Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_4ce6d4ce4bb90d02636247ab3e5caf4f, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
7 av 10 vil ha kortare arbeidsveke: – Vi er betre utkvilt - NorwayToday

7 av 10 vil ha kortare arbeidsveke: – Vi er betre utkvilt

5 days ago 16


En lyseblå tegning viser seks figurer som representerer ulike yrker. Fra venstre står en bonde med snekkerbukse og høygaffel, en kvinne i dressjakke og skjørt, en lege med stetoskop og skriveplate, en bygningsarbeider med vernehjelm og hammer, en kokk med kokkelue og kjevle, og en brannkonstabel med hjelm og øks.

Det er ein heilt vanleg torsdag, i ein heilt vanleg by, på eit litt uvanleg kontor.

Det er lunsj, og dei nokre og tjue tilsette trakkar opp trappetrinna til det felles eteområdet.

Her er dei på jobb, 7,5 timar kvar dag.

Men i motsetning til dei aller fleste av oss, kan Antonia Jaryd Johansen og dei andre på Agraff arkitektur i Trondheim ta tidleg helg annakvar veke.

36-åringen har planen klar.

– I morgon skal eg spele sandvolleyball og ta meg ein tur langs sjøen, tenkte eg.

– Ville vere til stor hjelp

I år er det 40 år sidan den moderne arbeidsveka blei avtalt. Sidan har det vore vanleg for mange nordmenn å jobbe 37,5 timar i veka.

7,5 timar, kvar dag, frå måndag til fredag.

Men mange skulle gjerne jobba mindre enn det. Faktisk meir enn 7 av 10 av dei som er i arbeid i dag vil ha kortare arbeidsveke, viser ei spørjeundersøking gjort av Norstat for NRK.

Blant følgarane til @nrknyheter på Instagram er det fleire ulike ønsker om korleis draumearbeidsveka kunne vore organisert.

Svar fra Instagram på spørsmål om drømmearbeidsuka

Ein av dei som drøymer om færre timar på jobb er Malin Partenyi. Ho har to barn, er leiar på eit legekontor i Lærdal med over ein times pendling kvar dag.

– Eg trur det å redusere arbeidstida ville vere til stor hjelp.

35-åringen har vurdert å gå ned til 80 prosents stilling, men har foreløpig slått det frå seg. For henne hadde sekstimarsdag vore draumen.

– Om ein kunne redusert litt på arbeidstida, kunne ein kanskje klart å behalde folk i jobb, og fått ned sjukefråværet. Det kostar jo oss mange, mange millionar.

Kvinne sitter ved pulten. Hun ser i kamera og smiler.

Les bøker og fiskar

Det er nettopp sjukefråværet som fekk Johannes Smidt til å tenke. Han er sjefen til Antonia på arkitektkontoret i Trondheim.

Han synest det er rart at det ikkje er gjort noko med normalarbeidsdagen på 40 år.

– Vi prøver berre å sitte like lenge, og så få dytta inn og gjere enda meir på den same tida. Det er ein dårleg idé, seier han bestemt.

Mann står i dørkarm og smiler

Så for snart to år sidan la han, styret i bedrifta og dei tilsette ein plan. Først testa dei ut firedagars arbeidsveke i eitt år, men det gjekk ikkje rundt økonomisk. Så nå har dei ei «vanleg» veke før dei tar ei firedagarsveke.

Mann se på skjerm.

På arkitektkontoret kallar dei kvar andre fredag for plussdag. Schmidt vil ikkje kalle den ein fridag. For dei tilsette må bruke han til å gjere noko som gir dei auka overskot når måndagen kjem.

– Dei har fridom til å finne ut sjølv kva som gir pluss. Det er éin som kvar fredag står opp grytidleg og drar på klatresenteret. Nokon drar på hytteturar med kompisar. Nokon les ei bok.

Andre bruker delar av dagen til å lære seg noko nytt som dei kan få bruk for i jobben sin, fortel Schmidt.

– Det viktigaste trur eg er at folk har kjent: Det går an å endre arbeidsveka vår. Det går an å gjere noko med koss ein organiserer seg.

Vil ha meir pengar på konto

Det har altså gått 40 år sidan dagens arbeidsveke blei avtalt. Men det har skjedd ting i mellomtida som har gitt oss meir fri, eller mindre tid på jobb. Vi har fått ei femte ferieveke. Fødselspermisjonen har blitt lengre.

Helene Skeibrok er leiar for Fagforbundet. Det er den største arbeidstakarorganisasjonen i Noreg med over 400.000 medlemmer.

Dei har jobba for å gjere arbeidsdagen kortare sidan dagens arbeidsveke blei avtalt i 1986.

– Så er spørsmålet kva ein er villig til å gi for å få ein sånn type reduksjon, seier ho.

Bilde av kvinne med mørkt hår. Bildet er limt på en gul post it-lapp.

Grafikk: Javad Parsa / NTB / NRK

Under lønnsoppgjeret i år var meir fri ikkje prioritert. Og det handlar om den økonomiske utviklinga i Noreg.

– Medlemmene våre melder om at dei har behov for meir pengar på konto, og ikkje meir fritid.

At 7 av 10 vil ha kortare arbeidsveke er eit symptom på at mange synest det er krevjande å stå i full jobb gjennom heile arbeidslivet, meiner Skeibrok.

Enorm lønnsauke

I NHO, ein organisasjon for norsk næringsliv, meiner dei ei enda kortare arbeidsveke, som 7 av 10 oss drøymer om, vil gi store problem.

– Det blir færre timar til bygging, vedlikehald av hus, reingjering, søppeltømming og varelevering. Konsekvensane blir veldig store. Det blir katastrofalt for bedriftene, seier Nina Melsom som er direktør for arbeidsliv og tariff i NHO.

En kvinne med lyst hår. Bildet er limt på en gul post it-lapp.

Grafikk: Fredrik Varfjell / NTB/NRK

Ho understrekar at folk står fritt til å jobbe deltid, om dei vil.

Mange arbeidstakarar, som for eksempel dei med ansvar for små barn, har til og med rett til å jobbe redusert. Men kortare arbeidsveke for alle til same løn er for dyrt, ifølge henne.

– Å innføre firedagarsveke til same lønn vil innebere ein dramatisk lønnsauke. Nå har vi akkurat framforhandla ramma i frontfaget, ho er på 4,4 prosent.

Ei firedagarsveke med same lønn ville gitt ein lønnsauke per time på jobb på 25 prosent, fortel Melsom.

Så firedagarsveke, eller sekstimarsdag har ikkje Noreg råd til, ifølge NHO.

Meiner det er verdt det

Hos Agraff arkitektar er stemninga rundt lunsjbordet god. Dei er snart ferdige med den siste dagen i veka på kontoret. Nokre av dei seier kanskje god plussdag når dei går heim. Andre gløymer seg og seier god helg.

Johannes Smidt seier sjukefråværet blei betre i fjor enn i 2024. Samtidig er han usikker på om han kan stole på statistikken sidan bedrifta er såpass liten.

– Men det er verdt å gjere uansett.

Mann ser ut vinduet

For Antonia skal fredagen starte med volleyball. I tillegg skal ho høyre på eit nettkurs og hente ungane litt tidleg.

– Det har fungert mykje betre enn eg trudde. Vi har jo sett at vi er betre utkvilt og kan yte betre.

Kvinne går ned en trapp og smiler

Publisert 11.05.2026, kl. 05.15

Read Entire Article