Sommaren er høgsesong for kjappe motorsyklar på fin og tørr asfalt.
Når talet på syklar på vegane går opp, aukar også ulukkestala.
Så langt i år er det meldt om 19 døydde i MC-ulukker. Berre i juni og juli omkom 9 personar.
For ei knapp veke sidan omkom ein 19-åring i ei MC-ulykke i Nordland, og denne veka omkom Adrian Christer Lilleby (16) i ein samanstøyt mellom ein bil og ein motorsykkel.
Dødstala har halde seg stødige dei siste sju åra. Gjennomsnittleg dør 18 personar kvart år i MC-ulukker, viser tal frå Statens vegvesen.
Ofte er berre MC-føraren involvert i ulukkene, desse blir omtala som singelulukker.
Rundt halvparten av ulukkene skjer når folk køyrer ut eller velter, og det er særleg i venstresvingane det går gale, viser ein rapport frå TØI.
– Problematikken er at når ein av oss går i bakken på ein fylkesveg, så sklir me ut i ein venstresving primært, seier leiar i Norsk Motorcykkel Union (NMCU), Arild Lind.
No meiner Lind at Noreg bør sjå til Europa for ei livreddande løysing.
Ellipsar og piler på Europeiske vegar
I sommar var ein delegasjon med representantar frå fleire norske trafikk- og MC-organisasjonar for å sjå på eit prøveprosjekt i Tyrol i dei austerriksk alpane.
Resultatet frå prosjektet viste at oppmerkte sirklar i vegbana førte til ei minking av MC-ulukker på 80 prosent.
Prosjektet vart starta i 2019, der prøvde dei dette på 19 kjende ulukkesstader i Tyrol.
– Ulykkesfrekvensen har gått ned med 80 prosent i svingane der dei har testa desse oppmerkingane. Det er tal som er så oppsiktsvekkande at ein nesten ikkje skulle tru det var sant, seier Lind i NMCU.
Tal frå Statens vegvesen viser at dei fleste dødsulukkene skjer i svingar.
Prøveordninga i Tyrol gjekk ut på å teipe eller måla sirklar eller ellipsar, langs midtstripa. Desse merkingane er meint å rettleie motorsyklistane til å velje rett spor i krappe og utfordrande svingar.
Dagleg leiar i Noreg Motorsykkel Union, Arild Lind.
Foto: Arlid Lind / NMCU– Universell tanke blant alle motorsyklistar
Lind trur éi av årsakene til at desse merkingane fungerer er fordi motorsyklistar prøver å unngå glatte overflater i køyrebanen.
– Det er ein universell tanke blant alle motorsyklistar at du skal halde deg langt unna kumlokk, trikkeskjener og måling i vegen når du køyrer motorsykkel, seier Lind.
Lind legg til at desse sirklane også fører til lågare fart inn mot svingane, utan at dei mister gleda eller opplevinga av å køyre motorsykkel. Lågare fart i svingane får også ned skadepotensialet om MC-førarane skulle vere uheldige, fortel Lind.
– Dette er gjennomprøvde tiltak over seks år i Austerrike som har spart mange liv og unødige skadde. Me har ikkje tid eller råd til at eventuelle byråkratiske hindringar eller andre innvendingar skulle forsinke oss frå å rulle ut tre-fire pilotprosjekter snarast mogeleg på utvalde stader i landet, seier Lind.
Han meiner at det hastar å få i gang ei liknande prøveordning i Noreg.
Denne skjermdumpen frå Google Maps viser sirklane på ein svingete veg ved Schönberg om Stubaital 20 minutt sør for Innsbruck i Austerrike.
Foto: Skjermdump Google MapsI Skottland har dei også prøvd ei liknande løysing. Der er det pilar som peikar inn mot svingen og åtvarar MC-førarane, står det på skotske vegmyndigheiter sine sider.
Også her har dei enkle vegmerkingane ført til færre ulukker, ifølgje skotske transportmyndigheiter.
– Noreg er eit paradis for motorsykkel
På ferjekaia i Bodø møter me fleire MC-turistar, ein av dei er Ajnur frå Lugano i Sveits. Han tykkjer at det er perfekt å køyre på dei norske sommarvegane.
– Noreg er eit paradis for motorsykkel, seier Ajnur Bajramoski.
Han er ein erfaren motorsyklist som har køyrt i fleire europeiske land. Han meiner norske vegar skil seg positivt ut samanlikna med til dømes Italia og Sveits.
– Det er gode vegar i Noreg, trygge og perfekte å køyre på, seier Bajramoski.
Ajnur Bajramoski, frå Lugano i Sveits på ferjekaia i Bodø. – Noreg er eit paradis for motorsykkel, seier han.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– I Sveits og Italia er krevjande å køyre, men her er det mjukt og kult, legg han til.
Han trur forslaget om å måla ellipsar på vegane i Noreg kan vere eit godt tiltak for å hjelpe MC-førar å leggje seg rett i svingane, men han meiner at erfarne MC-førar veit å gjere det frå før av.
– Ein ekspert gjer dette automatisk, men for ein uerfaren førar kan det fungere bra, seier Bajramoski.
Bajramoski peikar på at god vegstandard og fokusert køyring er avgjerande for tryggleik.
– Du køyrer trygt når du fokuserer på vegen – ikkje på utsikta, legg Sveitsaren til.
Motorsyklistar frå mange land samlar seg for ein prat på ferjekaia i Bodø.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Eg vil ikkje gå god for desse tala
Førstelektor ved Nord Universitet i Trafikkfag, Jan Petter Wigum, meiner at prøveprosjektet er interessant, men at det må testast grundig i fyrst.
Samstundes er han positiv til meir forsking på tryggingstiltaket.
– Årsaka til utforkøyring i sving har ofte med fart å gjere, seier Wigum, ved Nord Universitet.
Wigum har forska på korleis ein kan gi betre opplæring til MC-førar og kva som gjere at nokre MC-førar mislukkast i svingane.
– Eg vil ikkje gå god for desse tala og seie at dette har ein 80 prosent fartsreduserande effekt. Det har me for lite kunnskap og talgrunnlag til å seie, seier Wigum.
Jan Petter Wigum, Førstelektor og forskar ved Nord Universitet.
Foto: Adrian Svendsen BensvikVidare trur han sirklar i vegbana kan ha ein effekt på å få ned farta i svingar. Lågare fart fører også til at det blir færre ulukker, meiner trafikkforskaren Wigum.
Han meiner også at desse merkingane kan fungere ulikt på ulike MC-førar.
– Eg meiner med det, at for dei motorsyklistane som opplever dette for fyrste gong, vil truleg desse ukjende merkingane ha ein fartsreduserande effekt. Men om ein blir vand med merkingane vil effekten forsvinne.
Han trur oppmerkinga har fungert ekstra godt i Tyrol fordi det er mange utanlandske MC-turistar der frå ulike land som møter sirklane for fyrste gong.
–Det blir opp til kvar enkelt motorsyklist å forstå kva kompetanse ein har, og køyre deretter, seier han avslutningsvis.
Mange motorsyklistar skal til Lofoten for å oppleve flotte landskap langs vegen. Her ventar dei i ferjekøen på ferjekaia i Bodø.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKIfølgje rapporten frå TØI er spesiell MC-skilting og oppmerking i vanskelege svingar prøvd og evaluert i liten grad og bør testast ut før det vert brukt i større omfang.
Publisert 07.08.2025, kl. 11.41