1800 tilsette i Helse Møre og Romsdal har mista tilgang

7 hours ago 3


Ein feil i eit system førte til at 1800 tilsette i Helse Møre og Romsdal har mista tilgang til å logge på kjernejournal, signere sjukemeldingar og e-resept.

Etter kvart fekk ein opp ei avgrensa løysing med pålogging til Helseplattforma med BankID, men med funksjonar som mangla.

– Feilen vil ikkje få konsekvensar for pasientbehandlinga, bedyrar medisinsk e-helsesjef Henrik Erdal i Helse MR.

NRK ventar på svar på fleire spørsmål frå Helse Møre og Romsdal.
Helseplattformen har ikkje svart på våre henvendelser.

Som følgje av feilen må dei 1800 tilsette få nye tilgangskort. For å få nytt kort må tilsette ta med pass eller nasjonalt ID-kort på jobb.

1800 mista tilgangen

Foto: Tipser / NRK

Publisert 31.10.2025, kl. 18.46 Oppdatert 31.10.2025, kl. 18.59

Read Entire Article