VM-vinnar opnar opp etter Opseths vektproblem: – Eg har kjent det same

1 month ago 47



– Eg kjenner til dei problema, for eg har kjent på det sjølv òg. Det er aldri lett å finne den rette vekta.

Det seier Katharina Schmid til NRK under Trondheim-VM. Ho har fått med seg at Silje Opseth delte sine problem med vekt tidlegare i februar.

Schmid har blant anna fleire VM-gull og medaljar frå OL. Nå opnar ho sjølv opp om eigne problem overfor NRK.

For tyskaren har også følt at ho er «for stor» i hoppmiljøet.

– Ja. Eg har kjent det same. Eg er veldig liten, så eg skjønner dersom det kan vere vanskeleg å forstå. Men ja, eg kjenner den kjensla, det er vanskeleg, seier ho.

Verdenscup RAW AIR i Holmenkollen HS 134

VINNARAR: Katharina Schmid, Silje Opseth og Eirin Maria Kvandal under RawAir i Holmenkollen i fjor.

Foto: NTB

– Gjer så godt eg kan

Den tyske 28-åringen har blant anna fleire VM-gull, og medaljar frå OL. Schmid, som er lågare enn Opseth, forklarer at problemet ligg i muskelmassen.

– Eg har litt for mykje musklar, og for mykje vekt. Men eg gjer så godt eg kan for å gå ned litt i vekt på ein sunn måte, seier ho og held fram:

– Eg veit at eg ikkje er den lettaste i feltet, men eg veit også at eg er god nok til å hoppe langt sjølv om eg ikkje er av dei lettaste.

2019 FIS Nordic World Ski Championships

OPNAR OPP: Katharina Schmid tok sølv under VM i 2019. Maren Lundby, som også har fortalt om vektproblem, tok gull.

Foto: Reuters

Ho rosar Opseths val om å opne opp om utfordringane.

– Eg trur det er bra å fortelje historia si. Kanskje det også kjennest bra for ho å snakke om det, og at det gjer det enklare for ho å handtere problema, seier Schmidt.

Blir støtta av fleire konkurrentar

36 år gamle Eva Pinkelnig frå Austerrike er blant pionerane i kvinnehoppsporten. Ho hadde også fått med seg historia til Opseth.

– Det er veldig bra at ho snakkar ope om det. Vi treng meir ærlegdom. Det er mykje falskheit overalt, seier Pinkelnig til NRK.

Pinkelnig meiner det er for mykje fokus på kropp i dagens samfunn, spesielt gjennom sosiale medium. Ho meiner at Opseth er eit førebilde for kvinner.

STØTTER: Eva Pinkelnig (til venstre) støttar Silje Opseths val om å fortelje ope. Her saman med Katharina Schmid og Anna Odine Strøm under Planica-VM i 2023.

Foto: AFP

– Vi må snakke om kampane som går føre seg. At ho er open om sine problem, viser også til yngre jenter at dei kan klare å overvinne sine problem.

Ho er ikkje den einaste austerrikaren som rosar den norske skihopparen.

– Det var ei veldig god avgjerd av henne å snakke om det. Eg synest det var heilt fint at ho valde å gjere det, seier austerrikske Jacqueline Seifriedsberger.

– Menneske er avgrensa

Pinkelnig, som vann verdscupen samanlagt i 2023, understrekar likevel at skihopping ikkje er for alle.

– Menneske er avgrensa. Eg kan ikkje vere volleyballspelar eller basketballspelar. Så du må finne sporten du tilhøyrer, du liker, og der du kan lykkast, seier ho og held fram:

– Men det må likevel vere ope, og vi ønsker jo at fleire ulike kroppstypar skal kunne lykkast. Med stega som er tatt dei siste åra, er det ei god retning. Det er alltid noko ein kan forbetre, men FIS jobbar hardt. Vi må berre kommunisere med dei.

NRK la fram Opseths historie overfor Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS) i februar. Du kan lese heile svaret frå FIS her:

Tyske Schmid er også tydeleg på at det er ein fordel å vere lett i hoppsporten, og at ho er fullt klar over det.

– Det er ein del av sporten vi held på med. Så eg trur kvar enkelt må bestemme det som er best for dei, seier Schmid.

Publisert 07.03.2025, kl. 06.24

Read Entire Article