Etter å ha vunne samanlagt i både utfor og storslalåm, og totalt i verdscupen, skulle Federica Brignone avslutte sesongen med det italienske meisterskapet.
Men på veg ned storslalåmløypa gjekk det frykteleg gale.
Eit kraftig fall enda med to brot i foten og avrive korsband, og ho blei sendt rett på sjukehus.
Morgonen etter ulykka vakna ho og såg ned på skaden. Ho blei nærast sjokkert.
– Kva f*** skjedde? Eg trudde ikkje det var så alvorleg, fortel ho til NRK at ho tenkte.
FLEIRE BROT: Federica Brignone blir frakta ut av bakken etter at ho pådrog seg fleire brot i venstre bein.
Foto: Elvis Piazzi / AP / NTBFrykta ho ikkje kunne gå normalt
Der og da var ho usikker på framtida. Ho frykta det verste.
– For meg var det ikkje heilt sikkert at eg kom tilbake til eit normalt liv igjen, så eg er berre glad det har gått så bra. Det er det aller viktigaste, fortset ho.
– Så det var ikkje sikkert du kunne gå normalt igjen, spør NRK.
– Det var ikkje sikkert, seier ho.
Det italienske skiforbundet opplyste den gongen at Brignone hadde gått gjennom eit vellykka inngrep for eit dobbelt brot i beinet. Ho blei lagd på operasjonsbordet berre nokre timar etter krasjen i storslalåmrennet i Val di Fassa.
DRAMATISK: Brignone blei frakta av garde med helikopter etter krasjet.
Foto: Elvis Piazzi / AP / NTBOL på heimebane i fare
For eitt år sidan stod ho øvst på pallen etter sesongopninga i austerrikske Sölden. I år var ho tilskodar.
– Eg har det bra og er glad for å vere her og sjå alle frå skifamilien. For meg er det godt etter seks månader med opptrening. Det er fantastisk, faktisk, seier ho med eit stort smil om munnen.
KONTRASTAR: I fjor vann Federica Brignone verdscupen i alpint samanlagt. I år er det ikkje sikkert ho får køyrt eit einaste renn.
Foto: Michael Madrid / Reuters / NTBSuperstjerna Mikaela Shiffrin merkar godt at konkurrenten er borte frå alpinsirkuset.
– Det er rart å ikkje sjå ho på start, men det er godt å sjå ho her. Eg kryssar fingrane for at opptreninga går bra, og at ho blir heilt bra. Eg håpar verkeleg vi får sjå ho på start att, seier amerikanaren.
I februar er det OL i nettopp Italia. Det er høgst usikkert om Brignone stiller til start der.
STJERNE: Her feirar Mikaela Shiffrin sin verdscupsiger nummer 100, i italienske Sestriere i februar 2025.
Foto: AFP– Eg veit ikkje. Det er noko eg ønsker, men det er ikkje målet i livet mitt.
Sidan skaden har det berre gått i opptrening av kroppen.
– Ut frå skaden eg fekk, så går det bra, men det er framleis ein veg å gå før eg er tilbake som utøvar att, men eg jobbar hardt.
Ho fortel at det er viktigare å ha eit godt liv framfor å risikere altfor mykje i alpint, men ho vil framleis prøve å komme tilbake så fort som mogleg.
Ein konkurrent mindre
Den norske alpinisten Kajsa Vickhoff Lie fortel at den italienske 35-åringen er ein av hennar aller beste venner i verdscupen.
– Det var skikkeleg kult å sjå ho tilbake gåande, glad og smilande som vanleg. Eg sakna ho skikkeleg nå før start, og eg kjem til å sakne ho på fartsrenn òg. Eg har møtt ho mange gonger utanom ski, og ho er ei skikkeleg kul dame.
TILBAKE: Federica Brignone (i midten) smiler breitt igjen, etter fleire månader med opptrening etter ho skadde seg i april. Her står ho med blant anna Kajsa Vickhoff Lie (t.h).
Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRKMed Brignone ute med skade, er det større sjanse for dei andre å kapre topplasseringane.
– Ein ser jo på plasseringane, og om ein kan komme seg opp, er det for så vidt bra, seier den norske alpinisten med eit lurt smil, på spørsmål om det er bra eller dårleg at den suverene alpinisten i fjor er ute.
Før ho skundar og skyt inn:
– Men eg saknar Federica skikkeleg. Ho bidrar så mykje til sporten.
5. PLASS: Thea Louise Stjernesund enda på femteplass i sesongopninga i Sölden.
Foto: AFPThea Louise Stjernesund stemmer i:
– Slike som ho er så viktig for sporten. Eg kjem aldri til å gløyme da eg køyrde mitt første renn i verdscupen. Ho tok imot meg med opne armar, gav meg ein klem og lurte på om eg skulle køyre mitt første renn.
– Det er jo kult med folk som køyrer sjukt fort. Sjølv om det er irriterande å måtte konkurrere mot dei, så trur eg det løftar oss. Eg vil ha ho på start så fort som mogleg, seier Stjernesund.
Om Brignone stiller til start denne sesongen, er det få som veit. Sjølv seier ho dette om eit eventuelt comeback.
– Eg er positiv for denne sesongen, men det ville vore galskap, avsluttar ho.
Høydepunkter Galatasaray - Bodø/Glimt 3-1 - bilder fra TV 2
Publisert 29.10.2025, kl. 16.18 Oppdatert 29.10.2025, kl. 16.58


























English (US) ·