VM-kampane avlivar seigliva myte: – Alle verkar å tru at det gir ein fordel

2 hours ago 3



Har du høyrt at det er ein fordel å starte ein straffesparkkonkurranse? Då er du nok ikkje aleine.

– Det er ein myte at det er ein fordel å skyte først. Det betyr ikkje at det er ein fordel å skyte som nummer to, men at dette berre ikkje vil ha særleg mykje å seie, seier Geir Jordet til NRK.

Jordet har forska på straffer i årevis, og NIH-professoren har også skrive bok om psykologien som ligg bak straffer og straffesparkkonkurransar.

– Dette kjem av forsking som blei publisert for 15 år sidan som viste at dei som startar vinn 60 prosent av straffekonkurransane. Og dette har sidan blitt kommunisert og gjentatt om og om igjen, seier Jordet.

– Sanninga er at når forskarar i nyare tid gjentar desse studiane med langt større og betre utval så forsvinn denne fordelen heilt. Dei største og beste studiane viser at laget som startar vinn 49 prosent av gongene, seier han vidare.

portrett av mann

EKSPERT: Geir Jordet åtvarar mot å lese for mykje ut av årets VM-trend.

Foto: Privat

– Snudd på hovudet

Ser ein på årets VM er det i alle fall absolutt ingen ting som tyder på at det er ein fordel å starte først. Berre sjå her, på dei fire straffesparkkonkurransane ein har hatt til no i VM:

  • Sveits – Colombia: Colombia starta (med skåring), Sveits vann straffesparkkonkurransen 4–3
  • Australia – Egypt: Australia starta (med å bomme), Egypt vann straffesparkkonkurransen
  • Nederland – Marokko: Nederland starta (med skåring), Marokko vann straffesparkkonkurransen 3–2
  • Tyskland – Paraguay: Tyskland starta (med å bomme), Paraguay vann straffesparkkonkurransen 4–3

Ifølge Opta har berre 65 prosent av straffesparka i VM, enda med mål. Det er mesterskapets laveste treffprosenten på seks tiår.

– Tidlegare har det alltid vore at du skal ta først, og om du skårar først, så har du 60 prosent sjanse for å vinne. Men no er den statistikken nesten snudd på hovudet, seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg om tala.

Keeperen kaster seg for å redde et skudd mens en colombiansk spiller ser på foran et fullsatt stadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FIRE AV FIRE: Årets VM har samtidig sett ein oppsiktsvekkande trend: Laga som har skote først har tapt alle fire straffesparkkonkurransane. Her Davinson Sánchez som bomma for Colombia.

Foto: ALEX GRIMM / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Det er mogleg at det presset med å gå fram der først har vakse og blitt så gigantisk, så spelaren kjenner kanskje ekstra på det at du er den første og ingen har skote enda. Det er litt vanskeleg å seie, men det vil alltid vere sånn då. Om du går fram og skårar på den første, så set du eit vanvitig press på nummer to, og kjem i førarsetet, seier han vidare.

Først eller sist?

Så kva skal du velje om du vinn myntkastet? Colombia vann myntkastet mot Sveits. Då valde Colombia-kaptein, Davinson Sánchez, å rope bort målvakt Camilo Vargas.

Colombia valde å starte først i straffesparkkonkurransen, men tapte til slutt mot Sveits.

– Det er jo interessant at dei ikkje hadde ein plan for om dei skal velje å skyte som éin eller to. Det fortel oss at dei ikkje hadde førebudd straffekonkurransane spesielt detaljert, meiner Jordet.

Løkberg har eit klart råd i tilfelle Noreg-kaptein Martin Ødegaard skulle vinne myntkastet.

– Eg vil framleis rå til, om du vinn det myntkastet, at du bestemmer for å ta først. Og så må du sende fram din beste spelar. Det er det mange gjer feil. Ein må sende fram sin sikraste og beste straffeskyttar først, meiner Løkberg.

Noreg har aldri spelt ein straffesparkkonkurranse med herrelandslaget. I VM-kvartfinalen mot England laurdag kan det skje for aller første gong.

For England er historia ein heilt annan. Engelskmennene har fleire gonger opplevd smertefulle meisterskapstap frå elleve meter.

I VM har England vore involvert i fire straffesparkkonkurransar. Dei tapte mot Vest-Tyskland i semifinalen i 1990, mot Argentina i åttedelsfinalen i 1998 og mot Portugal i kvartfinalen i 2006.

Fotballkeeper redder skudd fra Steven Gerrard under en straffekonkurranse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

UTE: Steven Gerrard under straffesparkkonkurransen mot Portugal i VM-kvartfinalen i 2006. England rauk ut frå elleve meter.

Foto: JOSE MANUEL RIBEIRO / X00727,NTB

Først i 2018 kom den etterlengta VM-sigeren frå elleve meter, da Colombia blei slått 4–3 i åttedelsfinalen.

Solbakken: – Må skrive om boka si

Landslagssjef Ståle Solbakken meiner også årets VM har vist kor krevjande straffesparkkonkurransar har blitt.

På spørsmål om kor ofte Noreg trenar på straffer, svarer han:

– For kvar dag som går, så står vi sterkare der. Dersom det er øving. Men eg trur Geir Jordet må skrive om boka si nå. Eg trur det må komme ny forsking etter dei siste meisterskapane, seier Solbakken.

Portrett av fotballtrener Ståle Solbakken med hvit caps. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

KLAR TALE: Landslagssjef Ståle Solbakken meiner årets VM har vist kor krevjande straffesparkkonkurransar kan vere.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Det viser jo kva press og kva trykk det er. Det er mykje rart på straffer, seier landslagssjefen vidare.

Keeper i grønn drakt kaster seg for å redde en fotball foran et stappfullt stadion. Illustrasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

REDNING: Ørjan Nyland varta opp med ei strafferedning mot Brasil. No kan han få ei nøkkelrolle dersom kvartfinalen mot England går til straffesparkkonkurranse.

Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB

NRK-ekspert Løkberg meiner Erling Braut Haaland bør ta Noregs første straffe.

– Erling skal skyte først, Martin Ødegaard skal vere nummer to. Eg vil ha Sander Berge på nummer tre. Thelo Aasgaard skal inn og skyte straffe, seier Løkberg.

Samtidig vil han unngå spelarar som speler ein spesifikk posisjon.

– Midtstopparane bommar heile tida i denne meisterskapen her. Hald midtstopparane unna, seier han.

Publisert 10.07.2026, kl. 13.50

Read Entire Article