Wales sitt fotball-lag hamna i ei trafikkulykke på veg til trening på St Gallen Arena tysdag, melder BBC.
Ingen blei skadd i ulykka.
Det walisiske landslaget var på veg til trening før kampen mot Frankrike på onsdag, men måtte avlyse treninga.
– Fotball er sekundært, sa trenar Rhian Wilkinson.
Fotballforbundet i Wales bekreftar at landslagsbussen har vore i eit trafikkulykke.
– Vi har prioritert å fjerne spelarar frå staden og returnert til treningsbasen for å fullføre førebuingane før morgondagens kamp.
– Det handlar om å ikkje overreagere – berre passe på at dei er samla og med dei riktige personane rundt seg for å kunne ta avgjerder, sa Rhian Wilkinson på pressekonferansen etter ulykka.