Villa Sult stenger dørene

2 hours ago 2



– Vi skal ikkje legge skjul på at åra med mange omtalte saker har vore veldig krevjande, seier Bente Sommerfeldt.

Psykolog Bente Sommerfeldt

Dei siste åra har vore krevjande på fleire måtar, seier Sommerfeldt.

Foto: Marianne Ytre-Eide

Ho har i fleire år vore fagleg direktør ved Villa Sult. No legg stiftinga i Oslo ned drifta, stadfestar Sommerfeldt overfor NRK. Det skjer etter fleire år med utfordringar for behandlingsstaden.

I 2023 gjekk Finn Skårderud ut av stillinga som øvste sjef, medan skuldingar om manglande helsehjelp til pasientane hans blei undersøkte.

I 2024 konkluderte Statsforvaltaren med at Villa Sult hadde brote lova om forsvarleg helsehjelp. Det skjedde etter ein tidlegare pasient varsla om behandlinga, skriv Aftenposten.

Avviklinga har ikkje noko med saka rundt Finn Skårderud å gjere, då hadde vi lagt ned for lenge sida, seier Sommerfeldt.

Men ho seier kritiske blikk og negativ omtale har vore krevjande å stå i, òg personleg.

Drifta som er organisert av stiftinga blir no avvikla. Det går mellom anna ut over Villa Sult sine lågterskeltilbod til pasientar med eteforstyrringar.

– Det har vore krevjande økonomiske tider. Kostnadane går opp, og dei som gjev oss pengar må vurdere donasjonar nøye.

Behandlingsrom på Villa Sult.

Fleire behandlarar hjå Villa Sult vil no halde fram behandling av pasientar ein annan stad i Oslo.

Foto: NRK

Fleire behandlarar hjå Villa Sult vil no halde fram behandling av pasientar ein annan stad i Oslo.

– Det er trist å legge ned noko ein har brukt veldig mykje tid og krefter på. Og vi har hatt tru på å vere ein stad som skal supplere det offentlege helsetilbodet. Så det er synd at eit lågterskeltilbod forsvinn, særleg når mange har behov for hjelp.

Grunnleggar mista autorisasjonen

Villa Sult blei starta som ei ideell stifting i 2014 av Finn Skårderud og Pål Georg Gundersen.

Føremålet har ifylgje stiftinga vore å bidra førebygging, behandling, informasjon og forsking kring eteforstyrringar.

I 2022 opna Statsforvaltaren tilsyn mot Skårderud, etter fleire varsel mot den profilerte psykiateren. I desember 2023 trekte Helsetilsynet tilbake Skårderud sin autorisasjon, og tok frå han retten til å praktisere som lege.

Skårderud sin klage på tap av autorisasjon nådde ikkje gjennom.

I mai 2025 sa den tidlegare behandlaren til VG at han truleg vil gå til sivilt søksmål mot staten, for å få legetittelen tilbake.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Finn Skårderud.

Publisert 17.10.2025, kl. 16.49

Read Entire Article