I 1826 blei den norske grensa til Russland endeleg fastsett. Det skulle ramme eit folk som hadde bevega seg fritt i regionen: Skoltesamane.
Men dei har inga rolle i den offisielle 200-årsmarkeringa av grensa mellom Noreg og Russland i Kirkenes i dag.
– Eg synest jo det er rart. Det gjer meg faktisk forbanna. Det må eg seie, seier sametingsrepresentant Venke Törmänen.
Fire buplassar i året
Den nye grensa gjorde at den nomadiske levemåten til skoltesamane ikkje lét seg føre vidare.
Venke Törmänen fortel om ein kultur som levde av og med naturen. Skoltesamane budde i eit område som i dag er delt mellom Noreg, Russland og Finland. Sauehald var viktig for skoltesamane. Det same var fiske og reindrift.
Dei fleste hadde fire buplassar gjennom året. I dag ligg dei i tre ulike land. Rettane er tapte og livsforma borte.
Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet.
Foto: Ellisif Wessel– Vi mistar språk, vi mistar religion, vi mistar kultur. Vi mistar historie. Kort sagt så mistar vi på ein måte oss sjølv. Det er ingenting igjen.
Skilt av grensa
I løpet av 200 år har det vore store endringar på austsida av grensa. Revolusjonen i Russland sette spor. Da fekk Finland ein korridor til Barentshavet, men Sovjetunionen tok han tilbake etter andre verdskrigen.
Det var dramatisk for skoltesamane, fordi dei måtte forlate viktige område.
– Da er det andre som har kontrollert og påverka kvardagen vår, ikkje vi sjølv.
Ungane kunne ikkje lenger leike reinmerking. Og mange mista kontakt med slektningar. Wenches bestemor måtte leite etter søster si.
– Det gjekk jo ganske mange år før vi fekk høyre kor ho var. Og da hugsar eg at bestemor blei veldig glad, for ho hadde berre éi søster. Og det å få henne tilbake, det var veldig viktig for henne.
Grensedragninga har øydelagt mykje av den skoltesamiske livsforma, seier Venke Törmänen
Foto: Gunnar Sætra / NRKFørste skoltesame på tinget
I fleire tiår har Venke Törmänen jobba aktivt for rettane og kulturen til skoltesamane. Ho er den første skoltesamen på Sametinget.
Arbeidet hennar med å føre vidare skoltesamisk handverk er dokumentert i filmen «Oldemors lue». Ein film om korleis ho og gode hjelparar attskapte ei tradisjonell skoltesamisk kvinnelue.
– Når eg har den hua på meg for første gong, så kjente eg at nå er eg faktisk heil. Nå er ringen slutta. Nå kan eg liksom lene meg litt tilbake og la andre jobbe med saka, og det skjer jo.
Men denne innsatsen er ikkje nok til at skoltesamane får snakke for seg sjølv under 200-årsmarkeringa torsdag.
– Enda ein gong går planlegging føre seg utan at vi tek del i han. Er det enda gamle haldningar som gjeld om at vi er lågast på rangstigen, og det ikkje er nokon vits å snakke om oss? Vi blir knapt nok tekne fram til festbruk.
Blir omtalt
Finnmark fylkeskommune står for den offisielle 200-årsmarkeringa for grensedragninga mellom Noreg og Russland.
NRK spør fylkesordførar Hans-Jacob Bønå om kvifor ingen av eit tital personar på talelista er skoltesamar.
– Det er eit fagleg program som er samansett. Og det er ingen organisasjonar som er inviterte til å ha ei innleiing på konferansen, seier Bønå.
Hans-Jacob Bønå avviser at han sjølv eller fylkeskommunen har negative haldningar til skoltesamar.
Foto: Gunnar Sætra / NRK– Men skoltesamane blir skikkeleg omtalte. Eg kjem til å omtale dei i opningstalen min, blant anna. Så det er ikkje sånn at fylkeskommunen eller fylkesordføraren ønsker å skyve skoltesamane ut.
Bønå seier dette er Finnmarks bidrag til den nasjonale jubileumsmarkeringa. Det er også ein nasjonal komité som er til stades, og som vil bli meir kjent med historia.
– Törmänen har reagert sterkt, og lurer på om det er gamle haldningar til skoltesamane som ligg bak. Kva har du å seie til det?
– Absolutt ikkje. Sjølv har eg ingen haldningar som er negative til skoltesamar eller samar, eller kven det måtte vere.
Bønå understrekar at det skoltesamiske er ein viktig del av eit omfattande program.
– Og alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Eg håpar Venke Törmänen kjem på konferansen og at eg får helsa på.
Publisert 15.04.2026, kl. 22.18












English (US)