Amnesty skuldar Israel for folkemord: «Ein langsam og kalkulert død»

5 months ago 27


Det israelske forsvaret (IDF) forsvarer sivile tap i krigen med at Hamas skjuler seg blant sivile, og hevdar at krigføringa kan vere rettferdiggjort gjennom deira militære mål, som er å «knuse Hamas». Dei kallar det for sjølvforsvar.

Amnesty har i ein ny, omfattande rapport konkludert med at IDFs påstandar ikkje er truverdige, og hevdar at Israel også har andre intensjonar. Dei skuldar Israel for å drive folkemord mot palestinarane.

Menneskerettsorganisasjonen har analysert digitale bevis og innhenta informasjon frå felt. Dei konkluderer med at ein folkemordsintensjon er «den rimelegaste konklusjonen».

Det vil seie at Israel med hensikt utfører handlingar med mål om å utslette heile, eller delar av, den palestinske befolkninga på Gazastripa.

– Israels intensjon er fysisk øydelegging av palestinarane i Gaza, anten parallelt med, eller som eit middel for, å oppnå deira militære mål om å utslette Hamas.

Det seier generalsekretær i Amnesty International, Agnès Callamard.

Organisasjonen har gått gjennom fleire angrep på Gazastripa i perioden mellom 7. oktober og juli i år, og meiner at fleire av dei ikkje kan koplast til militære mål.

Amnesty drar fram IDFs evakueringsordrar til såkalla «trygge soner» som så blir bomba, som bevis for at Israel bevisst prøver å påføre palestinarane umenneskelege levevilkår.

folk står i matkø

Palestinske barn står i kø for å få suppe i Khan Younis 24. november i år.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

I tillegg har Amnesty analysert over 100 fråsegn frå israelske tenestemenn, og viser til at 22 av dei direkte rettferdiggjer eller oppmodar til handlingar som svarar til folkemord.

Det israelske forsvaret (IDF) skriv til NRK at skuldingane i rapporten er «grunnlause», og at dei følger folkeretten samtidig som at dei jobbar for å nå sitt mål, som er å utslette Hamas' infrastruktur.

«Uuthaldelege levevilkår»

Bombing av kritisk infrastruktur har gjort at palestinarane på Gazastripa ikkje har tilgang til elektrisitet, reint drikkevatn og gode sanitetsforhold.

Mange lever omringa av søppel, og tusenvis av menneske kan dele på eitt toalett.

Israels strenge blokade av området har ført til at særs lite naudhjelp har komme inn.

– I fleire månader har Israel behandla palestinarane i Gaza som ei umenneskeleg gruppe utan rett til menneskerettar og verdigheit, noko som demonstrerer deira intensjon om å fysisk utslette dei, seier Callamard.

Amnesty meiner at Israel utset palestinarane for ein «langsam og kalkulert død».

Barn og vaksne flykter

Ein gut flyktar frå Beit Lahiya til Gaza by nord på Gazastripa i oktober i år.

Foto: Omar Al-Qattaa / AFP

Generalsekretær i Amnesty Noreg, John Peder Egenæs, seier til NRK at formålet med rapporten er å stanse eit pågåande folkemord.

– Vi har ikkje lenger trua på at Israel kjem til å stanse på eigehand, så vi ønsker å få fleire statar til å handle.

mann og kvinner fjerner vatn frå telt

Amnesty viser til IDFs evakueringsordrar til såkalla «trygge soner» som bevis for at palestinarane blir påførte mentale og fysiske skadar.

Foto: AFP

Skuldingar frå fleire hald

For eitt år sidan blei Israel klaga inn til FN-domstolen ICJ i Haag av Sør-Afrika, med skuldingar om at Israel har utført handlingar som svarar til folkemord på Gazastripa.

Fleire land har stilt seg bak Sør-Afrika, mellom anna Spania, Irland og Belgia.

I mai bad ICJ Israel om å stanse sine militæroperasjonar sør på Gazastripa for å beskytte sivile, noko Israel ikkje gjorde.

Sjølv om ICJ har komme med fleire krav til Israel, vil det ta fleire år før domstolen kjem med ein endeleg dom.

– Det er viktig å fastslå at folkemord skjer medan det går føre seg, for å forsøke å stoppe det. Og ikkje vente til det er over og fastslå det for ettertida. Det reddar ingen liv, seier Egenæs.

Publisert 05.12.2024, kl. 07.03

Read Entire Article