Trump og Zelenskyj har snakka saman

1 week ago 13



USA sin president Donald Trump har snakka med Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj fredag ettermiddag.

Ukraina sin stabssjef, Andrij Jermak, bekreftar «den viktige og meiningsfulle samtalen» mellom presidentane, melder Reuters.

– Ein svært viktig og nyttig samtale med USA sin president Donald Trump. Vi i Ukraina er takknemlege for all støtta som er gitt, skriv Zelenskyj på Telegram.

Presidentane skal ha snakka om russiske luftangrep, moglegheitene for å auke luftforsvaret i Ukraina og forsvarsindustri, ifølge Zelenskyj.

Dagen før snakka Trump på telefon med Russland sin president Vladimir Putin. Samtalen varte i underkant av ein time.

Putin skal ha sagt at han ikkje vil trekkje seg tilbake frå måla i Ukraina, men at han er interessert i å forhandle fram ei løysing, melder Reuters.

Read Entire Article