Jens Hjertø-Dahl sende Tromsø i leiinga snaue kvarteret inne i kampen med ei heading, etter at Viking-keeper Arild Østbø hadde redda ei heading av Vegard Erlien.
Tromsøs Jens Hjertø-Dahl skårar 1–0 målet under eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Viking på Romssa Arena.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
Kort tid etterpå, medan reprisen av kampens første mål framleis vart vist på TV, forårsaka Tromsøs Tobias Guddal straffe til gjestane. Peter Christiansen, som vart felt av Guddal, sette straffa kaldt og kontakt i motsett hjørne av mål frå det keeper Jakob Haugaard slengde seg mot.
Vikings Peter Christiansen feirar 1–1 målet med laget under eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Viking på Romssa Arena.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTBStillinga var 1–1 til pause.
Viking nytta sjansane dei fekk godt i andre omgang. Først snudde Sondre Bjørshol kampen, då han stanga inn 2–1.
Vikings Sondre Bjørshol scorar 1–2 målet under eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Viking på Romssa Arena.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
Og så, medan Tromsø jaga utlikning, lagde Anders Jenssen ei ny straffe til bortelaget, som Vikings D'Agostino dundra i mål via tverrliggaren.
Viking tar 1–3 leiing ved Nicholas D'Agostino under eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Viking på Romssa Arena.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
Og med det vart medaljedraumen for Tromsøs del temmeleg fjern. «Gutan» ligg no fire poeng bak Brann på bronseplass med fire færre poeng og ein kamp meir spelt.
Viking toppar tabellen med eitt poeng og ein kamp meir spelt enn Bodø/Glimt på andreplass.
Vikingspelarane feirar 1–3 sigeren i garderoben etter eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Viking på Romssa Arena.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
Etter kampslutt omtalar Viking-trenar Morten Jensen første omgang som ein stillingskrig:
– Det er ikkje lett å hamne under mot eit av dei tøffaste bortelaga på ei av dei tøffaste bortebanene i Eliteserien. Heldigvis responderte vi kjapt og utlikna. Og i andre omgang fekk vi endra litt på press-spelet vårt og blir gjerne enda meir direkte, så vi klarer å få med oss dei ekstra marginane i dag.
Vikings trener Morten Jensen etter eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Viking på Romssa Arena.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB– Kva betyr dette i gullkampen?
– Utruleg mykje. Vi hadde spørsmål rundt oss før Brann heime i førre runde. Og dei same spørsmåla kom før denne kampen. No har vi svart på desse og vist at vi ønskjer å henge oss på. Vi gler oss verkeleg til Bryne kjem på besøk i Stavanger neste søndag.
TIL-kaptein Ruben Yttergård Jenssen omtalar kampen som litt merkeleg.
– Vi gjer eigentleg ein ganske fin førsteomgang. Så blir andreomgangen litt for kaotisk. Det er lett å peike på dei straffesparka, som kjennest litt unødvendig. Og det 2 -1 -målet kjennest også unødvendig, men sånn er det jo som regel med baklengsmål. Vi manglar nokre prosent for å vere heilt der oppe. Så vi må berre fortsette å jobbe for å bli enda betre, då vinn vi kampar som denne i dag, seier han.
– Kva er det dei prosentane går på?
– I dag rotar vi vekk ein del ballar som eigentleg burde vere våre. Altså slike 60–40 ballar og 70–30 ballar, som vi har, men så rotar vi litt med pasninga eller mottaket eller undervurderer duellane litt. Og då var Viking gode og straffa oss, svarar Yttergård Jensen
Publisert 19.10.2025, kl. 14.01 Oppdatert 19.10.2025, kl. 18.53