Varslar dagbøter for båtane som ikkje blir brukt

3 hours ago 3



– Det er ein fantastisk dag i dag. Sjå deg litt rundt. Kvifor ligg alle båtane inne?

Det seier Hans Olav Haugland og er forundra.

Haugland har hatt båt over 40 år. Til saman ti ulike båtar gjennom livet, alle i småbåthamna i Stavanger. Han meiner at «alt var betre før».

– Då var båtane i bruk. Skikkeleg i bruk, sånn som eg hugsar det. No kan du sjå båtar i millionklassen som berre ligg i ro.

Hans Olav Haugland har hatt båt i fleire tiår og elskar båtlivet.

Håkon Kummermo

Haugland meiner at båteigarar held på plassen sin til framtidige generasjonar. Og tilsynelatande gløymer at dei har båten sin der.

– Det er jo ikkje lett å få fjerna heller. Dei betalar og held på båtplassen sin for å gje den vidare til born og barneborn.

Rundt 100 kroner per dag

No har Stavanger motorbåtforeining endra i vedtektene for å få eit juridisk grunnlag til å få bukt med dei båtane som ligg til forfall.

– Me ønskjer ikkje å blande oss for mykje inn i korleis folk behandlar båtane sine. Likevel må me gripe inn om det er fare for søkking, eller fare for nabobåtane, seier styreleiar Helge Skåden.

Ifølgje Skåden, gjeld det båtane som ikkje er i forsvarleg stand.

Eigarane deira skal altså få dagbøter til dei flyttar eller fiksar båten sin.

Kor dyrt dette blir for den enkelte, er framleis ikkje bestemt av styret, men dei anslår det vil liggje på rundt hundre kroner dagen.

Gamle båtar

Helge Skåden seier det er ein barndomsdraum for mange å ein dag få seg båt.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Miljøkonsekvensar

Båtar som ligg til forfall finn ein langs heile kysten av Noreg. Og dei kan vera skadelege for naturen.

– Båtane kan innehalde materialar og delar som er skadelege for miljøet. Dei fleste fritidsbåtane i Noreg er laga av plast og glasfiber. Når det brytast ned, fører det til utslepp av mikroplast og kan eksponere menneske og miljø for farlege miljøgifter.

Leiaren for seksjonen for forsøpling og plastforureining i Miljødirektoratet, Anja Meland Rød, seier det er store mørketal knytt til vrakbåtar på havbotn og langs kysten av Noreg.

Gammal båt

Denne båten ligg midt i ein skog, hundre meter over havet.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

I dag er det ikkje krav om å registrere båtar under 15 meter, korkje private eller næringsfartøy.

Miljødirektoratet vil ha eit obligatorisk småbåtregister.

– I dag er det lettare å dumpe fritidsbåtar i naturen sidan eigaren ikkje er registrert, og derfor ikkje kan haldast ansvarleg, seier Rød.

Anja Meland Rød

fungerande leiar for seksjon for forsøpling og plastforurensning, Anja Meland Rød

Foto: Miljødirektoratet

fungerande leiar for seksjon for forsøpling og plastforurensning, Anja Meland Rød

Foto: Miljødirektoratet

Miljødirektoratet forvaltar ei vrakpantordning til fritidsbåtar. Tala deira viser at mellom 10.000-13.000 båtar blir vraka kvart år.

Den nyaste båtlivsundersøkinga, som kom ut i 2023, anslår at det er litt over ein million fritidsbåtar i Noreg.

Har du båt?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ønsker å rydde opp

Sjølv om omfanget av båtar som berre blir liggjande ubrukt ikkje er stort, er prinsippet med dagbøter viktig, meiner foreininga.

– Det vil truleg dreie seg om langt under ein prosent av dei over tusen båtplassane våre, seier Skåden og fortset:

– Det er mogleg å klage heilt til årsmøtet, men dagbøtene held fram dersom ein taper og ikkje har følgt pålegget.

Ventetida for å få båtplass her er mellom fem til seks år.

– Det er mange som ventar på plass. Då er det dumt at folk held på plassen sin utan å bruke den.

En marina full av båter

Båthamna i Hillevågsvatnet har 1135 båtplassar, som gjer den til ein av dei største i landet. Dei aller fleste er i god stand og blir jamleg brukt.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Publisert 04.08.2025, kl. 15.01

Read Entire Article