Laurdag kveld rykte politiet ut til Eikangervåg i Alver etter ei melding om ei trafikkulykke.
Då politiet kom fram til staden, fann dei ein eldre mann i nærleiken av ein bil. Mannen vart erklært død på staden.
Det var 80 år gamle Leif Arne Molvik dom omkom i ulykka.
No er ein ung mann sikta for aktlaus køyring etter dødsfallet.
Det var BT som først melde om siktinga.
– Mannen låg på bakken før påkøyringa
– Hypotesen til politiet er at ein eldre mann er blitt påkøyrd. Men me meiner at mannen låg på bakken før påkøyringa, av helsemessige årsaker, seier politiadvokat Lene Burmo til NRK.
Ho har ansvar for etterforskinga.
Politiet er ikkje kjend med dødsårsaka til mannen. Han er sendt til obduksjon.
– Mykje tyder på at det ikkje er sjåføren som har forårsaka at mannen er død.
Politiet jobbar no med å etterforske saka.
Foto: Bergen Foto og MediaSkal rekonstruere
Politiadvokaten seier at den unge mannen likevel er sikta for aktlaus køyring fordi det er opplysningar på staden som peikar på at den eldre mannen vart påkøyrd.
No skal politiet rekonstruere hendingsgangen og få avklart kva sjåføren såg eller burde ha sett før ulykka.
– Vegen blir skildra som ein bratt bakke, seier politiadvokaten.
Publisert 13.07.2026, kl. 11.45 Oppdatert 13.07.2026, kl. 12.52









English (US) ·