2 milliardar er brukt på planlegging – no kan alt enda i ei skuff

2 months ago 19


Eit av dei største samferdsleprosjekta i Noreg.

Slik presenterer Statens vegvesen sjølv Hordfast-prosjektet på sine sider.

Den ferjefrie forbindelsen mellom Vestland-kommunane Stord, Bjørnafjorden og Tysnes skal redusera reisetida mellom Stavanger og Bergen med over éin time.

Prislappen er på godt over 40 milliardar kroner. Men om det vert noko av er heilt i det blå.

40 milliardar er langt meir enn den mykje omtalte Blix-tunnelen i Akershus, og det hittil dyraste vegprosjektet i Noreg, Sotrasambandet utanfor Bergen.

E39 mellom Bergen og Stavanger, her ved Jektavik på Stord

Å susa mellom Bergen og Stavanger på ned mot to timar, og utan ferje, har vore ein draum for lokale politikarar på Vestlandet i mange år. Men no kan draumen vera parkert i lang tid.

Foto: NRK

To ferjestrekningar skal vekk. I staden skal fjordane verta kryssa med to svære bruer.

– Dette er Vestlandet sitt intercity, meiner utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Å binda Stavanger og Bergen saman utan ferjer er ein framtidsdraum for fleire politikarar. I dag er det to ferjer på strekninga, og køyretida er om lag 5 timar.

Raudt ser raudt

I lang tid har Statens vegvesen planlagt prosjektet. Og no er dei i sluttspurten.

I desse dagar skal dei levera inn ein statleg reguleringsplan til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Prislappen – berre på planlegging – var allereie i fjor vinter kome opp i 2 milliardar kroner.

For dei pengane er det ikkje bygd ein einaste centimeter veg.

NRK har spurt Samferdsledepartementet om oppdaterte tal. Det har dei ikkje.

Og no går heile prosjektet ei usikker framtid i møte.

Då Nasjonal Transportplan vart banka igjennom i Stortinget i fjor vår, var ikkje prosjektet lenger prioritert.

Fleire parti vil at dette skal vera fasiten også i framtida.

– Dette er sløsing med offentlege midlar, seier Sofie Marhaug (R), som no vil at heile prosjektet skal verta skrinlagt for godt.

  • Sofie Marhaug frå Rødt står på talarstolen på Stortinget

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Sofie Marhaug (R):

    Dette er sløsing med offentlege midlar. Hordfast er eit elendig prosjekt fordi det raserer naturen. Skal me ta forpliktingane på alvor når det kjem til natur bør heile prosjektet verta skrota. Meldinga frå Stortinget er også klar: Hordfast har ikkje prioritet.

    Det er ein haug med andre, prioriterte prosjekt for både rassikring og kollektivtransport som bør koma framfor i køen.

  • Liv Kari Eskeland, Høgre. Ved flyplassen

    Olav Røli

    Liv Kari Eskeland (H):

    Teknisk er dette eit prosjekt vi ikkje før har hatt i Noreg, og et har vore fleire utgreiingar før ein har landa ned på endeleg resultat. Det betyr at det er godt gjennomarbeidd, men også at det har kravd ekstra ressursar. Høgre er for å bygge Hordfast.

    Reguleringsplanen skal ferdigstillast, deretter skal prosjektet kvalitetssikrast, ut på anbod, før oppstart. Men dette krev Høgre i regjering.

  • Marthe Hammer (SV) holdet på Voss etter bilkonvoi

    Gerd Johanne Braadland / NRK

    Marthe Hammer (SV):

    Over to milliard berre i planleggingsmidlar er skremmande tal. Spesielt skremmande er det at ein har framleis planlegginga trass i at Hordfast ikkje vart prioritert i Nasjonal Transportplan. Me må sikra framkjømd og trygge vegar i staden for slike gigantiske monsterprosjekt. Planlegginga av Hordfast og ambisjonane om Bergen-Stavanger på to timar, må verta skrinlagd. Dei er heilt vanvitige.

  • Helge André Njåstad, ein mann med skjegg står føre Stortinget og ser inn i kamera

    Nadir Alam / NRK

    Helge André Njåstad (Frp):

    Dette er eit stort og viktig prosjekt som er godt planlagd og som visar oss at det er samfunnsøkonomisk lønnsamt å byggja. Det er også ei investering for landet. Både planleggingsmidlane og midlar til prosjektet gode investeringar.

    Eit nytt fleirtal på Stortinget må fullføra reguleringsplanen, og fremja proposisjon til Stortinget slik at det vert «point of no return».

  •  Sigbjørn Gjelsvik

    William Jobling / NRK

    Sigbjørn Gjelsvik (Sp):

    Det har vore sett i gang omfattande planlegging av for mange store prosjekt samstundes. Langt fleire enn skiftande regjeringar har funne rom til å setja i gang bygging av. Samstundes har det over tid vorte løyvd alt for lite pengar til å ta vare på det vi har.

    I regjering har Sp sikra oppstart av fleire vegprosjekt i Vestland. Ved neste rullering av NTP kan Hordfast verta vurdert.

  • Ingunn handagard – pressesjef NAF

    NAF

    Ingunn Handagard, pressesjef NAF:

    Pengebruken er ein skandale, og ein enorm sløsing med ressursar.

    2 milliardar ville ha vore eit viktig bidrag til naudsynt vedlikehald av fylkesvegar. Me har forståing for at ein må planleggja og prosjektera vegprosjekt, og Hordfast er ikkje det einaste prosjektet som har forsvunne inn og ut av planane. Dette peiker på ei større problemstilling om korleis me planlegg store utbyggingsprosjekt.

  • Kjell Werner Johansen, assisterende direktør i Transportøkonomisk institutt.

    Ukjent

    Kjell Werner Johansen, ass. direktør Transportøkonomisk institutt

    Arna-Stanghelle vil krevja så mykje i fleire år, at det neppe er plass til Hordfast.

    I tillegg vil det at ein skal leggja til retta for å bevara natur og areal i vidare utbygging, vera noko som kan redusera kor sannsynleg det er at Hordfast vert bygd.

    Fleire har meint at fleire E39-prosjekt, som Hordfast, Møreaksen, og Rogfast, er overdimensjonert ut ifrå dagens trafikktal.

  • Pål Kårbø KrF

    FOTO

    Pål Kårbø, dagleg leiar E134 Haukelivegen

    Eg meiner me må sjå om me kan få til ei god kopling til E134, samstundes som me får ei god løysing på ferjefri kyststamveg.

    Det er knappe midlar, og det gjeld å få mest mogleg igjen for pengane. Klarar me å kombinera europaveg gjennom t.d indre strok av Hordaland inn mot Bergen, så kan det vera store summar å spara.

    Me må inn og vurdera andre løysingar, og kunnskap svekkjer aldri ei avgjerd.

Vegvesenet: Eit av dei viktigaste prosjekta i Noreg

Davik i Vegvesenet forsvarar pengebruken. Mellom anna med at prosjektet er teknologisk komplisert.

– Dette er det mest omfattande prosjektet me nokon gong har planlagt. 75 prosent av planleggingskostnadane er teknologiutvikling, seier Davik, som i slutten av januar var gjest på ein vegkonferanse i Aksdal i Rogaland.

I 2033 kan ein køyra ferjefritt frå Aksdal og Haugesund til Stavanger på under éin time når den undersjøiske tunnelen Rogfast står ferdig.

Davik meiner det må bli ferjefritt heile vegen mellom Stavanger og Bergen.

– Hordfast er det mest lønsame prosjektet me har i Noreg, meiner Davik.

Han avviser at prosjektet no er skrinlagd for godt.

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdsledepartementet skriv i ein kommentar til NRK at regjeringa har lagt opp til at reguleringsplanen for prosjektet skal verta fullført.

«Dette vil gje det beste grunnlaget for å vurdera prosjektet ved ein seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillèt det», heiter det.

Pressesjef Ingunn Handagard i NAF, som er kritiske til prosjektet, meiner dette peikar på eit større problem med vegbygging i Noreg.

– Hordfast er ikkje det einaste prosjektet som over tid har forsvunne inn og ut av planane. Den større problemstillinga er korleis me planlegg store utbyggingsprosjekt som ofte vert gjenstand for politisk hestehandel, seier ho.

Første salve frå Kvitsøy Rogfast.

I Rogaland vert det bygd ein over 20 kilometer lang undersjøisk tunnel.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Må knusa egg for å laga omelett

I ein rapport utført av Osloeconomics og Norconsult, som vart presentert tidlegare i månaden, heiter det at store bu- og arbeidsmarknadar har stor effekt.

Dei viser mellom anna til utbygginga av E6 mellom Oslo og Svinesund, som ifølgje rapporten har auka verdiskapinga og pendlinga til og frå Oslo og Bærum.

– Me må få dei same rammevilkåra som dei har på Austlandet, elles vil me tapa konkurransen. Dei har også jernbane parallelt med sine motorvegar, noko me ikkje har. Då må me i det minste ha effektiv veg, seier Øyvind Halleraker, dagleg leiar i selskapet Stavanger2Bergen (tidlegare Hordfast AS).

I mange tiår har han kjempa for ferjefri veg mellom Bergen og Stord, og vidare til Stavanger.

Han er fullt klar over at prosjektet gjev store naturinngrep.

– Men for å bruka eit bilete: Ein må knusa nokre egg for å laga omelett. Og eg trur ingen politikarar på Vestlandet vågar å skrinleggja dette prosjektet. Elles kjem Bergen og gamle Hordaland til å hamna i bakevja, meiner han.

Øyvind Halleraker, pådrivar for Hordfast. No leiar for organisasjonen Stavanger2Bergen.

Øyvind Halleraker meiner det er håplaust å ha fleire ferjer mellom Bergen og Stavanger. Og at Vestlandet må verta bygd saman.

Foto: Olav Røli, NRK

Partiveteran seier blankt nei

Like lenge som Halleraker har kjempa for prosjektet, har ein annan politikarveteran kjempa mot.

Tidlegare stortingspolitikar Kjellbjørg Lunde (SV) har fleire gonger vore i harde debattar med Halleraker.

Kjellbørg Lunde, tidlegare stortingsrepresentant for SV. Aktivt mot Hordfast, og har debattert i mange år.

Kjellbjørg Lunde har kjempa mot ferjefri veg frå heimkommunen i mange år. Ho meiner ho er på parti med framtida når ho seier nei.

Foto: NRK

Ho er sterkt i mot. Både på grunn av naturinngrep, men også for høge bompengetakstar.

– Me har ikkje bruk for eit slikt gigantprosjekt. Det har lege i korta lenge at prosjektet er overdimensjonert, kostar for mykje, og ikkje er noko folk vil ha, meiner ho.

– Trur du nokon vil kalla deg bakstreversk?

– Eg meiner eg er på parti med framtid, medan dei som framleis kavar med dette, er bakstreverske.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post. 

Publisert 14.02.2025, kl. 06.01

Read Entire Article