– Eg blir aldri lei – ofte står eg opptil fire timar og berre kastar, kastar og kastar, seier 16 år gamle Linus Gravdal.
Han er i Norgestoppen i ein svært nisjeprega idrett.
Men eigentleg er det ikkje så nisje lengre.
For dart har aldri vore meir populært. Faktisk har det tatt heilt av.
STILLER INN SIKTET: – Det er trippel 20 som eg siktar på, seier Gravdal.
Foto: Noah Midtskogen Barbati / NRK– Eg kunne aldri sett for meg at det kunne ta av på den måten, seier Noregs dartpresident, Mona-Lisa Brodin.
Enorm auke
Ifølge Brodin, har talet på medlemmer i Dartforbundet auka med 30 prosent på under eitt år.
Enkelte dartklubbar opplever dobbel auke i talet på medlemmer. I tillegg blir det oppretta nye i rekordfart, fortel dartpresidenten.
– Eg har kompisar som har prøvd dart, og så har dei berre blitt heilt hekta, seier Gravdal.
KONSENTRERT: Det mentale er minst like viktig som det fysiske i dart, fortel Gravdal.
Foto: Noah Midtskogen Barbati / NRKDet er ikkje berre i Noreg det er dart-feber:
Over 5 millionar menneske såg fjorårsfinalen i verdsmeisterskapen i dart. Det var nesten tre gonger fleire enn året før.
I 2024 blei talet på ungdommar som driv med dart i England dobla. Eitt år seinare er talet firedobla igjen.
Rart at ein engelsk pub-sport kan bli så populær for unge menneske over heile verda, tenker du kanskje?
Vel, noko av æra skal ein 19-åring frå England ha.
Dartens Petter Northug
Luke Littler var idrettsutøvaren som blei googla flest gonger i 2024.
Tittelen verdsmeister, som han fekk i ein alder av 17 år, gjorde han verdskjent over natta.
Han blei såpass populær at han fekk sitt eige omgrep: «The Luke Littler-effekt».
Kanskje er han, dersom det kan samanliknast, dartens Petter Northug: sjølvsikker, humoristisk, ekstremt god – og ikkje minst: gjer sporten mykje meir populær.
Svimlande pengesummar
Gravdal, det norske dart-talentet, viser likevel ikkje full begeistring for engelskmannen.
– Eg synest han er litt usympatisk, seier Gravdal lattermildt og utdjupar:
– Men det er heilt garantert at fleire unge er interesserte i dart på grunn av Littler. Han er eit forbilde for mange.
Kombinasjonen av provoserande stil og resultat i særklasse, har inspirert ein ny generasjon dartspelarar.
Kva synest du om dart?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Eg har lyst til å bli best – aller best, seier den 16 år gamle noregsmeisteren.
Målet er verdsmeisterskap i dart – som fleire titusen reiser for å sjå med eigne auge.
Pengepotten for førsteplassen? Nesten 14 (!) millionar kroner – ei dobling frå året før.
– Det er artig at dart endeleg blir sett på som noko anna enn berre ein fyllesport, seier den norske juniorlandslagstrenaren, Peter Rundqvist.
GLISER: Landslagstrenaren er svært fornøgd med at dart har auka i popularitet.
Foto: Dag Robert Johansen / NRKSlagmark, pub og overfylte arenaer
Dart oppstod truleg i England på 1300-talet. Soldatar som kjeda seg i skyttargravene kasta avsaga pilspissar mot botnen av vinfat og tømmerstokkar.
Seinare blir det adaptert av overklassen og vidare innført i den britiske pub-kulturen.
Sjølv om dart har fleire sjåarar og spelarar enn nokon gong, lever framleis dart-puben – og så til dei grader.
– Ein blir jo jævlig sint når ein taper, så da er det berre å ta seg ein tur til i baren, forklarer svenske Daniel Gran, som speler dart i ein proppfull bar i Oslo sentrum.
– PERFEKT AFTERWORK: Det seier Daniel Gran som har vore fleire gonger å spelt dart med kollegaer.
Foto: Noah Midtskogen Barbati / NRKBerre i hovudstaden er det godt over ti barar som spesialiserer seg på å gi eit dart-tilbod.
– Eg merkar at det har blitt meir populært – berre på jobb blir det snakka mykje meir om, fortel Gran.
Det 16 år gamle dart-esset frå Rakkestad er ikkje i tvil om kvifor dart er på «alle» sine lepper om dagen:
– At folk ser det på TV og at ein høyrer meir om det – i tillegg er det veldig lågterskel, seier Linus Gravdal, før han skyt inn:
– Men menneska og samhaldet – det er heilt fantastisk. Det gir ei sjuk kjensle, avsluttar ungguten.
Hei!
Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til andre ting vi i NRK Sport burde sjekke ut? Send meg gjerne en e-post!
Publisert 30.01.2026, kl. 21.02 Oppdatert 30.01.2026, kl. 21.22













English (US)