Arbeiderpartiet si frykt for konkurranse og nytenking gjer at vegbygginga stoppar opp.
Veg, jernbane, fly og ferjer er livsnerven til nordmenn kvar einaste dag. Enten vi skal på jobb, levere i barnehagen eller på fritidsaktivitetar, er vi alle avhengig av god samferdsle. Det same gjeld for næringslivet. Varer må fram – trygt og raskt.
Skal vi bygge landet for framtida er vi avhengig av at både folk og varer kjem seg raskare og tryggare fram enn i dag. Alle som er på bilferie i år har garantert oppdaga mil etter mil med både smale, rasfarlege og lite framkommelege vegar.
Motorvegutbygging på sviktende grunnlag
Åpen
Hva vil skje om Rødt og MDG havner på vippen?
Åpen
Høgre ønsker eit vesentleg løft for samferdsel over heile landet. Då må vi gjere to ting:
1. Auke løyvingane til samferdsel
2. Auke konkurransen, effektivisere og tenke nytt slik at vi får meir att for kvar krone.
Støre-regjeringa har gjort det totalt motsette. Vegbudsjettet har minka og dei har samtidig brukt all si tid på reversering og ideologiske kjepphestar framfor å bygge landet meir saman.
Har vi eit problem i Noreg er «alltid» svaret meir pengar. Dette gjeld også for samferdselssektoren. Og vi må faktisk klare å løyve meir midlar til infrastruktur framover. Det handlar om verdiskaping, folk sin kvardag, men ikkje minst med tanke på forsvar og beredskap. Men samtidig som vi vil prioritere samferdsel høgare må vi også jobbe med å få meir att for kvar krone. Solberg-regjeringa oppretta Nye Veier der målet nettopp var «meir veg for pengane». Og det lukkast vi med. I snitt har Nye Veier redusert kostnadane med 17 prosent samanlikna med tidlegare. Dette svarar til titals milliardar i sparte pengar som vi kan bruke på andre prosjekt. I tillegg innførte Solberg-regjeringa jernbanereforma, noko som førte til eit langt betre tilbod for passasjerane, om lag 200 fleire avgangar kvar veke og milliardar spart for skattebetalarane.
Vi må faktisk klare å løyve meir midlar til infrastruktur framover.
I staden for å bruke tid på å bygge landet saman har Støre-regjeringa brukt all si tid på reversering. Statsmonopolet på jernbanen skal tilbake og landets mest populære togtilbod, Flytoget, skal leggast ned. Samtidig er det skapt stor uvisse kring Nye Veier.
Medan Høgre er opptekne av å få bygd landet meir saman, jobbar heile venstresida for å få tilbake monopol og gravlegge alle nye initiativ som kan sørge for meir veg for pengane.
Uansett kor du er i sommar, enten det er på eit forseinka tog, ei litt for lang ferjekø eller du sit og ventar på ledebil forbi eit vegarbeid: Det treng ikkje vere slik. Men det er berre ein måte å få til eit skikkeleg samferdselsløft. Vi treng ei ny regjering.
Trond Helleland,
stortingsrepresentant
og transportpolitisk talsperson,
Høyre