Unge møter stengt dør når dei treng hjelp: – Ho burde ha vore der kvar dag

5 hours ago 2



– Helsesjukepleiaren var på skulen berre ein eller to dagar i veka. Det synest eg er for dårleg. Ho burde ha vore der kvar dag.

Det seier Malak Abualfaish, som trong å bruke tilbodet i ein periode ho hadde det vanskeleg.

17-åringen syntest det var skummelt å banke på døra til helsesjukepleiaren for ein prat.

– Når ein da tør å gjere det og så er ho ikkje der. Det er eit problem, seier ho.

Malak Abualfaish og Isak Bilden

Malak møter Isak Bilden på Thor Heyerdahl vidaregåande skule. Han er vert hos Ung Arena, ein møteplass for unge.

Malak møter Isak Bilden på Thor Heyerdahl vidaregåande skule. Han er vert hos Ung Arena, ein møteplass for unge.

I snitt må elevar i grunnskulen og på vidaregåande skule vente i over ti dagar på å få time hos helsesjukepleiar.

Nokre må vente opptil 60 dagar.

Det viser ei ny undersøking frå Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Forskarar har kartlagt 382 konsultasjonar i skulehelsetenesta.

96 helsesjukepleiarar deltok i studien.

Dei rettleiande normtala for kor mange elevar det bør vere per helsesjukepleiar­årsverk:

  • Barneskule: 300 elevar
  • Ungdomsskule: 550 elevar
  • Vidaregåande skule: 800 elevar

Tala blei utarbeidd av Helsedirektoratet i 2010. Fleire fagmiljø meiner tala er utdaterte, fordi oppgåvene i skulen er meir komplekse.

Manglar ressursar

– Helsesjukepleiarar utgjer ei viktig teneste, og er ein rett barn og unge har til sjølv å oppsøke hjelp, seier Gunhild Hustad.

Ho er utdanna helsesjukepleiar og har jobba som det i fleire år. No er ho stipendiat ved USN, og ho forskar på skulehelsetenesta.

– Ti dagar er lenge å vente for eit ungt menneske som har behov for hjelp og som har tatt mot til seg for å be om det.

Gunhild Hustad

– Vi kan ikkje slå oss til ro med at nokon møter stengt dør når dei ber om hjelp, seier Hustad.

Foto: Universitetet i Søraust-Noreg

– Vi kan ikkje slå oss til ro med at nokon møter stengt dør når dei ber om hjelp, seier Hustad.

Foto: Universitetet i Søraust-Noreg

Undersøkinga viser også at to av fem helsesjukepleiarar tar imot elevar, sjølv når dei eigentleg ikkje har tid.

– Dei kjenner på ei sterk forplikting, samtidig som ressursane ikkje strekk til, seier Hustad.

– Kor sikker er du på forskingsfunna?

– Det er eit ganske stort utval. Alle kjenner seg ikkje igjen i å ha lita tid. Likevel avdekker studien nokre svakheiter i tenesta, svarer ho.

No er det bestemt i Stortinget at besøk til skulehelsetenesta ikkje skal gi fråvær.

– Ei varsla krise

Ann Karin Swang er leiar for helse­sjukepleiarane i Norsk Sjukepleiar­forbund.

Ho er ikkje overraska over kva forskinga viser.

– Dette er ei varsla krise. Det for lite ressursar i tenesta. Dei blir pålagt fleire oppgåver, og behova blir stadig større.

Portrettbilde av Ann Karin Swang, leder for landsgruppa av helsesykepleiere.

– Barn og unge i heile landet har krav på ei lovpålagt skulehelseteneste, seier Swang.

Foto: Landsgruppen av helsesykepleiere NSF

– Barn og unge i heile landet har krav på ei lovpålagt skulehelseteneste, seier Swang.

Foto: Landsgruppen av helsesykepleiere NSF

Lange ventetider kan ha alvorlege konsekvensar for barn og unge, meiner ho.

– Dei er impulsive. Om dei ikkje får prata om det dei har på hjartet før etter 60 dagar, er det ikkje sikkert vindauget for å dele er ope lenger, forklarar Swang.

Det kan føre til at elevane mister tillit til tenesta, bruker lenger tid på å søke hjelp og blir sjukare, seier leiaren.

Swang trekker spesielt fram unge gutar med psykiske utfordringar, som kan slite med å oppsøke helsepersonell heile livet.

Eit kommunalt tilbod blei avgjerande

– Når gutar oppsøker hjelp, er det gjerne kritisk. Dei ventar til det er absolutt nødvendig, seier Isak Bilden (21).

Han har sjølv opplevd at det er vanskeleg å be om hjelp. Redninga blei et lågterskeltilbod kalla Ung Arena.

Tilbodet er for unge mellom 13 og 24 år, og dei har fokus på psykisk helse.

– Eg hadde nok aldri fullført vidaregåande om eg ikkje hadde komme hit, seier han.

Isak Bilden

– Når heile livet er snudd på opp ned, betyr det enormt mykje å kunne kome til eit stad der alt er i orden, seier Bilden.

– Når heile livet er snudd på opp ned, betyr det enormt mykje å kunne kome til eit stad der alt er i orden, seier Bilden.

Fleire ungdommar som kjem til Ung Arena fortel om behovet for helsesjukepleiarar. Det seier leiar Vemund Aspeggen.

– Derfor har vi no ein helsesjukepleiar her éin dag i veka. Det er viktig for dei unge som kanskje synest det er vanskeleg å oppsøke helsehjelp på skulen.

Ungdommane møter også rådgivarar, konsulentar og andre fagpersonar.

Dei kan snakke om kva dei sjølv ønsker – til dømes skule, søvn, familie, seksualitet – og dei kan få hjelp til å skrive CV og søke jobb.

Fleire kommunar har innført Ung Arena: Oslo, Bergen, Larvik, Tønsberg, Midt-Telemark og Bjørnafjorden i Vestland.

Slike tilbod er viktige bidrag til å løyse og kompensere for problema som finst i skulehelsetenesta, meiner Aspeggen.

– Alle er velkommen

Malak Abualfaish meiner alle burde ha sjansen til å prate med nokon når ein treng det.

– Det er viktig at helsesjukepleiar alltid er der, og det skal vere trygt å ta kontakt, seier 17-åringen.

Derfor er ho glad for tilbodet til Ung Arena. Der er det ikkje ventetid.

Malak Abualfaish

– Eg berre banka på døra og gjekk inn. Så blei eg tatt godt imot, seier Malak.

No oppfordrar ho fleire på eigen alder til oppsøke møteplassar for unge, om ein slit med noko eller ikkje.

– Alle er velkomne.

Publisert 06.02.2026, kl. 22.09

Read Entire Article