som fengselsleiar (på nytt), men også 11 stillingar som fengselsbetjentar, skreiv Romsdals Budstikke.
Då uttalte Ketil Schreiner Evjen, regiondirektør for Kriminalomsorgen vest, at dei søkte fleire fengselsbetjentar fordi dei ønskte å vere mindre sårbare.
– Vi vil redusere talet på vikarar og heller ha fleire faste tilsette. Når vi er avhengige av å bruke personar som ikkje har fengselsutdanning, så blir drifta meir uføreseieleg, sa han til avisa.
Hustad fengsel seier dei har tatt grep ved å tilsette fleire som mellom anna har jobba innan rus og psykiatri.
Foto: Eirik Haukenes / NRKNRK har stilt fleire spørsmål til fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen og regiondirektør Evjen. Ingen av dei svarer på spørsmålet om desse stillingane blei fylte opp.
Skorpen-Trøen skriv i ein e-post til NRK at fengselet, til liks med mange andre fengsel i landet, har utfordringar med å rekruttere fagutdanna fengselsbetjentar.
Men av sikkerheitsmessige årsaker kan dei ikkje uttale seg om antal tilsette som er på jobb, skriv ho.
Ho skriv at dei har tatt grep ved å blant anna tilsette fleire personar med relevant yrkesbakgrunn og erfaring, frå for eksempel rus og psykiatriarbeid. Ho understrekar at dei går gjennom nødvendig kurs og opplæring ute i avdelingane.
«Vi gjer også vurderingar av korleis vaktlaga er samansett, og ønsker å ha ein balanse med tanke på erfaring og kjønn. Vi kjenner oss derfor ikkje igjen i påstanden til innsette om at bemanningssituasjonen er farleg», skriv ho.
Regiondirektøren i Kriminalomsorgen seier dei skal få fleire aspirantar frå fengselsskolen.
Foto: Eirik Haukenes / NRKNår det gjeld dei tidlegare innsette sine påstandar om at dei ikkje blir sysselsette, svarer Skorpen-Trøen dette:
«Vi har dyktige tilsette som dagleg jobbar med å gi innsette eit meiningsfullt innhald i soninga. Dessverre er det slik at kriminalomsorga over mange år har hatt stramme økonomiske rammer som set avgrensingane sine for kva tilbod vi kan gi».
Regiondirektør i kriminalomsorga vest, Ketil Schreiner Evjen, støttar det fengselsleiaren skriv.
Han skriv også i ein e-post at det no blir planlagt å auke talet på aspirantar på fengselsskolen gjennom desentralisert utdanning.
Hustad fengsel er eitt av fengsla i region vest som blir prioriterte for å ta imot nye aspirantar som kan ta utdanninga medan dei er i fengsla, ifølge Evjen.
Les resten her:
Tillitsvald ved Hustad fengsel seier fengsel over heile landet mister tilsette.
Foto: Eirik Haukenes / NRKHøg gjennomstrøyming i Hustad fengsel
Tillitsvald ved Hustad fengsel, Marina Sørensen, ønsker ikkje å kommentere det dei tidlegare innsette seier.
I ein e-post til NRK skriv ho på generelt grunnlag at Kriminalomsorgen mistar mange tilsette.
– Dette er ikkje berre eit Hustad fengsel-fenomen, men gjeld over heile landet. Vi har nok likevel vore i ei særstilling på Hustad når det gjeld gjennomstrøyming.
Sørensen skriv at dei framleis manglar fleire fengselsutdanna, men at det i dag ser betre ut bemanningsmessig enn i 2023.
At dei har hatt så mange ledige stillingar har ført til at dei har vore avhengige av å ha mange pliktårsbetjentar for å få det til å gå rundt.
– Mange av desse har ikkje tilhøyrsel til distriktet, og av den grunn mistar vi dei ved slutten av pliktåret.
Men i år har to av dei valt å bli verande, og dei har tilsett ein ny til sommaren. Ho legg også til at dei har tilsett fleire vikarar.
Publisert 30.04.2025, kl. 19.21