Toppadvokatar ut mot meir tvang: – Ein farleg veg å gå

4 hours ago 1



– Me nærmar oss eit samfunn der barna like gjerne blir sett på som små vaksne.

Det seier toppadvokat Mette Yvonne Larsen.

Ho reagerer kraftig på forslaga fra regjeringa som skal strupe ungdomskriminaliteten.

Vil at barn skal haldast lengre av politiet

Etter ein haust prega av ei rekkje alvorlege valdshendingar med barn og unge, vil regjeringa no stramme inn lovverket.

Forslaga inneber mellom anna at alle barnevernsinstitusjonar skal ha høve til å låse døra, nekte besøk og inndra mobiltelefonar.

Tidlegare har dette berre vore mogleg ved såkalla åtferdsinstitusjonar.

I tillegg føreslår regjeringa å stramme inn lovane:

  • Strengare straffar for å bere kniv og våpen.
  • At politiet skal kunna halde barn under 15 år i meir enn fire timar, som er dagens grense.
  • At barn mellom 15 og 18 år skal kunna fengslast i opp til fire veker, mot dagens to veker.

Fryktar meir tvang enn det er behov for

Toppadvokatane Mette Yvonne Larsen og Ingrid Lauvås går ut mot forslaga i eit skriv sendt til NRK.

Der kallar dei tiltaka for «ein farleg veg å gå»

Dei representerer Advokatforeininga og er leiar i høvesvis forsvarargruppa og lovutvalet for barnevern.

Larsen jobbar i same firma som forsvararen for ein av dei sikta etter granatangrepet i Strømmen. Ho avviser likevel at utsegnene hennar har noko med dette å gjera.

– At regjeringa opnar for meir tvang betyr ikkje nødvendigvis at det blir brukt meir tvang?

– Om ein gir utvida moglegheit for det, så trur me det blir brukt tvang i større utstrekning enn det vil vera behov for.

– Det barn først og fremst treng, er tid, vaksne, omsorg, støtte og hjelp. Det skal berre vera behov for tvang i heilt spesielle tilfelle, legg ho til.

Meiner politikarane mistar hovudet

Larsen meiner alvorlege valdshendingar med barn og unge denne hausten har ført til desperate politikarar.

– Ein mistar litt hovudet no når alle roper opp om at barn gjer seg skuldig i alvorlege, straffbare handlingar.

– Eg er redd for at me går mot eit samfunn der me skal verna oss mot barna i staden for det motsette.

Ho reagerer også på forslaga om å halde barn under 15 lengre av politiet, og at dei over 15 kan haldast lengre i varetekt.

– Det er heilt kritisk å plassere barn utan skyldevne i varetekt. Det må me berre ikkje få heimel for. Då må dei overleverast til familie eller til barnevernet.

– Når barn og unge blir rekruttert til kriminalitet av gjengar, er det ikkje viktig å sørgja for at dei ikkje gjer seg skuldig i ny kriminalitet eller øydelegg bevis?

– At dei blir sitjande ti timar ekstra gjer ikkje at dei ikkje blir rekrutterte til kriminelle gjengar. Den det går ut over, er jo barnet sjølv.

– Det er ein heilt utenkjeleg veg å gå, legg ho til.

Vil ta imot innspel

NRK har lagt kritikken frå Larsen og Lauvås fram for justisdepartementet.

Ingen der vil stilla til intervju, men justisminister Astri Aas-Hansen svarer for begge departementa skriftleg.

en kvinne i et rom

– Me er bekymra for ei utvikling der ei lita gruppe unge som bryt lova stadig blir yngre, og lovbrota meir alvorlege, seier Astri Aas-Hansen.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Barne- og ungdomskriminalitet er eit samfunnsproblem Arbeidarparti-regjeringa prioriterer svært høgt, skriv ho.

Aas-Hansen seier utviklinga i trusselbiletet har gjort det nødvendig å sjå på nye tiltak.

– Både for å verna samfunnet, men samtidig å ta vare på barna, som ofte er både gjerningspersonar og offer på same tid.

Ho seier forslaga til endringar i regelverket vil sendast ut på høyring på vanleg måte.

– Høyringsinnspel frå advokatforeininga og andre vil utgjera eit viktig avgjerdsgrunnlag.

– Skal ikkje reknast som kriminelle

Mette Yvonne Larsen reagerer også på korleis sakene som involverer barn under den kriminelle lågalderen blir omtalte i media.

– Barn i 13-årsalder blir kalla kriminelle. Barn har ikkje skyldevne om dei er under 15 år, og då skal dei heller ikkje reknast som kriminelle.

Ho meiner ein burde behalda lovverket slik det er i dag.

– Me har dei heimlane me treng.

Tiltaka i barnevernet skal tre i kraft ved nyttår, og eit lovforslag om strengare straffer for bæring av våpen skal sendast på høyring før jul.

Hei!

Takk for at du har lest saken min. Har du tips eller innspill til denne saken – eller kanskje et forslag til noe annet jeg burde skrive om? Ta gjerne kontakt.

Du kan sende meg en e-post, eller en melding på Signal: 453 99 997

Publisert 30.10.2025, kl. 11.59 Oppdatert 30.10.2025, kl. 12.33

Read Entire Article