Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap) er uroa for signala Israel sender om at dei vil trappe opp krigføringa på Gaza ytterlegare.

Publisert 25.05.2025 18:22 Sist oppdatert 2 minutter siden
– Krigføringa er allereie valdsam. Lidingane på Gaza er blitt mykje verre etter at våpenkvila blei broten, seier Espen Barth Eide (Ap) til TV 2.
Dødstalet på Gaza nærmar seg 54.000 døde. Det siste døgnet har Israel gjennomført over 100 angrep på Gazastripa.
Ifølgje fleire israelske medier, gjer Israel seg klare til å trappe opp krigføringa ytterlegare.

– Det er svært urovekkande. Ein ytterlegare opptrapping vil bety meir død og meir øydelegging, seier Eide.
Tydelegare støtte
Søndag er utanriksministeren i Madrid for å delta på eit ministermøte om Palestina. Her møtte han mellom anna den palestinske statsministeren Mohammad Mustafa.

Møtet samlar ministrar frå land som har anerkjent Palestina som stat, representantar for EU, Den arabiske liga og Organisasjonen for islamsk samarbeid.
Partane diskuterte mellom anna arbeidet mot ei tostatsløysing.
– Det er ingen tvil om at dei som samlast her er opptatt av den umiddelbare og den akutte krisa, men ikkje minst det å identifisere kva skritt som må takast for å få til ei totstatsløysing, seier Eide.
Skritta han viser til, er mellom anna å anerkjenne Palestina som stat, å styrke den palestinske regjeringa og å normalisere forholdet mellom Saudia Arabia og andre arabiske land og Israel.

Eide seier fleire og fleire land no blir tydelegare i si støtte til Palestina.
– Det er eit teikn på at land som tidlegare har vore forsiktige i sin kritikk av Israel, er blitt tøffare, seier Eide til TV 2.
Politisk løysing
Den humanitære situasjonen på Gaza blir verre dag for dag. Presset aukar på Israel for å sleppe inn naudhjelp og iverksette ei våpenkvile.
Nyleg opna fleire land opp for sanksjonar mot Israel dersom elendigheita ikkje tar slutt.

– Det vi er opptatt av i denne forsamlinga, er vegen vidare. Då kan sanksjonar bidra til å legge ytterlegare press på Israel, seier han, men legg til at dette møtet ikkje i første omgang vil handle om sanksjonar.
Han skildrar situasjonen på Gaza som katastrofal, og seier det internasjonale samfunnet må halde fram innsatsen mot ei politisk løysing på konflikten.
Han meiner møtet i Madrid er eit viktig steg på vegen.
– Midt oppe i tragedien, er det meir diplomatisk aktivitet enn på lenge, seier Eide.