På E6 ved Grong nord i Trøndelag omkom ein mann i 40-åra i ei ulykke laurdag ettermiddag da motorsykkelen han køyrde trefte ein bil.
Det er éin av fire dødsulykker på norske vegar laurdag.
Operasjonsleiar Svein Erik Wagnild i Trøndelag politidistrikt fortel at dei har tatt fleire avhøyr og har god oversikt over korleis ulykka skjedde.
– Ein bil stod på ei lomme på E6 i nordgåande retning. Den skulle snu og køyre sørover, og idet ho skulle snu, kom motorsykkelen og køyrde inn i sidan på bilen.
I bilen var det to personar som ikkje blei fysisk skadde.
– Dette er eit tragisk utfall som vi ikkje ønsker noko meir av i Trøndelag i sommar, så vi ber om at folk må køyre fint og roleg og ta omsyn til kvarandre, seier Wagnild.
Kollisjon mellom buss og bil
I Skien omkom ein person da bilen han køyrde kolliderte med ein buss.
Etterforskinga så langt tilseier at bussen har komme over i motgåande køyrefelt, melder politiet.
– Føraren av bussen har status som sikta, men vi vil etterforske dette breitt, seier innsatsleiar i Sør-Aust politidistrikt Iver Vestre.
Det var 14 personar på bussen da ulykka hende. Desse blir nå tatte hand om av kriseteam i Skien kommune.
– Mange vart redde. Det var mange som skreik på bussen, fortel passasjer Vårin Paulsen til NRK.
Ho seier fleire av passasjerane vart slengde fram i bussen då han stoppa.
Innsatsleiar i Sør-Aust politidistrikt Iver Vestre fortel om sterke synsinntrykk på staden.
– Dei har nok opplevd det ganske dramatisk. Eg har ikkje snakka med dei sjølv, men det vil eg rekne med at dei har, seier Vestre.
Fylkesordførar i Telemark Sven Tore Løkslid er prega etter ulykka.
– Det her er djupt tragisk og utruleg leitt. Det er ein tung dag, seier Løkslid.
Her har dødsulykkene skjedd laurdag.
Éin omkom i Alver
I Alver i Vestland omkom ein person etter det politiet omtalte som ei trafikkulykke.
Omstenda rundt ulykka er uklare.
Politiet jobbar med å få avklart kva som har skjedd.
MC fører omkom i Indre Østfold
Ein mann i 50-åra er bekrefta omkommen etter å ha køyrt av vegen mellom Askim og Rakkestad laurdag kveld på ein motorsykkel.
Politiet blei varsla om hendinga rundt klokka 19.00 laurdag kveld.
.
Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden.
– Politiet vil også gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar på staden, skriv operasjonsleiar Rune Isaksen i Aust politidistrikt.
Vegen på staden var stengd i fleire timar, men er no opna att.
Trygg Trafikk: – Ver merksam
Trygg Trafikk omtaler ulykkene som tragiske.
Dei ber folk vere ekstra merksame i trafikken i sommar og ha fokus på at ein køyrer bil eller motorsykkel.
– Du må ha fokus på oppgåva. Du er «kaptein på skuta» og du har ansvar for å ta vare på dei som er rundt deg, seier Bård Morten Johansen, fagsjef for trafikksikkerheit, Trygg Trafikk.
Publisert 11.07.2026, kl. 23.48 Oppdatert 11.07.2026, kl. 23.51











English (US) ·