– Det har blitt obligatorisk med ei flaske bobler.
Det seier Tina Sivertsen Heimsvik (30), som allereie har vore på Vinmonopolet i Sandnes og handla inn musserande til 17. mai.
Og ho skal i år som åra før, ha «champagnefrukost» saman med venninner på nasjonaldagen.
– Vi har blitt ein fast gjeng der ei inviterer kvart år. Også har det blitt eit fenomen med champagnefrukost.
Tina Sivertsen Heimsvik meiner bobler til frukost på 17. mai høyrer heime.
Foto: privatSjølv om ein kallar det for «champagnefrukost», må det ikkje vere ei flaske champagne på bordet.
– Ofte blir det ei flaske med cava eller prosecco, sidan eg prøver å vere litt meir økonomisk.
På bordet til venninnegjengen til Sivertsen Heimsvik var det fleire flasker med bobler å sjå i fjor.
Foto: privatSivertsen Heimsvik og venninnene er langt ifrå åleine om å drikke bobler på 17. mai.
Aukar mest mot nasjonaldagen
Nasjonale tal frå Vinmonopolet viser at salet for musserande aukar kraftig før den store dagen.
Butikksjef for Vinmonopolet på Maxi Sandnes, Odd-Jarle Nygard ser tydeleg ein skilnad på kva kundar kjøper, når det nærmar seg 17. mai.
Foto: Anniken Kinstad / NRK– Vi ser ein forrykande oppgang mot 17. mai, der alt med bobler aukar mykje, seier Odd-Jarle Nygard, butikksjef for Vinmonopolet ved Maxi Sandnes.
Det er to dagar i året der salet av musserande aukar kraftig. Tala viser salet av musserande i liter i fjor.
Foto: VinmonopoletNasjonaldagen og nyttår er dei to største dagane for musserande.
Og sommaren med mykje bryllaup og feiringar av enda studium, toppar også statistikken.
Men det er tydelege skilnadar i kven som kjøper mest musserande. I fjor var det fem Vinmonopol på Vestkanten i Oslo, som stod for 30 prosent av salet.
Vel bobler til feiring
– Det har alltid vore tradisjon å drikke bobler, men sidan år 2000 har det tydeleg endra seg, seier Nygard.
Grafen viser kor mykje nordmenn kjøper av musserande i liter per år.
Musserande liter per år har hatt ei klar auke sidan 2000.
Foto: Vinmonopolet– Det er rundt åtte gonger så mykje som før, seier Nygard
Vinekspert og journalist Ingvild Tennfjord meiner me har endra preferansar, når det kjem til kva ein vel frå hylla.
– Nordmenn har bevegd seg frå vere ein øl- og sprit nasjon, til å gli over til meir tung raudvin. Men no ser vi eit nytt skifte, der folk ofte vel bobler og kvitvin, seier Tennfjord.
Det er heller ikkje tilfeldig at bobler gjeld når ein feirar nasjonaldagen.
Ingvild Tennfjord er vinekspert og journalist. Ho hyllar unge som vel meir alkoholfritt.
Foto: privat– Champagne blir assosiert med feiring, luksus og kjærleik. Om ein har noko å feire set lyden av korken som spretter ei stemning, seier Tennfjord.
Fleire kjøper alkoholfritt
Sjølv om musserande er blitt meir populært, ser også Vinmonopolet ein annan sterk trend.
Dei sel meir av alkoholfrie variantar, og fleire vel flasker med mindre prosent. Der er særs dei unge under 35 år representert.
– Fleire unge har fått auga opp for påverknaden alkohol har, så ungdommen lærar dei eldre noko nytt og det er veldig fint, seier Tennfjord.
Champagne blir sett på som eit luksusprodukt. Og det er den hylla dei fleste går til når det nærmar seg 17. mai.
Foto: Anniken Kinstad / NRKPublisert 17.05.2025, kl. 08.10