VM-festens usynlege heltar

1 day ago 5



Folkefesten held fram laurdag, og i kulissane står folk klare for å sikre ein gøy og trygg kveld for festglade nordmenn.

Heile landet førebur seg til fotballfest.

Om festen endar i gledesrus eller tårer gjenstår å sjå.

Men ikkje alle kan senke skuldrene i timane før og etter Noreg møter England til ein historisk kamp.

I kulissene står folk på dag og natt for at resten av landet kan leve i fotball-eufori.

Pølser til folket

Ein av dei er Erlend Dahlbo – ein meister i å koke wiener.

For utan mat og drikke duger supporteren ikkje.

En rød bygning med et skilt på der det står syverkiosken

Pølseseljaren er travel med å sette ut nye flagg ved serveringsluka.

Etter sigeren mot Brasil blei mange av flagga til kioskeigaren tatt av jublande nordmenn.

– Folk køyrde forbi, tuta og flagga. No har vi flagg på plass igjen, seier han.

en person som står inne i en pølsebod, han setter opp et norsk flagg ved luken

Dahlbo har god erfaring med pølsesal til kampsvoltne nordmenn.

Kor var Dahlbo då Noreg slo Brasil i 1998?

Jo, han selde pølser så klart.

– Då Noreg spelte mot Brasil i 98 var stemninga sjuk, men eg synest det var enda betre i år, seier han.

Lysten på pølser er like stor i år som på 1990-talet, skal vi tru pølseseljaren.

– Folk er glad i pølser både før og etter kamp, seier han.

en haug med pølser ligger i en vinduskarm, bygget er rødt i tre og foran pølsene ligger det blomster

Pølseseljaren spår at pølsesalet blir best før og etter fotballkampen.

– Søndag trur eg det kjem til å vere heilt vilt.

– Kva er betre enn ei pølse når du er fyllesjuk?

  • En person som sitter i et vindu (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    – Kva vil du ha, spør pølsemeisteren.

  • en person som tar ut en pakke pølser fra et stappfullt skap

    – Klassikaren, svarar kompis Stein.

  • en mann holder en pølse med en klype og smiler

    – Den må ikkje ligge for lenge i vatnet, understrekar han.

  • en person som legger syltet løk på en pølse

    Sylta løk, ja takk!

    Foto: Kaspara Stoltze / NRK
  • en person som holder en pølse og legger sprøstekt løk på toppen

    Ooog sprøstekt så klart!

  • en person som holder en pølse med lompe på toppen

    Krona på verket er ei lompe, då kan du både ete og ro utan frykt for å miste toppinga

  • en mann med skjegg som spiser en pølse

    Kva med smaken?

  • en person som spiser en pølse

    – Pølsa låg kanskje litt lenge i kjelen, seier Stein. – Ja, fotografen skulle jo ha bilete så det blei nokre ekstra sekund, svarar sjefen.

Dahlbo er klar for å selje pølser til folket, og understrekar at gode førebuingar er nøkkelen.

– Det har mykje å seie å vere rutinert. Om ikkje tapar du pengar og får sure kundar.

Og blir det for mange pølser før, under eller etter kamp, melder eit anna behov seg:

Supporteren er tørst.

Ofrar kampen for øltørste supportarar

For fotballtørste nordmenn er ein kald pils eller to obligatorisk til pølsematen.

Men før ølet er på plass i supporteren si hand, må riggen for ølsal byggast opp.

Sveitte, tolmod og tunge løft er det som må til for å få tappekranene klare til festen.

en ung mann i bar overkropp løfter et bord

Serviceteknikarane i Ringnes har jobba helger og seine kveldar i sommarvarmen for sløkke tørsten til fotballfrelste nordmenn.

Robin Celine Stensrud jobbar på i solsteiken for å få klar totalt 68 ølkraner på Frogner Stadion i Oslo.

en ung kvinne med lyst hår og briller

– Folket skal få øl og anna kald drikke.

Robin Celine Stensrud

serviceteknikar

– Det blir nokre liter øl, seier ho medan ho ber ølslangar bortover anlegget.

– Og det har blitt lagt nokre kilometer med ølslangar, legg Eskil Dahlen til, senior teknisk leiar ved Ringnes.

Sveitten renn i det gradestokken nærmar seg 25 varmegrader i skuggen.

Dahlen er imponert over serviceteknikarane sin arbeidsinnsats under verdscupen, og er trygg på at ingen skal gå tørste frå stadionen på laurdag.

– Vi har kapasitet til å køyre ut nok øl, også i det alle vil kjøpe øl samtidig, seier han.

Både Dahlen og Stensrud må sjølv ofre å sjå fotballkampen for å sikre at ølsalet går som smurt.

– Det er verdt det. Vi er på jobb for å sørge for at flest mogleg får ei god oppleving med kampen, men også gode drikkeopplevingar, seier Stensrud.

Utradisjonell supporterbutikk

Ein pils eller to skal supporteren klare å oppdrive gjennom kvelden, men om du først no er på jakt etter ei landslagsdrakt kan du få deg ei utfordring.

Noreg har blitt farga i raudt under verdscupen, men den raude tråden er ikkje lett å få tak i.

Under meisterskapen har fleire sportsbutikkar vore utseld for landslagsdraktene.

Og raudt garn er rive frå butikkhyllene.

Det har ført til at nordmenn strøymer til suvenirbutikkar i håp om å skaffe seg VM-effektar.

– Det går mange skjerf og ein del T-skjorter. Eg har mista teljinga, seier butikkeigar Kristoffer Mellberg om suvenirsalet under VM.

Mellberg ikkje van med så mange nordmenn innom butikken i høgsesongen.

en person som holder et supporter skjerf for Norge, han har på seg en rød t-skjorte der det står "ro, ro, ro" med et motiv av et vikingskip

Suvenirbutikken er i ferd med å gå tom for skjerf like før England-kampen, og det å få tak i fleire kan bli utfordrande.

– Dei fleste leverandørane er utselde, så vi må finne andre leverandørar enn vanleg for å få varar, seier butikkeigaren.

– Også turistane kjøper mange norske ting fordi dei synest det er gøy at Noreg er i VM.

For å sikre at nordmenn kan stå kampklare i raudt, kvitt og blått, har suvenirseljaren stått på ekstra i forkant av kampen.

Kven som må opne butikken søndagsmorgon er enda ikkje avklart, men med ein engelskmann blant dei tilsette er det truleg kampresultatet som avgjer kven som endar opp bak kassen.

«Hjartet av Ruter» transporterer deg heim

Men det hjelper lite med eit nytt skjerf rundt halsen om du ikkje kjem deg til VM-festen.

I «hjartet av Ruter», også kjent som operasjonssentralen, sit dei klare til å handtere ei kvar utfordring i kollektivtransporten natt til søndag.

en kvinne med mørke klær og mørkt hår står foran et stort bygg i solen

Dersom det blir kaos, er det opp til dei å løyse problemet og varsle dei reisande.

– Vi er på ein måte navet, seier Emelie Stenseth.

– Kva trur du kjem til å skje i dette rommet på laurdag?

– Det blir ein veldig krevjande situasjon, men vi er godt førebudd og har bemanna opp, seier ho.

Ruter skal «få alle trygt heim» etter kampen, forsikrar Stenseth.

– Vi ønsker at folk skal nytte reiseplanleggaren og berekne god tid. Ta vare på kvarandre og lytt til sjåførar og tryggingspersonell, seier ho.

Det er uvisst kor mykje av kampen dei tilsette ved Ruter har tid til å få med seg, men verksemda har tatt grep for å gjere dagen best mogeleg for dei som må stå på under kampdagen.

– Så det blir nok god stemning både her og ute i gatene, legg ho til.

Etter førre kamp stod folk i lange køar på kollektivtransporten for å komme seg til folkefesten utanfor Slottet – i oppdraget med å vekke kongen.

Natta blei travel for politiet som skulle sjå til at festen gjekk fint for dei nær 100.000 frammøtte.

Men for nokon enda kvelden med eit besøk hos ein gjeng kvitkledde fotballsupporterar.

«Skada i eufori»

Om uhellet først skulle vere ute, skal du ikkje sjå bort ifrå å bli møtt av ein sjukepleiar eller lege i bøttehatt og landslagsdrakt ved Oslo skadelegevakt.

Og til alle drakt-eigarar som er uroa for å hamne på skadelegevakta og få drakta klipt opp, har fagsjukepleiar Karianne Todal ein gledeleg nyheit:

– Til no har vi ikkje måtte klippe opp nokon drakter.

– Men om det er nødvendig, så må vi det, skyt overlegen inn frå sida.

Under VM-festen har helsepersonellet fått brynt seg på nye skadar knytt til roing og eufori.

– Eg sat i mottak dagen etter Brasil-kampen, og då kom det ein del som hadde feira på seg ein skade, seier fagsjukepleiaren.

Under Brasil-kampen var heile 48 pasientar innom skadelegevakta, til vanleg kjem det rundt 30 til 35 pasientar på ei helgenatt.

21 av dei oppgav VM-feiringa som skadeårsak.

– Det blei ei av rekordnettene i år, seier Enger.

Elles har skadelegevakta tatt hand om skadar relatert til rus, fall, kutt og vald.

– Med mykje alkohol og festing er det dessverre alltid ein prosentdel med valdsutøving, og dei kjem hit, seier overlegen.

Trass dette er dei tilsette overraska og imponert over kor bra det norske folk oppfører seg under den store folkefesten.

– Med tanke på kor mange som var ute i Oslo den natta, tenker eg at vi kan halde fram slik på 17. mai og nyttårsaftan, seier Todal.

Sjukepleiaren og legen rår folk til å vere rause med kvarandre, drikke med måte og ta eit glas vatn mellom slaga.

– Det er sunt for folkehelsa å vere saman og ha denne opplevinga i lag, seier overlegen.

Skadelegevakta har sett inn ekstra legar og sjukepleiarar til å ta hand om nordmenn natt til søndag.

Sjølv om overlegen er trygg på at dei tilsette er godt rusta for helga, innrømmer ho at dei ikkje har tidlegare erfaring med kvartfinale og tropenatt på ein og same laurdag.

Til no har kampane mot Frankrike og Brasil vore dei travlaste vaktene.

– Det var berre eit gløtt bortom TV-en under kampen. Vi fekk sett måla iallfall, seier sjukepleiar Maren Andresen, som jobba under Brasil-kampen.

Imellom slaga med sår, brot, sying og gips kan dei som har fått England-kampen i turnusen sin, sjå fram til pizza, godteri, flagg og bøttehattar.

Andresen, Todal og Enger har fri i helga, og ser fram til å kunne sjå kampen i sin heilskap.

Når festen er over

Forhåpentlegvis er Noreg klare for semifinalen i det ølkrana er stengt og kebaben er fortært på veg til bussen.

Du bretter supporterskjerfet for kvelden – kanskje med eit ferskt sting eller to i augebrynet.

Akkurat då kan du ta ein augneblink til å applaudere alle dei som held VM-festen i gang.

Person med norsk flagg går over en asfaltert flate ved en park om kvelden.

Foto: Jonas Sandboe / NRK

Publisert 11.07.2026, kl. 08.22

Read Entire Article