To personar er pågripne etter hendinga, som skjedde på ei privatadresse i Egersund.
Publisert 18.10.2025 10:17 Sist oppdatert 42 minutter siden
To kvinner og ein mann er skadde etter ei knivstikking i Egersund natt til laurdag.
Mannen er alvorleg skadd, og blei frakta til sjukehus med luftambulanse.
– Det har vore fleire vitne til hendinga og politiet jobbar med å avhøyre desse. Politiet har kontroll på staden, seier jourhavande jurist Kjetil Solhaug i ei pressemelding.
Han seier at det er for tidleg å seie noko meir om sjølve hendinga eller foranledninga til den.
Ein mann og ei kvinne er pågripne etter hendinga, som skjedde på ei privatadresse.