Aalesund klare for Eliteserien

1 hour ago 2


Aalesund er klare for Eliteserien 2026, etter 0–1 mot Bryne på Color Line Stadion, og 4–1 samanlagt.

Laget til nyss kreftopererte Kjetil Rekdal avgjorde allereie i første kamp på Bryne, da dei feide over jærbuane og leia 4–0 til pause.

I kveld var tangotrøyene aldri trua, og det største høgdepunktet for heimefansen var nok da lyset gjekk i andre omgang. Det var borte i 35 sekund før vaktmeisteren fann lysbrytaren.

Eit høgdepunkt for 8.067 tilskodarar da straumen gjekk etter 48 minutt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Bryne sitt mål kom frå Duarte Moreira etter 77 minutt, da Aalesunds Hammer Kjelsen og Nessø rota i dei bakre rekker.

Skotstatistikken viste magre 1–3 på mål etter 90 minutt, og opprykket til Aalesund verka aldri truga. Laget hadde ikkje tapt på ni kampar før dette.

Fotballspillere fra to ulike lag kjemper om ballen i en kamp. Banen er opplyst og tribunene er fulle av tilskuere. Et av lagene har oransje drakter, mens det andre har hvite. Reklamebannere vises i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

For få dagar sidan såg det likevel ytst tvilsamt ut om Aalesund skulle rykke opp.

Eeo-spesialistar

I den første kvalikkampen mot Egersund, låg nemleg AaFK under til to minutt på overtid. Da redda laget ekstraomgangar etter mål av Kristian Lonebu. Der vann dei 3–1.

Til stor jubel for heimefansen, som også hadde med eit banner:

«Fuck cancer. God betring, Kjetil».

En gruppe fans står på tribunen og heier, flere holder fakkelbranner. Banneret "FUXX CANCER GOODE BEDRING, KJETIL!" henger på veggen. Spilleren med draktnummer 45 har ryggen til og går mot ballen. Stadionet er svakt opplyst, og omgivelsene er fullt av tilskuere.

Banner frå fansen i Aalesund: «Fuck cancer. God betring, Kjetil». Sjølv om Rekdal har vore på alle kampane, er han sjukemeld og har ikkje ønska å bli intervjua.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Deretter måtte laget gjennom ny tøff batalje borte mot Kongsvinger.

Det stod 4–4 ved full tid, før skadeplaga Philip Aukland blei helten med 5–4 scoring etter 112 minutt.

Spillere i svarte drakter feirer et mål på fotballbanen. En spiller i rød drakt står stille ved målet. Bakgrunnen viser en stadion med sitteplasser og snø. Det er kveld, og kunstgresset er tydelig synlig.

Aalesunds Philip Aukland med 5–4 på Gjemselund i det 112. minutt.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Klassisk drama-kamp

I år blei det altså ikkje same dramaet som i mange tidlegare playoff-finalar.

I 2019 skåra Martin Ramsland hat-trick på berre seks minutt, snudde 0–4 til 4-3, og sende Start til Eliteserien medan Lillestrøm måtte ned i Obos.

Start rykker opp etter at Lillestørm kollapset.

Start rykka opp etter at Lillestrøm kollapsa.

Foto: NTB scanpix

I 2021 var det tåkekaos under Brann-Jerv:
Brann bomma på to straffer, fekk ein spelar utvist og låg under med to mål da det stod att åtte minutt. Men sjølv ei mirakuløs opphenting var ikkje nok til å halde plassen i Eliteserien – og keeperen til Jerv blei den store helten under straffekonken.

Kvalifisering til Eliteserien 2021

Jerv-keeper Øystein Øvretveit blei til slutt helten under kvalifiseringskampen til Eliteserien mellom Brann og Jerv.

Foto: NTB

I 2023 spelte Kristiansund mot Vålerenga, og Amund Skiri sende sin tidlegare arbeidsgivar ned i Obosligaen.

Tumulter mellom Vålerenga og Kristiansund

Det blei under middels stemning i playoffen mellom Vålerenga og Kristiansund på Intility Arena. KBK-trenar Amund Skiri roleg i midten av tumultane.

Foto: NTB

Gode pengar

Opprykket til Eliteserien er lukrativt for sunnmøringane.

Klubbane i Eliteserien får eit årleg beløp til alle lag på øvste nivå som ikkje deltek i europacupane. Klubbane i 1. divisjon får ingenting av desse pengane.

Ein 10. plass i Eliteserien, plassen AaFKs erkerival Molde fekk, gav til dømes 20 millionar kroner i år. Det er meir enn dobbelt så mykje som det Aalesund fekk for 4.-plassen i 1. divisjon.

En fotballkamp pågår mellom to lag der en spiller i hvit drakt sparker ballen inn på banen. Motstanderen ikledd oransje uniformer står tett på. Stadion er omringet av tilskuere og belysningen indikerer at det er kveld. Reklameskilt er synlige i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Jesper Gregersen på Bryne prøvde hardt mot klubben han rykka opp med.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Nedtur på Jæren

Jesper Gregersen opplevde no å rykke opp med Aalesund, og rykke ned med Bryne – i ein og same sesong. Sarpsborg-spelaren var nemleg lånt ut til AaFK tidlegare i sesongen, og spelte sju kampar før han drog på lån til Bryne.

Bryne berga seg til 14. plass i årets Eliteserie – og dermed kvalifisering.

I fjor spilte både Bryne og AaFK i Obosligaen, og da enda begge oppgjera med Bryne-seier. Laget frå Jæren vant 2–1 på Color Line Stadion, mens det blei 2–0 på Bryne stadion.

Bryne rykte da til slutt opp frå 1. divisjon, men gamleklubben til Erling Braut Haaland rauk altså rett ned igjen.

Publisert 11.12.2025, kl. 20.55

Read Entire Article