Det var tysdag denne veka at det Nasa-støtta Atlas-observatoriet i Chile oppdaga den uvanlege gjesten i solsystemet vårt.
Kometen har fått namnet 3i/ATLAS, og har sidan 1. juli blitt observert med fleire teleskop verda rundt.
Farten er akkurat nå omtrent 66 km/s (240 000 km/t) og vil auke enda meir på veg innover i solsystemet.
Kometen har sidan oppdaginga også blitt funnen igjen på bilde tatt av andre Atlas-observatorium i juni, noko som har gjort det mogleg å rekne ein omtrentleg bane.
Denne banen viser at objektet stammar frå eit heilt anna solsystem.
Berre tredje besøk som er oppdaga
Sjølv om forskarar meiner det er mange små objekt på besøk i solsystemet vårt til kvar tid, er dette berre det tredje objektet som er oppdaga.
Det første besøket i var i 2017, det andre i 2019. Begge var objekt som ikkje likna på noko i solsystemet vårt i det heile.
Det gjer at slike oppdagingar blir sett på som gåvepakkar av forskarar.
Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard seier at kometen som er på besøk er ei unik moglegheit til å få vite meir om forhold i solsystem vi aldri kan besøke sjølv.
Foto: Studio Vest– 3i/ATLAS er eit veldig stort objekt, kanskje rundt 20 kilometer i diameter. Det er heilt, heilt spesielt og gir oss eit unikt høve til å undersøke eit objekt frå eit anna solsystem, fortel ein begeistra Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK.
Den velkjente astrofysikaren seier at objektet nå vil bli følgt tett av teleskop som er over heile jorda – og også ute i verdsrommet. Målet er å finne ut kva slags eigenskapar, form og samansetting det har.
– Rett og slett for å kunne fortelje oss korleis forholda er i eit framandt solsystem – eit solsystem vi aldri har høve til å reise til sjølv å undersøke, seier Ødegaard.
Banen som kometen ifølge Nasa kjem til å følge gjennom solsystemet.
Foto: NASA / JPL-CaltechBlir mogleg å sjå frå Noreg
Sjølv om Atlas-observatoriet i Chile blir brukt til å søke etter objekt som kan treffe jorda, er det inga fare for samanstøytar denne gongen.
Kometen utgjer ikkje noka fare for oss, og på sitt næraste vil han vere rundt 240 millionar kilometer frå jorda, ifølge Nasa.
Objektet kjem nærare jorda utover hausten og den beste perioden for å observere det vil vere i september-oktober.
På grunn av den store størrelsen, vil kometen vere meir lyssterkt enn dei objekta frå andre solsystem som har blitt oppdaga tidlegare.
– Kor lyssterkt det blir sett frå jorda, veit vi ikkje ennå, for det er ein komet. Dei er uføreseielege. Men sannsynlegvis vil ein kunne observere det med mindre teleskop også frå Noreg, seier Ødegaard.
Publisert 04.07.2025, kl. 20.25