Trude og Roger fekk hagen full av bier – dette gjer du om du opplever det same

1 day ago 6



– Då me kikka ut av vindauget var det tjåka fullt med bier. Det var brunt overalt.

Det var ikkje dette Trude Harneshaug og Roger Pedersen forventa då dei kjøpte nytt hus.

Dei var klare til å frakte flyttelasset inn i det nye huset på Nesttun i Bergen, då dei såg situasjonen ute i hagen.

Tusenvis av bier hadde festa seg på gjerdet i hagen.

– Det var som ein bieinferno.

Tusenvis av bier møtte Trude Harneshaug og Roger Pedersen når dei såg ut i hagen på sitt nykjøpte hus.

Video: Therese Grimstad Pisani

Kven skal du ringe? «Ghostbusters»!

Panikken kunne lett ha teke overhand, men Harneshaug heldt hovudet kaldt og søkte hjelp på internett.

Der fann ho Bergen og omegn birøkterlag og kom i kontakt med Vegard Helland, som har ansvar for bisvermar.

– Eg er biene sin ghostbuster, seier Helland då han er på plass på Nesttun.

Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Han reiser rundt og hjelper med å flytte uønskte bier. Ifølgje Helland er det vanleg at biene rører på seg når sommaren kjem.

– Det er tidleg på sesongen, god trekk og gode ressursar. No har biene sjansen til å danne eit nytt samfunn. Det er difor dei drar.

Biene lagar ei ny dronning i kuben, og den gamle dronninga tek med seg halvparten av biene ut for å finne ein ny bustad.

– Biene fyller magen sin med honning når dei drar, slik at dei har ressursane dei treng til den nye bustaden.

På denne måten hamnar biene i hagar rundt om.

Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

Flyttelasset står klart utanfor det nykjøpte huset til Trude Harneshaug og Roger Pedersen. Men det var dei nye naboane som tok merksemda.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Då flyr dei til ei grein eller eit gjerde eller noko sånt, før dei bestemmer seg for kvar dei skal fly vidare. For dette er berre eit mellombels stopp.

Harneshaug synest det er greitt at biene tek ein stopp i hagen hennar.

– Så lenge dei ikkje har tenkt å busette seg i lag med oss.

  • Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

    Med utstyret på er birøktar Vegard Helland klar til å fjerne bisvermen frå hagen.

    Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK
  • Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

    Han fjernar biene forsiktig frå greinene medan dei svermar rundt han.

    Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK
  • Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

    Han leitar etter dronninga. Ho er litt større enn dei andre biene og blir ho fanga, vil resten av biene følgje etter.

    Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK
  • Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

    Biene blir plassert i ein mellombels bikube. Om Helland finn dronninga, og plasserer ho i kuben, vil resten av biene fly oppi kuben på eiga hand.

    Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Kan føre til stor skade på hus

Norges Birøkterlag får ofte førespurnadar om insekta, forklarar kommunikasjonsansvarleg Astrid Bjerke Lund.

– Men ofte er det eigentleg berre snakk om eit par bier. Om det faktisk var ein bisverm vil det likne ei mørk, summande sky med tusenvis av bier.

Lund seier det kan vere lurt å ta kontakt med birøktar så fort som mogleg for å fjerne svermen.

– Om biene ikkje finn seg ei hol trestamme dei kan bruke som bustad, kan dei finne ein låvevegg som dei kan etablere seg i, seier ho.

Biene som har reist frå kuben kan feste seg på greiner eller buskar i hagar. I dette tilfellet festa biene seg på eit gjerde.

Video: Therese Grimstad Pisani

Birøktar Helland fortel at biene som normalt sett er husdyr, kan føre til stor skade på hus.

– Det blir ein årestad for skadedyr. Biene byggjer vokskaker med mangfaldige kilo med honning, som blir eit matfat for gnagarar og insekt. Difor er det lurt å få dei vekk, seier han.

Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning. Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

Birøktar Vegard Helland flyttar biene frå hagen på Nesttun til ein mellombels bikube.

Ein travel mann

Telefonen til Helland ringer medan han fjernar biene i hagen på Nesttun. Fleire treng hjelp av birøktaren.

Denne gongen har ein bisverm landa hos BKK i Åsane, på den andre sida av Bergen. Arbeidarane i energiselskapet heldt på å grave ei grøft då dei oppdaga svermen.

Dei er ikkje særleg høge i hatten i møte med dei små, hårete insekta.

– Me fekk panikk og sprang heile gjengen. Me ville ikkje bli stukne, seier Jon Borge.

Nærbilete av tusenvis av bier på eit gjerde av tre.

Når biene forlèt kuben, har dei fylt magane sine med honning. Det gjer det vanskelegare for dei å stikke.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Helland avviser at desse biene er farlege.

– Når dei sit roleg på ei grein som dette, så har dei godt med honning i magen. Då er det vanskeleg å stikke. Det er verre når dei har vore på ein stad lengre og byrjar å gå tom for honning.

Helland finn raskt dronninga i denne svermen. Då følgjer dei andre biene etter.

– Ho er limet i samfunnet. Utan dronninga kjem biene seg ikkje vidare.

Publisert 03.07.2026, kl. 11.31 Oppdatert 03.07.2026, kl. 11.31

Read Entire Article