Etter å ha «mista» OL-gullet i fjor, er lysten på å slå rivalane større enn nokon gong.
– Eigentleg har eg aldri hatt ein sesong der eg ikkje har kjent på at eg har veldig lyst til å få det til. Eg har ekstremt lyst til å knuse dei, seier Karsten Warholm til NRK.
For å sikre revansj, gjer trenar Leif Olav Alnes og Warholm noko «uvanleg».
Warholm sine største konkurrentar har allereie sprunge inn til supertider i Diamond League.
Og mens dei denne helga stiller til start under DL-stemnet i Eugene, så møter NRK den norske friidrettsstjerna på Olympiatoppen i Oslo.
For valet er nemleg å køyre to månader utan konkurransar, og ein hardare treningssommar enn vanleg.
– Det er litt uvant. Men vi gjer det i håp om at vi skal kunne få ein konkurransefordel av det. Vi veit ikkje om vi får ein fordel av det, men det er planen vår, seier Warholm.
– Kan få problem
Alt er planlagt til den minste detalj. Warholm starta utandørssesongen tidleg i april med to konkurransar i Kina.
Så følgde to konkurransar i juni. Men nå er det stopp – for ei stund.
– Det er litt uvant. Vi begynte litt tidlegare i år. Og nå tar vi det opp i form av trening.
VM i Tokyo blir nemleg arrangert i september. I staden for august, som VM ofte brukar å bli halden.
SUKSESS: Karsten Warholm følgde same plan da han sikra seg VM-gull på 400 meter hekk i Doha i 2019.
Foto: Lise Åserud / NTBVM i Doha i 2019 var også i september. Da følgde duoen same plan, og Warholm enda opp med å sikre sitt andre VM-gull.
– Det er tøft å halde trykk heilt fram til september, og vi ser det ofte i meisterskap. At dei som startar tidleg og køyrer med god form lenge, kan få problem om dei ikkje får fylt på.
Warholm fortel at den neste konkurransen er Diamond League-stemnet i polske Silesia i midten av august. Den første konkurransen på to månader.
I tillegg planlegg han å delta under DL-finalen i Zürich, før turen går til Tokyo-VM.
– Er ikkje bekymra
Warholm leverte bestenotering i verda med tida 32,67 på 300 meter hekk under Bislett Games i starten av juni.
Hans beste tid på 400 meter hekk så langt i år er 47,28.
Warholms argaste rivalar, som Rai Benjamin, Alison dos Santos og Abderrahman Samba, har allereie sprunge fleire konkurransar i sommar. Og skal konkurrere meir.
Både Benjamin og dos Santos har sprunge konkurransar på under 47 sekund i år. Samba har også sprunge raskare enn Warholm så langt.
– Eg tenker ikkje at eg har fått ut nivået mitt på 400 hittil i år. Så eg lèt meg ikkje stresse av det på nokon måte. Eg trur vi har ein god plan, og vi skal prøve å følge han og sjå kor det ber hen. Eg er ikkje bekymra for det foreløpig, seier Warholm.
Publisert 05.07.2025, kl. 12.50