– Eg følte meg sterk i dag. Så knakk eg det første paret. Og så knakk eg det andre. Det var ikkje lett å gå fort i dag, seier Nyenget til NRK etter at den største skuffelsen hadde lagt seg.
Han forklarer at det den eine skia på det første paret knakk på runde to.
Det andre skiparet trur han det var ein skade på, og så knakk den eine skia frå det paret då han tryna.
– Den var seig. Eg har trena mykje for å vere sterk på slutten, men får dessverre ikkje vist det. Eg føler det ikkje var min dag, seier Nyenget.
– Klump i halsen
Fallet skjedde då Nyenget var i god posisjon til å ta gull på femmila.
Han måtte nøye seg med fjerdeplass bak Johannes Høsflot Klæbo, William Poromaa og Simen Hegstad Krüger.
– Det er tragisk. Eg får klump i halsen her på Martin sine vegner, seier NRK-ekspert Martin Johnsrud Sundby om Nyenget.
– Det skal nesten ikkje gå an å ha så mykje utur, seier NRK-kommentator Jann Post.
Søkte ly i garasje
Etter å ha gått i mål til fjerdeplass søkte ein tydeleg prega Nyenget ly i ein garasje like ved målområdet.
Tårene til ulykkesfuglen trilla.
Grein gjorde også smørjaren hans, Valetina Burich.
Mange i skimiljøet hadde stor sympati med Krüger etter løpet.
– Eg synest synd på han. Han var den einaste som kunne gitt Johannes kamp på slutten, seier Oddvar Brå til NTB.
– Eg får vondt av Martin. For eg trur han var sterkare enn meg, seier bronsevinnar Krüger til NRK.
– Det er vanskeleg å seie korleis det kan ha skjedd. Det er klink nye ski som skal tole meir enn dette. Det er oppsiktsvekkande. Det gjer det ikkje mindre imponerande at han er med på køyret med ein halv ski, kommenterer Martin Johnsrud Sundby.
Fall nummer to
Nyenget fall også på 10-kilometeren tidlegare i VM – og vart også då nummer fire.
På 20-kilometeren tok Nyenget sølv – og på stafetten gull.
– Meisterskapen gjekk opp og ned. Eg fekk med meg to medaljar. Det er eg kjempenøgd med. Eg hadde ingen frå før. Så etter kvart kjem eg til å glede meg over dei. Men på dei to distansane eg har trena mest gjekk det ikkje heilt stong inn, seier Nyenget til NRK etter femmila.
– Det må vere heilt frykteleg når det ikkje lykkast?
– Ja, det er tungt. Eg fekk sett kona og den vesle jenta mi på ti månader i målområdet, og det var hyggeleg.
Fallet til Nyenget.
Foto: NTBPublisert 08.03.2025, kl. 13.51 Oppdatert 08.03.2025, kl. 14.27