Utrøysteleg Nyenget etter nytt fall: – Tragisk

1 month ago 26



– Det er tragisk. Eg får klump i halsen her på Martin sine vegner, seier NRK-ekspert Martin Johnsrud Sundby om Nyenget.

Ulykkesfuglen fekk dermed aldri sjansen til å kjempe om gullet, men måtte nøye seg med fjerdeplass bak Johannes Høsflot Klæbo, William Poromaa og Simen Hegstad Krüger.

– Eit lite sekund der konsentrasjonen er vekke. Og så ligg han der i snøen, sa TV 2-kommentator Marius Skjelbæk.

Søkte ly i garasje

Etter å ha gått i mål til fjerdeplass søkte ein gråtkvalt Nyenget ly i ein garasje like ved målområdet.

Mange i skimiljøet hadde stor sympati med Krüger etter løpet.

– Eg synest synd på han. Han var den einaste som kunne gitt Johannes kamp på slutten, sa Oddvar Brå til NTB.

– Eg får vondt av Martin. For eg trur han var sterkare enn meg, seier bronsevinnar Krüger til NRK.

Fall nummer to

Nyenget fall også på 10-kilometeren tidlegare i VM – og vart også då nummer fire.

På 20-kilometeren tok Nyenget sølv – og på stafetten gull.

Ski-VM 2025

Fallet til Nyenget.

Foto: NTB

Publisert 08.03.2025, kl. 13.51 Oppdatert 08.03.2025, kl. 13.57

Read Entire Article