Tre av personane i båten er frakta til Haukeland universitetssjukehus. Ein av dei blei henta av luftambulanse.
– Tre av dei skadde blei frakta vekk på bårer, seier Joar Holm Andersen, teknisk ansvarleg ved Panorama hotell som ligg like i nærleiken.
Han skildrar hovud- og kuttskadar.
Klokka 12.14 fredag formiddag varsla HRS politiet om ein båt med seks personar ombord som har køyrt på eit skjær.
– Uavklarte medisinske tilstandar
Hotellsjef Silvia Høines ved Panorama Hotell & Resort seier til NRK at fem av passasjerane i RIB-ein var gjester ved hotellet. I tillegg var ein førar om bord.
Andersen skildrar kva som skjedde.
– RIB-båten køyrte på ein stake, og så var det to turistfiskarar nokre hundre meter unna som høyrte eit smell. Så såg dei ein båt som låg opp ned, og vestar som flaut i sjøen.
– Dei plukka opp personane i båten og frakta dei til land, seier Høines.
Havaristane kom seg til kai ved Panorama Hotell, der dei fekk tilsyn av helsepersonell på staden, opplyser Bjarte Mong i Hovudregningssentralen.
Dei involverte melde sjølv ifrå om hendinga, og alle var vakne då dei kom til land.
GJEKK PÅ SKJÆR: Ein RIB-båt gjekk på eit skjær utanfor Panorama hotell i Øygarden. Seks personar var om bord.
Foto: Therese Pisani / NRKVar organisert RIB-tur for hotellgjestar
Klokka 12.35 melde politiet at redningsskøyta var på staden.
– Det er uavklarte medisinske tilstandar, sa redningsleiar Mong då.
Både kystvakt, redningsskøyte, luftambulanse, ambulanse og politipatrulje rykka ut til staden. Dei avslutta arbeidet like før klokka 15.
Rune Selva, innsatsleiar i politiet.
Foto: Therese G. Pisani / NRKÅrsaka til havariet er ukjend. Politiet har informert Statens Havarikommisjon om ulukka.
Seks personar var om bord i fritidsbåten.
Publisert 22.08.2025, kl. 12.51 Oppdatert 22.08.2025, kl. 14.49