KRONIKK: Vindkraft er eit alvorleg trugsmål mot Noregs eldste kulturlandskap, lyngheiane på Jæren, skriv Audun Steinnes.
Audun Steinnes
Pensjonert naturforvaltar
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Stavanger feirar i år at den eineståande domkyrkja har vore i samanhengande bruk som kyrkje i 900 år og legg til grunn at byen er om lag like gammal. I nesten heile denne tida har byen vore ei forblåsen lita klynge med trehus.
Men korleis såg omlandet til byen ut, utanfor den avgrensa trehusbyen? Stavanger og Jæren hadde kulturpersonar som gjev oss inntrykk av korleis dette var for 100-150 år sidan. Bernard Hinna sitt målarstykke «Myrlende» viser korleis det var rundt 1880 der det nå er 4-felt motorveg.
Dette er representativt, Jæren var brun, dominert av myrar og heiar, av og til med ein grøn flekk med ein gard på ein sjølvdrenert grushol. Dette kan ein framleis ana, i mindre område som Dalsnuten, Hellestøveden og Edlandsfjellet ved Ålgård. Litt av dette frå Stavanger til Ogna og inn i Bjerkreim vart festa til lerretet av stavangerdama Kitty Kielland. Det var fjell og fjordar som hadde status i kunstmiljøet den gong, men Kitty si torvmyr vart likevel vist i Salonen i Paris i 1879/80.
Haugtussa
Ein ung bondeson frå Time, Arne Garborg, tykte Jæren var stygg og reiste til hovudstaden med lett hjarte. Men det han skriv mot slutten av hundreåret syner tydeleg kor djupe spor dette landskapet hadde sett. I 1895 kom diktsamlinga Haugtussa. Modellen for hovudpersonen Veslemøy skal ha vore ei tenestjente frå Snorestad opp mot Sikvalandskulå der faren leigde smalabeite. Samlinga er sterkt prega av heilandskapet her. Etter at han fekk diktarstova si i 1899, gjekk han mykje i desse heiane (og elles på Jæren), dei levande skildringane av dette kom i ”Knudaheibrev” i 1904.
Men dette kulturlandskapet er mykje eldre enn dette. Lisbeth Prøsch Danielsen ved Arkeologisk Museum Stavanger med fleire har ved hjelp av pollenanalysar dokumentert at dei massive varmekjære lauvskogane på delar av Låg-Jæren alt frå yngre steinalder måtte vika for lynghei, eng og myr gjennom beiting og brann. Denne utviklinga på Låg-Jæren og Lista er det fyrste dømet på eit husdyrdominert landskap i Noreg.
4000 års historie
I bronsealderen er Låg-Jæren heilt dominert av lynghei og myr, og i folkevandringstida rundt 500 e.kr har avskoginga nådd langt inn i Bjerkreim. I hundreåra før rikssamlinga ligg altså tunge maktsentra som Sola/Jåttå, Hauge/Høye i Klepp, Utstein og Avaldsnes sentralt i dette lyngheilandskapet og gjev liten tvil om kva som utgjorde vikingtidslandskapet i denne politisk og kulturelt tunge landsdelen der i sørvest.
Utover 1900-talet har låglandet i fylket blitt heilt omdanna som det viktigaste området i landet for husdyrproduksjon gjennom oppdyrking og oppgjødsling. Men det sterke husdyrmiljøet som og hadde interesse for utmarksbeiting førte til at tilgroinga har vore mindre enn dei fleste andre stader i landet. Derfor var det sist på 1900-talet store landskapsrom dominerte av kystlynghei, der folk kunne oppleva dette økologiske kulturminnet som representerer ei 4000 år gammal historie. Det er derfor gode grunnar for å kalla desse landskapa det eldste kulturlandskapet i landet.
Sterkt trua landskap
Den sterke endringa med tilgroing, bartreplanting, oppgjødsling, oppdyrking og nedbygging, gjorde at kystlynghei kom på raudlista for naturtypar som sterkt trua og fekk status som utvald naturtype etter den nye naturmangfaldlova i 2015. Miljøminister Tine Sundtoft kunngjorde dette 30. april 2015 på Store Marøy i Stavanger, der Naturvernforbundet dreiv og driv skjøtsel av kystlyngheia. Likevel vart det gitt løyve til å bygga vindindustrianlegg på store areal med kystlynghei i Rogaland. Det største kjende kystlyngheiområdet i landet er halvert på grunn av Bjerkreim vindkraftverk.
Dette landskapet sette djupe spor i kunstverka til Arne Garborg og Kitty Kielland. Det er framleis truleg ein del landskapsrom der ein kan oppleva dette vikinglandskapet og det eineståande kulturlandskapet utan vindturbinar. Nord-Jæren er det tredje største storbyområdet i landet, det største som ikkje har bymark. Ein skulle tru at det var særleg viktig for dette storbyområdet å ta vare på ein slik opplevingsverdi.
Historia forsvinn
Landbruket i Rogaland har gjort ein særleg stor innsats for å ta vare på slike landskap ved skjøtselsavtalar over jordbruksavtalen på over 100 km2 i Regionalt miljøprogram. Miljøforvaltninga har i fleire år arbeidd med verneplan for naturtypar som så langt er lite dekka av verneområde. Statsforvaltaren har kome med framlegg om å verna strendene på Vest-Karmøy og fleire kystlyngheiområde som så langt ikkje har vindkraftutbygging. Det største av desse, Moi-/Lakssvelafjellet, er nå trua av vindkraftutbygging av Statkraft. Dette skjer trass i at Energidepartementet avviste konsesjon i 2015 på grunn av tunge nasjonale fauna-. natur- og kulturlandskapsinteresser og særleg dramatisk landskapsverknad.
Det siste året har dei to største teatera i Oslo, Det norske teateret og Nasjonalteateret sett opp stykke bygd på Haugtussa til strålande kritikkar. Dette syner at Haugtussa ikkje er eit forelda produkt frå nasjonalromantikken, men engasjerer sterkt i dag. Dette er berre endå eit moment for at det ville vera svært uheldig å redusera høvet til å oppleva landskapa som inspirerte Arne Garborg og Kitty Kielland så sterkt og som har dominert i omlandet til Stavanger i desse 900 åra.
Publisert:
Publisert: 3. juli 2025 15:02