Vedums skattekrav: Vil kutte over 10 milliardar

1 hour ago 1



Det er fire veker til valdagen og fyrste dag av Arendalsveka.

Her startar valkampen for alvor med NRKs partileiardebatt klokka 21.15.

Der blir økonomi eit hovudtema, og Trygve Slagsvold Vedum kjem til byen med Senterpartiets nye skattepolitikk.

  • Kutte skatt på inntekter: Sp vil kutte skatt på inntekter med minst 10 milliardar kroner i løpet av fire år. Desse kutta skal gå til folk som tener under ein million kroner i året.

Dei siste fire åra har Arbeidarpartiet saman med SV og Sp kutta skatt på inntekter med 11 milliardar kroner. Her vil altså Senterpartiet halde fram i omtrent same takt.

Det blir skattekutt for arbeidsfolk, ikkje aksjespekulantane. Det er dei som tener mellom 300.000 og éin million. Det er der dei store kutta skal kome, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum holder et kamera og går med en person i dress

Trass regnet var det tett med folk rundt Sp-leiaren i Arendal

Foto: William Jobling / NRK

Samstundes har dei tre partia auka andre skattar. Mellom anna har dei tatt inn 16 milliardar kroner i auka grunnrenteskatt og 10 milliardar ekstra i formuesskatt sidan 2021.

Dette vil Vedum no endre på.

  • Kutt i formuesskatten: Sp vil auke botnfrådraget betydeleg. I tillegg vil dei auke rabattane på verdsettinga av næringseigedom, maskiner og utstyr.

Vi må ha formuesskatt, for alle skal bidra. Men vi må gjere tilpassingar, slik at ikkje formuesskatten blir for høg, seier Sp-leiaren.

Dei et sjokolade, går på do og ber ei bønn. Sjå korleis partileiarane førebur seg til partileiardebatten.

Sprik på raud-grøn side

Dersom Jonas Gahr Støre skal fortsette som statsminister tyder det meste på at han må ha støtte frå minst tre parti etter valet. Men samarbeidet kan blir vanskeleg. Økonomi og skatt er blant områda der dei raud-grøne er minst einige.

Raudt og SV går til val på å auke formuesskatten og kutte inntektsskatt

Og Senterpartiet vil altså kutte i både formuesskatten og inntektsskatten.

Sv-leiar Kirsti Bergstø vil ikkje avvise Vedum si oppskrift, men synest opplegget er for smått.

– Det er riktig retning. Det er veldig bra å kutte skatten til dei med låg og middels inntekt. Men det er viktig at om vi kuttar skatt ein plass, så må vi ta det inn ein annan plass.

en kvinne som holder en telefon

Sosialistisk Venstreparti vil skyve politikken til Støre-regjeringa mot venstre.

Foto: William Jobling / NRK

I motsetning til Senterpartiet vil SV ha skatteauke til folk som har høg inntekt eller formue. Men Bergstø er open for å endre formuesskatten.

– Vi kan gjerne auke botnfrådraget der, men då må vi ta det igjen på toppen, frå milliardærane, seier Sv-leiaren.

– Tek ikkje teoretiske forhandlingar no

Arbeidarpartiet går til val på å ikkje auke skattane.

– Vi skal ikkje auke skattar for bedrifter eller enkeltpersonar. Det skatteløftet ligg fast, seier nestleiar i Ap, Tonje Brenna.

Tonje Brenna tar en selfie på torget i Tønsberg under valgkampen 2025

Tonje Brenna møtte fans på valkamp i Tønsberg

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Utover det avviser ho å kommentere på dei konkrete forslaga frå Senterpartiet.

– Alle forhandlingar får vi ta etter valet. No er det valkamp og eg tek ikkje teoretiske forhandlingar no, seier Brenna.

Meiner staten har råd til skattekutt

I kontrast til Bergstø, meiner Vedum at staten har så mykje pengar at dei kan gjennomføre skattekutta utan auka skatt andre stader.

– Nå er det handlingsrom i den økonomiske politikken. Det er rom for dette, seier Vedum.

– Framstegspartiet har kritisert dykk for puslete skattekutt. Er dette puslete?

– I denne perioden har vi kutta rundt 5.000 kroner i skatt for dei som tener 700.000 kroner i året. For dei som tener rundt 200.000, har vi kutta 10.000 kroner. Det er heilt reelle pengar for folk, seier Vedum.

Følg Debatten klokka 21:15.

Publisert 11.08.2025, kl. 18.28 Oppdatert 11.08.2025, kl. 18.39

Read Entire Article