– Det er eit mirakel. No er vi heilt overlykkelege og vi er evig takknemleg til dei som har vore ute og leita. Vi vil rette ein stor takk til alle som har bidrege.
Det seier barnebarnet til 83-åringen som har vore sakna. Onsdag kveld er familien samla i Moelv der stemninga er særs god.
– Vi har heile tida hatt trua, men i dag morges var det ikkje like lett å tru på eit lykkeleg utfall. Det har vore varmt lenge, og det er lenge å gå utan vatn. No er vi kjempeletta og det er ubeskriveleg.
Barnebarnet fortel at det nesten ikkje er til å tru at bestefaren er såpass oppegåande etter over to døgn ute.
– Vi lurer jo sjølvsagt på kva som har skjedd og no ventar vi på meir informasjon. Det er uansett eit mirakel.
Frivillige frå fleire redningsorganisasjonar har vore i sving.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKStorstilt leiteaksjon
Heilt sidan mannen vart meldt sakna måndag formiddag har mannskap vore ute dag og natt for å finne mannen.
– Mannen vart funnen av frivillige og er meir oppegåande enn vi frykta. Det er dette vi har jobba for heile tida, og no er det veldig god stemning her, seier innsatsleiar frå Innlandet politidistrikt, Stig Cato Larsen.
På det meste har over 100 personar vore i sving på leiteaksjonen.
– Innsatsen som har vorte lagt ned her er heilt enorm. Det er imponerande at folk prioriterer dette framfor jobb og ferie, seier Larsen.
Stig Cato Larsen, innsatsleiar i politiet
Foto: Politiet / PolitietOnsdag ettermiddag vart mannen funnen av frivillige.
– Ein ambulanse er på veg og inntil da blir han vareteke av redningsmannskap som har helsekompetanse, seier Larsen.
Var oppegåande da han vart funnen
Frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp, og Norske Redningshunder, Sivilforsvaret og Heimevernet har vore i sving.
Både politihelikopteret og SAR-Queen frå Rygge har i tillegg vore brukt i leiteaksjonen, samt drone.
– Han vart funnen i det som vi definerte som søkeområdet vårt. Vi har leitt i eit ganske stort område utifrå Kvernstubrua i Moelv. Da han vart funnen var mannen oppegåande og tilsnakkande, seier Larsen.
Både politihelikopter og SAR-Queen har vore brukt i leitinga.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKOnsdag ettermiddag er stemninga god hjå Larsen og folka rundt han frå kommandoplassen dei har jobba utifrå.
– Det er heilt utruleg den innsatsen som er lagt ned. Vi har jobba utifrå ein søkemetodikk, og vi lykkast til slutt. Vi har heile tida hatt håp om å finne mannen i live. Hjelpa vi har fått her er heilt uvurderleg.
Publisert 23.07.2025, kl. 18.11 Oppdatert 23.07.2025, kl. 19.24