Når uro for villreinen blir møtt med slaktevekt, blir hovudproblemet oversett.
Kort oppsummert
Forvaltning av villrein i Setesdal Austhei fokuserer for mye på slaktevekt og ikke nok på areal og helhetlig belastning.
Ordførerens Vekt-fokus overser viktige problemer som arealbruk og økosystemstress.
Kommunen mangler en samlet vurdering av effekten av planlagte inngrep, som kan ha stor påvirkning på villreinens leveområder.
En helhetlig tilnærming kreves.
Oppsummeringen er laget av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikret av våre journalister.
Les mer om hvordan vi forholder oss til kunstig intelligens.
Villreinforvaltning handlar først og fremst om areal, samanheng og samla belastning – ikkje berre om tal og vekt på dyra.
I sitt innlegg i Setesdølen om villreinen på Austheia legg ordførar i Valle Lars Tarald Myrum stor vekt på slaktevekter og bestandsforvaltning. Det kan gi inntrykk av at situasjonen er under kontroll. Problemet er at dette berre adresserer ein liten del av det lovverket faktisk krev at kommunen vurderer.
Påstanden om at kunnskapen om villreinen i Setesdal Austhei ikkje held mål, stemmer dårleg med røynda. Sidan midten av 2000‑talet har villreinen vore systematisk kartlagt gjennom radiomerking, og vi har i dag detaljert kunnskap om arealbruk, trekkvegar og sårbare funksjonsområde. Utfordringa er ikkje mangel på kunnskap, men korleis denne kunnskapen blir lagt til grunn i arealforvaltninga.
Villreinforvaltning handlar ikkje først og fremst om tal og vekt, men om areal, samanheng og samla belastning. Det er nettopp difor naturmangfaldlova § 10 slår fast at påverknad på natur skal vurderast ut frå den samla belastninga økosystemet er eller vil bli utsett for. Denne vurderinga kan ikkje reduserast til enkeltindikatorar, og ho kan ikkje gjerast stykkevis og delt.
Når ordføraren viser til slaktevekt, argumenterer han i praksis ut frå bestandsforvaltning. Det er berre éin del av vurderinga. Staten si kvalitetsnorm for villrein, utvikla av NINA, vurderer derimot økosystemfunksjon – der arealtilstand, fragmentering og samla menneskeleg påverknad veg tungt. Kvalitetsnormen viser at villrein kan vere i moderat eller dårleg økologisk tilstand sjølv med god slaktevekt, dersom leveområda blir fragmenterte og randsoner bygde ned. Slaktevekt seier noko om dyra her og no, men lite om villreinen har funksjonelle leveområde på sikt.
I Austheia og Kvisle‑området ligg det føre ei rekkje eksisterande og planlagde inngrep i randsona til villreinområdet: hyttefelt, vegar, ferdsel og nye utbyggingsinitiativ, t. d. utbygging av Brokke alpinsenter mot Rysstadåsen. Likevel er det påfallande at kommunen enno ikkje har lagt fram ei heilskapleg vurdering av samla effekt av desse tiltaka. I staden blir kvart tiltak behandla for seg, ofte med argument om at planen ligg i bygdeutviklingssona og villreininteresser er avklart. Det er nettopp denne praksisen naturmangfaldlova er meint å hindre.
Høgsterett har vore tydeleg på dette i nyare praksis. I HR‑2026‑730‑A understrekar retten at overordna arealval skal takast på rett plannivå, før ein opnar for irreversible inngrep. Sterke natur‑ og arealomsyn kan vere avgjerande åleine, og private forventningar eller lokale ønskje kan ikkje brukast til å senke dei rettslege tersklane. Når tersklar først er passerte, er det for seint å rette opp i etterkant.
I Setesdal Austhei er trekkpassasjen over RV 450 ved Bjørnevatn ein kritisk flaskehals mellom vinterbeita i nord og kalvings‑ og sommarområda i sør. Dette er godt dokumentert gjennom forsking. Kollapsar denne forbindelsen, fell mykje av grunnlaget for villreinen bort. Det er difor avgjerande at Valle sitt planarbeid tek ansvar for desse funksjonelle samanhengane – før dei blir brotne.
I Valle er vi no midt i ei revisjon av kommuneplanen. Det er her dei avgjerande vala blir tekne – også for Brokke, Austheia og randsonene mot villreinområdet. Skal nye område opnast for utbygging, må kommunen først vise at den samla belastninga er vurdert. Denne vurderinga kan ikkje skyvast til reguleringsplanar eller dispensasjonar seinare.
Villreinen taper ikkje fordi eitt vedtak er litt for stort. Han taper når mange vedtak aldri blir sett i samanheng. Det er nettopp dette naturmangfaldlova § 10 skal hindre.
Slaktevekt kan seie noko om dagens dyr. Arealpolitikken i Valle avgjer om det finst villrein her også i framtida.
Staten si kvalitetsnorm for villrein, utvikla av NINA, vurderer økologisk tilstand ut frå økosystemfunksjon. Villrein kan vere i moderat eller dårleg tilstand sjølv med god slaktevekt, dersom leveområda blir fragmenterte.







English (US)