Veteran ferdig i Narvik Hockey

12 hours ago 4



Tomas Trondsen har flest kampar for Narvik Hockey. No gir han seg, skriv avisa Fremover.

Sportssjef Martin Persson seier at han alltid vil vere ein del av Narvik-familien og at dei håpar å sjå han i ei ny rolle i framtida.

– Det er med stoltheit og vemod at vi takkar «Laiho» for hans innsats i Narvik Hockey. Han har vore ein kulturberar på og utanfor isen, ein spelar som alltid har sett laget først og som yngre spelarar har sett opp til, seier Persson i ei pressemelding til Fremover.

Trondsen seier at ein sliten kropp og fulltidsjobb ikkje lar seg kombinere med spel på øvste nivå lenger.

– Eg har så utruleg mange gode minner frå Nordkraft Arena og Narvik Hockey, og ikkje minst med dei fantastiske supporterane som alltid lagar liv og støttar laget uansett.

Read Entire Article