Ein mann i 30-åra er tiltalt for grovt brot på våpenlova. Politiet meiner han ulovleg oppbevarte ammunisjon, våpen og våpendelar heime hos seg i Bodø.
– Med grovt så meiner vi mengde og type våpen.
Det seier politiadvokat Torbjørn Ingebrigtsen Sandbu.
Totalt skal mannen ha oppbevart 17 våpen, deriblant to maskingevær, fire maskinpistolar, åtte riflar og tre pistolar.
I tillegg skal Bodøværingen ha hatt over 8000 patroner.
– Dei to maskingeværa likna veldig på MG3, som dei fleste som har vore i førstegongstenesta vil kjenne att, fordi Forsvaret har brukt dei i mange år, seier Sandbu og legg til:
– Det er våpen med veldig stort skadepotensial. Det er våpen som kan skyte 1000 skot i minuttet.
Med andre ord, eit våpen ein ikkje har heime.
– Det er ikkje noko du får løyve til heller, seier han.
Meiner han samla våpen
Til politiet forklarar Bodøværingen at han samla på desse våpena.
– Det er hans forklaring, seier Sandbu.
Advokat Svein Inge Skipnes er forsvararen til mannen, og NRK har så langt ikkje lykkast i å kome i kontakt med han.
Ifølge tiltalen skal mannen ha eigd våpena utan gyldig våpenkort, og ikkje oppbevart dei på riktig måte.
Men ein kan faktisk ha våpen heime utan å ha løyve eller registrere dei, men berre om dei er gjort varig ubrukeleg. Det er det sentrale spørsmålet i denne saka.
– Altså kva visste han, kva skjønte han, når han skaffa seg desse våpena, seier politiadvokaten.
Politiet fann også åtte rifler heime hos den tiltalte mannen.
Foto: Nordland politidistriktPolitiet meiner våpena til Bodøværingen ikkje er øydelagt for godt.
– Det kan for eksempel vere at eit våpen som har ein del som er gjord ubrukeleg, som gjer at våpenet ikkje kan skyte. Men viss ein del for eksempel ikkje er sveisa fast, så går det an å byte ut ein ny del, og då har du eit våpen som det går an å bruke.
Rettssaka til Bodø-mannen startar 16. september i Salten og Lofoten tingrett. Det er sett av tre dagar, og strafferamma for lovbrotet er på inntil seks år.
Ikkje høgreradikal gruppering likevel
Det var i sommaren 2021 at mannen vart arrestert og politiet gjorde det store beslaget.
Då arresterte politiet også to andre menn frå Lillestrøm og Hamar for det same.
På den tida knytte politiet dette til eit nettverk av personar som har kjøpt og selt ulovlege våpen. Politiet meinte då at saka kunne koplast til høgreradikale grupperingar.
Men dette klarte ikkje politiet å bevise.
– Det er tatt ut tiltale på våpenlova. Det betyr at det ikkje er funne grunnlag for å ta ut tiltale på noko anna, forklarar Sandbu.
Rettssaka til Bodø-mannen startar 16. september i Salten og Lofoten tingrett.
Foto: NRK– PST har også vore involvert i saka. Er dei framleis involvert?
– Vi har alltids løpande kontakt med PST i det meste som politiet gjer, dersom det er nødvendig. Men i denne saka er det ikkje nødvendig lenger. Det blei som sagt ikkje funne grunnlag for å gå vidare med den sida av saka.
Forsvararen til mannen frå Lillestrøm, Ole-Kristian Ringnes sa i 2021 at klienten hans erkjente dei faktiske forholda, men ikkje straffskuld. Ringnes seier i dag at det ikkje er tatt ut tiltale mot klienten hans enno.
Mannen i 20-åra frå Hamar har også erkjent å ha oppbevart våpen.
I rettsavgjerda frå 2021 la Buskerud tingrett vekt på at desse skytevåpena ikkje var varig deaktiverte etter gjeldande reglar, og difor kunne relativt enkelt reaktiverast.
Der står det også at mannen i 20-åra har vore ein del av eit samlarmiljø, der det har gått ein del våpen rundt i miljøet.
Publisert 21.08.2025, kl. 14.20