Amalie (28) åtvarar mosjonistar mot syndrom: – Ubevisst ting som skjer med mange

1 day ago 2


– Grunnen til at eg vel å vere open om det er på grunn av at det kan vere ein heilt ubevisst ting som skjer med mange.

Det fortel friidrettsutøvar Amalie Sæten til NRK. Ho er ein av Noregs beste mellomdistanseløparar, men tilbake i 2020 merka ho over tid at noko var gale.

– Eg var ikkje flink nok til å lytte til signala, og det skjedde heilt ubevisst. Det var noko som berre skjedde. Eg hadde ikkje kontroll på det.

I 2019 hadde ho akkurat flytta frå Kristiansand til Oslo. I tillegg til satsing på friidrett, så studerte ho til å bli sjukepleiar.

Det var i den perioden ho kjente at ting ikkje var som det skulle.

– Eg kjente meg sliten. Eg sov lite, det blei ekstra stress for kroppen, og plutseleg klarte eg ikkje å henge på utøvarane på trening, som eg vanlegvis klarte å henge på.

Amalie Sæten

TUNG TID: I 2019 forstod ikkje Amalie Sæten kva som gjekk gale.

Foto: Privat

For stor totalbelastning

Beskjeden frå ernæringsfysiologen var klar: Sæten hadde klare symptom på Reds.

– Eg var glad for å finne ut av det, men samtidig blei eg veldig sjokkert.

Ein Reds-diagnose er ei samling av symptom og funn som kjem av vedvarande eller gjentatte episodar med for lågt energiinntak i forhold til behovet til kroppen.

Då Sæten var i praksis som sjukepleiar hadde ho éin økt mindre om dagen, men same energiinntak.

Amalie Sæten

I VM: Amalie Sæten representerte Noreg under VM i Budapest i 2023.

Foto: NTB

Grunnen til at Reds-beskjeden kom overraskande på friidrettsutøvaren, var at ho sjølv følte at ho åt veldig mykje.

– Det var jo ikkje noko bevisst val å ete lite. Dagen gjekk så fort unna. Eg fekk ikkje tid til å tenke på det, fortel ho.

Og det er der Sæten trur at problemet ligg: At det blir for travelt, for lite søvn, og at ein gløymer å fylle på med nok energi.

–Totalbelastninga blei så sjukt stor. Normalen for kva du et må endrast om du endrar det som skjer rundt eller om du trenar meir.

Amalie Sæten

BLEI FOR MYKJE: Amalie Sæten skjønte ikkje sjølv at energiinntaket blei for lågt.

Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

Vil hjelpe andre

Ho tok ei DXA-måling, og samanlikna ho opp mot ei tidlegare måling. Beintettleiken i ryggen var redusert.

– Det kan til slutt gi stressreaksjon og brot, og det er jo ikkje noko ein ønsker. Så det var berre å sette i verk alle tiltak for å komme i balanse igjen, rett og slett. Dersom det går for langt, så kan du også på den målinga etter kvart få redusert muskelmasse.

Sæten er opptatt av å gjere tydeleg forskjellen mellom spiseforstyrringar og Reds. For ho har aldri bevisst ete lite.

– Det er derfor eg vil vere open om det, for å kanskje hjelpe andre som kanskje ikkje et nok.

Ho påpeikar også at ein må ete rett. Eit variert kosthald, som dekker for energibruken. Ho oppfordrar folk til å dra til ernæringsfysiolog.

– Sjølv om du ikkje har nokon problem, men berre tørre å vite at det du gjer er rett. Eg trur det er ganske stort rom for optimalisering.

Her er fire råd frå Sæten:

  • _DSC0641

    Brede Bleiklie Thomassen / NRK

    Få i deg frukost

    – Et ein god frukost før du spring. Uansett kor tidleg det er. Ha med mellommåltid. Planlegg når siste måltid før økt skal vere.

  • _DSC0640

    Brede Bleiklie Thomassen / NRK

    Ver bevisst, men ikkje skjematisk

    – Ver bevisst på måltidsrytme. Frukost, lunsj, gjerne lunsj nr. to, middag, kveldsmat og mellommåltid. Pluss restitusjonsmåltid. Det er alfa og omega.

  • _DSC0631

    Brede Bleiklie Thomassen / NRK

    Et riktig

    – Ei felle er at folk tror dei er flinke når dei et berre sunt. Men då må du i så fall ete veldig mykje. Ein må også få nok fett, karbohydrat og protein.

  • _DSC0624

    Trond Stenersen / NRK

    Ikkje overtenk

    – Ikkje overkompliser akkurat kva du et, men få i deg meir enn du trur du treng. Du skal ikkje tenke på vekt, men sørge for at du har nok energi.

Åtvaring til mosjonistar

Sæten meiner det er viktig å rette merksemda mot dette ettersom dette kan gjelde fleire enn unge friidrettsutøvarar.

– Eg trur det gjeld veldig mange løparar, også mosjonistar. Eg trur dette er utruleg vanleg når dei aukar treningsmengda, kjem i form, og eigentleg ikkje skjønner kor mykje mat dei skal ete. Det er heilt sjukt kor mykje mat ein treng.

– Og det trur eg ikkje ein forstår før du nesten har gått på ein smell. Så eg seier det her for at eg trur veldig mange der ute kan springe mykje betre om dei får kontroll på det her tidleg.

FOLK SPRING: Løpsinteressa er stor i Noreg. Rekordmange lag var påmelde til Holmenkollstafetten i Oslo i mai.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

28-åringen hadde jamlege samtalar med ernæringsfysiolog, og fann derfor ganske kjapt ut av grunnen til problemet.

Det var heilt avgjerande for karrieren, seier ho sjølv.

– Hadde eg ikkje tatt tak i det tidleg, hadde eg hatt masse stressreaksjonar og fått meir problem på sikt. Det er eg ganske sikker på. Og etter det har eg halde meg skadefri, og klarer å takle treningsmengda utan problem.

Dette bør du gjere

Monica Klungland Torstveit er medlem i den internasjonale olympiske komiteen si (IOC) ekspertgruppe på tematikken Reds.

Ho understrekar at det ikkje finst forsking som kan underbygge framkomsten av Reds hos mosjonistar.

– Men erfaringa mi er at dette også kan oppstå hos mosjonistar som aukar treningsmengda og kor dei ikkje samtidig tar omsyn til energiinntaket, seier ho til NRK.

Råd frå Torstveit:

  • Innhent kunnskap

    • Innhent kunnskap om REDs symptom, vekst og utvikling og idrettsernæring.
  • Heilskapen er viktig

    • Heilskapen er viktig – ta hensyn til totalbelastninga.
  • Skap rom for inntak av mat/drikke

    • Skap rom for inntak av mat/drikke. Mellom skule/jobb og trening, undervegs i treningsøkta, i garderoben etter trening.
  • Ver tolmodig

    • Ver tolmodig. Spesielt i pubertetsfasen.

IMG_6335_1

EKSPERT: Monica Klungland Torstveit er professor i idrettsvitskap ved fakultetet for helse og idrettsvitskap hos Universitetet i Agder.

Foto: Privat

Torstveit er einig med Sæten i at det ikkje nødvendigvis er rett å berre ete sunt, og legg til nokre hovudpunkt:

– Et nok i forhold til det du trenar.

– Et variert (gjerne fire hovudmåltid og eventuelt mellommåltid/restitusjonsmåltid ved behov).

– Et variert (tallerkenmodellen kan vere ein god modell å nytte kor han kan variere avhengig av type treningsdag ein har).

– I tillegg vil eg gjerne slå eit slag for karbohydrat, då vi erfarer at for mange utøvarar ikkje får i seg nok karbohydrat, spesielt knytt til treningsøktene.

Nytt prosjekt

Sæten er ambassadør for kvinneprosjektet til Friidrettsforbundet som heiter «Hun satser».

Veslemøy Hausken Sjöqvist er ansvarleg for prosjektet, og synest det er flott at Sæten fortel historia si.

– For vi veit jo at det gjeld veldig mange. Og dette trur eg kan hjelpe andre til å få opp auga litt. Vi må tenke på det. Og vi må passe på å få i oss nok mat. Det er ein liten jobb, seier Sjöqvist til NRK.

Ho vil også åtvare mot at ein ser på kosthaldet som ein teknisk ting. At det ikkje handlar om å berre bli mett, og at det ikkje hjelper å berre få i seg ei gulrot.

– Bodskapen er: Spis nok. Og denne historia gjer at kanskje fleire skjønnar kor viktig det er. Å lage dei gode rutinane sine, gode matvanar, ete ofte nok. Det er rett og slett fordi det rammar så mange, seier ho.

Stills av Veslemøy Hausken Sjöqvist

SPIS NOK: Veslemøy Hausken Sjöqvist frå Norges Friidrettsforbund.

Foto: Harald Endre Thingnes / NRK

Iuels oppfordring

Friidrettsprofilen Amalie Iuel er glad for at Sæten vel å snakke om problemet, som ho trur fleire kan kjenne seg igjen i.

– Først og fremst tenker eg at det er ei utruleg viktig sak. Eg anbefaler jo alle, om ein har høve til det, å oppsøke ernæringsspesialistar og kartlegge litt kva ein har behov for, seier Iuel til NRK og fortset:

– Ein må vere ærleg om totalbelastninga på kroppen, og korleis ein då kan få hjelp til å eigentleg vite kor mykje ein treng for å komme seg gjennom sånne dagar.

Iuel påpeikar at det ikkje hjelper å berre ete seg mett, men at ein må vere klar over kva kroppen eigentleg treng.

– Det er veldig viktig å få i seg nok karbohydrat, protein og feitt. Alle dei faktorane er veldig viktige for å ha ein sunn og frisk kropp som kan fungere optimalt til trening og livet elles.

Amalie Iuel Lakeri ertzgaard

VERDSMEISTRAR: Lakeri Ertzgaard og Amalie Iuel er tilbake i Oslo etter bragda i Botswana.

Foto: Dag Robert Johansen / NRK

Lakeri Ertzgaard vann nyleg gull i stafett-VM saman med Iuel. Ho kjenner seg igjen i Sætens beskrivingar.

– Ein ønsker å strekke til på alle arenaer, og da er det ikkje alltid lett å ha det energioverskotet som ein treng for å drive toppidrett, seier Ertzgaard til NRK.

Ho synest det er fint at Sæten står fram.

– For det er ikkje alltid så lett å strekke til overalt. Det er har også med tid å gjere. Dette med energiinntak, nok mat og nok kvile, fordi dagane går i eitt, seier ho.

Publisert 14.05.2026, kl. 10.13

Read Entire Article