Setesdal er eitt av dei mest særmerkte dalføra i Sør-Noreg, eit område som rommar både verdifull natur, levande bygder og ei sterk kulturarv.
Planane om vindkraftutbygging i Bygland vitnar om ein alvorleg mangel på heilskapleg tenking. Vindkraft høyrer rett og slett ikkje heime der.
Ei utbygging av vindkraft i Bygland vil føre til omfattande naturinngrep. Fjell og vidder som i dag framstår som urørde, må sprengjast opp for turbinfundament og kilometerlange anleggsvegar. Dette vil få store konsekvensar for villrein, fugleliv og økosystem som alt er under press. Dei visuelle og støyrelaterte verknadene vil òg endre landskapet for alltid, eit landskap som både lokalbefolkninga og tilreisande verdset nettopp for naturglede og stillheta.
Setesdal har i over hundre år bidrege til nasjonen si straumforsyning gjennom vasskraft. No vurderer altså Bygland å gje frå seg endå meir natur, medan verdiane vert førte ut av regionen. Dette er ikkje berekraft, men urettvis ressursforvalting.
Noreg treng fornybar energi, men løysinga kan ikkje vere å industrialisere store naturområde som dette. Vindkraft kan ha si plass, men ikkje i eit dalføre der natur, kultur og identitet heng så tett saman som i Bygland og Setesdal.
Setesdal bør ikkje reduserast til eit kraftreservoar. Dalen bør forvaltast som eit levande landskap, for menneske, natur og kommande generasjonar.
Bulysten til den noverande lokalbefolkninga i Bygland vert no sett på prøve.
Korleis ein no skal trekkje til seg nye innbyggjarar og arbeidskraft vert neppe enklare midt i ei bygdestrid…som no eit knapt fleirtal av politikarane faktisk har sett i gong.


















English (US) ·